Gå til hovedinnhold

Innlegg

Eg lurer på kor hjernevaska ein må vere for å tru på at ordet dyrevelferd i landbruk og matproduksjon har ei meining

Eg har mange gonger spurt meg kvifor ein brukar ordet "dyrevelferd". Det er ingen tvil om at ordet er utan betydning, totalt tappa for innhald, i landbruket. Den som pröver å overbevise meg om at ei ku, ökologisk eller ikkje, som står på bås i masse dritt, har eit flott liv, kan gi seg med ein gong. Det er eigentlig skremmande å sjå kva som blir godkjent innanfor det som er påstått å vere dyrevelferd, og det er skremmande å skulle vere ein som opererer innanfor dette feltet. Det er skremmande at mat produsert på denne måten blir markedsfört som rein og flott, den er alt anna enn rein og flott. Eg lurer på kor hjernevaska ein må vere for å tru på at ordet dyrevelferd i landbruk og matproduksjon har ei meining. Ein må iallefall vere totalt blotta for praktisk innsikt og erfaring og kunnskap om landbruk og dyr, dersom ein trur på det. Men det er ganske rart det der: mange som har jobba lenge med dyr, ser ut til å tru at dyr trives i mökk og fluger, og at dette er ok liv for dyr....

Ökobönder: kutt ut ideologien, for dyrenes skuld

Är en ekologisk gris alltid en glad gris? Den heta matdebatten har ökat efter­frågan på etiskt och miljömärkt kött. Stela Krav-regler som bland annat förbjuder förebyggande behandling mot parasiter, gör att många Krav-djur far illa, skriver dagens debattör som kräver att föreningen släpper på sin ideologi. (Krav-djur er ökologiske dyr) Les kronikken frå svenske Aftonbladet her. Eg har nett begynt å jobbe som distriktsveterinär i Sverige, og ser fram til å sette meg inn i forholda her borte. Les også Svenn Arne Lie, ein av landbruks-Norges mest vettige stemmer, sin kronikk i Nationen om Brekk som köyrer på så raskt han kan for å få maksimal industrialisering av norsk landbruk. -

Vårkåt kanin

Bestialsk slakteri

for deg som likte "Bestialsk landbruk", kan det vere du har lyst til å kikke bak dørene på norske slakteri og smådyrklinikkar her i denne kommentaren min frå Dag og Tid.

Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr. Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 23.mai 2010 . For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfel le godt kjeft om det dei har sett. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei går ein mann med stokk og ropar. På alle kantar er det maskinlydar og trucks. Temperaturane er over førti ...

Smaken av navle - ein omtale av filmen Smaken av hund

Intro: Eg har nett skrive kommentaren Bestialsk landbruk som mange har reagert med sjokk og vantru på. Ein twitrar henviste til filmen Smaken av hund som er laga i Norge om norsk landbruk, og meiner den er gode opplysning. Det kan eg ikkje støtte. I 2007 skreiv eg denne omtalen, som du finn under denne introen. Den filmen er eit kroneksempel på kor elendig det blir når den som lagar filmen ikkje har det snev av snøring på kva han eller ho lagar film om. Smaken av hund var så flau og så dårlig og så full av faktafeil og kunnskapsmangel at ja, den er ikkje egentlig verdt omtalten. Skal ein få gjort noko med problema i matproduksjon, med etikk og forbruk og opplysning rundt mat og landbruk, hjelp det ikkje å pumpe makkverk ut på marknaden. Skal ein endre utviklinga, kreves kunnskap og innsikt, ikkje overflatiske banalitetar. Klassekampen - 13.03.2007 Forfatter: Av Anne Viken Smaken av navle ...