Gå til hovedinnhold

Innlegg

Det er på tide at sjefsbjellekua får smake litt offentlig debatt #hjernevask

Den feige Harriet Bjerrum Nielsen har ikkje sagt eit kvekk i denne debatten. No skal sjefen for Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, sjefsbjellekua, skal endelig ut på bana i Aftenpostens nettdebatt idag klokka 13. Måtte ho ha betaling for å stille, eller våga ho av seg sjølv? Det er på høg tid. Les Rolnes sin kronikk i Aftenposten . OBS. Hjernevask er ei ny form for gatevold, men i media. No syns eg snart det har gått for vidt. Alle går i takt, ingen tenker kritisk og det grenser snart til mobbing av Lorentzen. Og slik blir kompiskampen, som ei slags blodluktande presse som går i flokk. Kva med nye vinklar?? Var det ikkje det hjernevask skulle bidra med?? .

Halla Firda

som eit svar på denne bloggdebatten. Og ps Stang: bør ikkje avisa Firda heve seg over å gå etter enkeltpersonar med usaklige personangrep? Det er ganske pinlig å sjå kor ukontrollert sinte de blir, der borte i Firda. Som i januar då de gjekk i strupen på meg på ledarplass? Flaut. det er ein grunn til at de på presseseminar i Oslo blir trekt fram som eit medie omtalt som "GRØFTEMEDIE". Det er ikkje mitt ord. Det er henta frå NJs indre kretser, der de neppe set dykkar føter;) Så skal vi slutte fred, eller? Har de tenkt å misse besinnelsen gong på gong? Har de dårlig impulskontroll? Tåler de ikkje folk som tenker sjølvstendig og ser ei sak frå fleire sider? God påske! Og lukke til med kvalitetshevinga. Og eg veit godt kven som skreiv den infernalske leiaren dykkar. Takk for den, Sigurd Løseth. Der røk du til bånns på skalaen over journalistisk kvalitet.

Stagnasjonsfylket?

Innlegg på Fjordaglimt, vel verdt å lese. Noko av det beste eg har sett av innspel til mine utspel, eller kva eg skal sei;) Bra! .

Sexy bitch i KrF

Denne kommentaren stod på trykk som Dagboka-spalte i Klassekampen 22.mars 2010. Lørdag morgon logga eg meg på Twitter. Der fekk eg servert ein link til VGs framside. Saka «KrF-topp poserer i undertøy. VIL VÆRE SEXY for å provosere», stod ved sida av saka «Kraniet sprakk etter takras». Dette må vere ein spøk, tenkte eg. Mannen bak linken er god på photoshop. Men det var ingen spøk. Inger Lise Hansen, nestleiar i KrF, dekka heile VG-framsida iført svart minikjole. What the fuck? tenkte eg. Trur ho virkelig at ho provoserer i eit antrekk som dette? No begynner eg å lure på dømmekrafta hennar. Greit nok at dama er kontroversiell og modig, all respekt. Eg har digga Hansen frå månen og tilbake, men no vart eg skikkelig skuffa. Og det var ikkje fordi ho stod fram i minikjole og ei lita utringing, for vi har vel alle gått med større. Årsaka var at Hansen sa at ho «kler seg sexy for å provosere». Eg som hadde inntrykk av at Hansen var ein politisk leiar anno 2010, fekk brått mitt inntryk...

Korleis skrive dikt

No kjem det ut ein boksingle på Flamme forlag. Den heiter XXX og kjem i april. Dette er dei mest hudløst ærlige tekstane eg nokon sinne har publisert offentlig, og her kjem den andre sida av skribent Viken fram: den menneskelige. Ikkje den kontakt debattøffe som hamrar ut meiningar med riflefart. Ein stor kontrast. Singelen består av lengre dikt. Det siste diktet er frå Berlin. For å framprovosere ein sterk følelse av å vere lost, drog eg til Berlin rett før jul all by myself, og traska rundt i slapset midt i trafikken der nede. Det var jul over alt, alle hadde det totalt koselig og eg følte meg rett og slett heilt fortapt. Det er muligens litt pinglete å føle seg fortapt i Berlin, men eg fekk det iallefall til. Oss følelesmennesker i mellom er det ikkje så vanskelig. Nok fordi det var lillejulafta og eg satt ensom på bar og drakk pils i ei mølje av hardtrøykande tyskarar. Det funka fint for å skrive dikt. Eg følte meg virkelig like lost som den teksten skulle vere. Og den sit. Ein må ...

Krh : kristelig harryparti med harry-Hansen i spissen

Her går Hansen ein del steg tilbake på vegne av heile Krf: Heller enn å vise at KrF er som alle andre, viser ho oss at Krf ligg ganske langt bak andre. Iallefall gjer Hansen det. Provosere? Hallo? Når Inger Lise Hansen er SEXY for å PROVOSERE seier det kanskje litt om kvar KRF befinn seg i 2010, dersom det virkelig er PROVOSERANDE å vere SEXY i dette partiet.. Dessutan synest eg ikkje at ho er SEXY. Ho framstår som tåpelig som vil provosere med omtrent heildekkande kjole. Kanskje fordi ho er med i KRF? Eg trudde Hansen var ei smart dame. Eg er ikkje sikker lenger. Ho framstår som fjortis. Eventuelt tretti år for seint, som resten av KrF? KrF begynner å framstå som litt ehh harry. .

Hjernevask er eit oppgjer med eliten,

"Hjernevask" er en naturlig reaksjon på en samfunnsforskning som oppleves som elitistisk og virkelighetsfjern, mener Fredrik Thue og Thomas Hylland Eriksen i artikkelen Oppgjer med eliten i Klassekampen. Les også Dogmatiske kjønnsforskarar i Dag og Tid. Kronikk av Thomas Hylland Eriksen i Dagbladet. : «HJERNEVASK»: Evolusjonsteorien kan gi svar på alle spørsmål man måtte komme på å stille om mennesket. Bortsett fra de virkelig interessant . .