Gå til hovedinnhold

Innlegg

Har Lorentzen forskningsdata som beviser at Eia er i førtiårskrisa? I såfall, biologiske eller kulturbetinga?

Lorentzen, eg må dessverre legge an ein litt nedlatande tone all den tid det er denne tonen du sjølv opptrer i... Vi veit at du er ein tullete kjønnsforsker, men seriøst. Ikkje gidd å angripe Harald Eia for å vere i førtiårskrisa . Var det ikkje du som fornekta biologien? Da veit du jo at førtiårskrise ikkje finst i ditt univers. Alder er nemlig biologisk. Vi blir eldre, biologien forandrar seg, vi kjem i ehh... krise?? Eller meiner du alder er kulturelt betinga? I nokre samfunn blir vi gamle, i andre ikkje? Og her til lands kjem vi i kriser frå tid til anna, eller har du data på at dette skjer over alt? Så kjære Lorentzen, kan du forklare Harald Eias førtiårskrise som biologi eller som kultur? Og meiner du, Lorentzen, at du har faglig belegg for å trekke fram Eias skillsmisse i ein debatt på TV? Og er grunnlaget ditt i såfall kultur eller biologi eller statestikk, eller er du rett og slett berre like usaklig og uinteressant og aggressiv og uinteressert i debatt som det du alltid fram...

Målfolka må komme seg ut av reservata sine (kven har ikkje tenkt det?)

Du er kritisk til det arbeidet målrørsla gjer? Det verkar som om dei ikkje er heilt klar over kva for samfunn vi lever i. Sett på spissen: målfolka held seg helst til reservata sine. Skal nynorsken klare seg, må dei ut derifrå. I di eigen språkbruk stiller du deg nokså fritt til normer og rettskrivingsreglar? Eg brukar dei orda eg treng. Når eg er i stuss, går eg fote tilbake til min eigen dialekt og spør kva som vil vere den naturlige uttrykksmåten der. I rettskrivingsspørsmål må vi vere tolerante. Vi må godta at språket vårt er i endring, de vil det nødvendigvis vere i eit samfunn som endrar seg så raskt som vårt. Utdrag av intervju med Kristian Fossheim som fekk Fylkesmålprissen i Sogn og Fjordane i 1989. Intervjuar er Ove Eide, og det stod på trykk i Sogn og Fjordane magasin nr 4, 1989.

# Hjernevask: Eia - kjønnsforskere: 1-0

Eg likte dette programmet, men spør likevel: Er NRKs Hjernevask mest av alt ein drakamp mellom Harald Eia og kjønnsforskarane vi er vitne til, eller eit oppgjer mellom Eia og sosiologien han ein gong studerte? Årsaka til at eg spør er: Eia avdekker ikkje så mykje nytt. Mest avdekker han det vi alt veit: at biologi betyr noko og samfunn noko. Det er ikkje mange seriøse forskarar som lenger benekter at der er biologiske forskjeller mellom kjønna, unntatt Jørgen Lorentzen kan hende, men vi veit jo alle at kjønnsforskning mest av alt er ein underhaldningsdisiplin i dette landet. Det er derimot ei myte der ute og den lyder slik: venstresida benekter at biologi har betydning. Denne myten er og blir ei myte. Eg er dermed sagt ikkje ukritisk til evolusjonspsykologien. Den har svakt metodegrunnlag. Eg er spent på om Eia går inn på metodane dei nyttar i forskninga si, dette med fleirmodularitet og steinaldersamfunnssosiologi, eller om han kun skal surfe overflata og sjå på praktiske eksperi...

Økologisk landbruk: stort forbruk av emballasje, lange transportavstandar og storskala produksjon

I helgas Dagens Næringsliv magasinet, var det ein reportasje om økonomen Mark Boyle som har levd i ei husvogn i 15 månader utan pengar. Ein skulle tru at denne typen fyr, var ein av dei som naivt omfavna økoditt og datt, men dette er ein mann som har satt seg inn i sakene. Han går ikkje på økobløffemerkevara. Blant anna står dette i artikkelen: "I fem år hadde Boyle arbeidet som bestyrer av to bedrifter som produserte økologisk mat, men han ble stadig mer frustrert. Den økologiske matindustrien var et langt sprang i riktig retning, men hadde de samme miljømessige lytene som den konvensjonelle: overforbruk av plastemballasje, frakt over lange avstander og store bedrifter som kjøper opp små. " Og: "Det er blitt så mange ledd mellom forbruker og produsent at folk ikke ser omfanget av ødeleggelsene og lidelsene involvert i produksjon av mat og andre varer". Det finst håp om at stadig fleire vil avsløre merkevarebløffen "økomat", og kreve reell økomat som ersta...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...