Gå til hovedinnhold

Innlegg

Programmet for Björnsonfestivalen er klart

Det kan lastast ned her. Eg har fått den äre å halde folketale i parken 31.august. Det blir vel göy. Forslag til tema mottas! Eg skal også lese på kvelden 29.august. Omtalen av arr kan eg like: "Hvert år dukker det opp mange nye navn på litteraturscenen i Norge, og noen av dem peker seg ut med helt særegne stemmer og spennende litterære prosjekter. Vi har funnet fram til fire som vi mener du bør se opp for i årene som kommer: "Tina Åmodt fra Bergen, Berit Rødstøl fra Verma, Aina Basso fra Giske og Anne Viken fra Sunnfjord . Programleder er Guri Sørumgård Botheim, som selv gjorde entré med boka Ramstein pensionat sammen med søsteren Sigrid Sørumgård Botheim i fjor." Det er veldig göy å bli invitert til å lese i så godt selskap. Gledar meg! .

Gamle bilder og bilde av min bestefar med pipe

venstre: min bestefar Moses Viken med pipe Her finn du fleire gamle bilder frå Sogn og Fjordane.

The Hamburger Trail

Eg hadde her om dagen den store gleda av å køyre bil frå Oslo til Bygstad i Sunnfjord. Eg veit av erfaring at bussen frå Oslo til Førde stoppar på Gol ved ei tragisk hamburgersjappe der alle som ikkje har tre kilo niste med seg i sekken må tvangsete i seg ein burger eller to, samt køyre i seg tilstrekkelige mengder brus og ketchup. Å køyre bil frå Oslo til Bygstad er ikkje stort betre. Langs vegen er det spekka med hamburgersjapper. Ein kvar liten fillestad med respekt for seg sjølv, eventuelt mangel på sådan, har gatekjøkken linja opp der du får kjøpt den eine burgeren meir shabby og klissete enn den andre til røvarprisar som ikkje lignar grisen. Mitt enkle spørsmål er: kor gørr kjedelig må det ikkje vere å bruke livet sitt på å severer dårlig overprisa drittmat til folk som forsøker å ha det litt kjekt på tur, og som desperat stoppar bilen for å stille svolten. Eg har mange gongar tenkt at det må vere ein meiningslaus tilværelse. Og det andre: vi har jo så mykje god mat her i dette l...

Falske profetar i landbruket

I ei kjöttfarse av eit innlegg, tydeligvis skrive etter oppskrift til korleis ein kvernar kjötdeig (ein veit ikkje kva som er kva og kva som er i deiga til slutta) kvernar sjefen for kjöt, XX (eg har ikkje navnet her pga ei latterlig internettilkobling som ikkje lar meg lese verken nettaviser eller epost), ut ei remse av eit innlegg (ein kronikk i Nationen som komisk nok heiter "ikkje mobb Brekk, eller noko i den dur), som får meg til å tru at han skriv i rein kjöttfarserus. Diverre er ikkje dette malen for korleis skrive ein god kronikk. Gode kronikkar er som heil steik: ein veit kva ein har lese, eventuelt: ein veit kva som står der etter at ein har lese det. Eg har hevda det för og eg hevdar det igjen: landbruks-Norge og deira organisasjonar manglar gode retorikarar. Det blir platt, det blir flåsete og ei mengde klönete ord utan innhald. Kort sagt: det blir pinlig. Men alright. Til saken, eller kjöttfarsen om du vil. Lat oss ta det punktvis på eit realt nakkebiffnivå: 1) Br...