Gå til hovedinnhold

Innlegg

Titte på kunst

Moderna Museet Malmø viser Gunvor Nelson, virkelig verdt å sjekke ut . Eg var der no sist veke, såg utstillinga Spektakulära tider. Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om det, men tja, vanlighet kan kvele deg, er vel ei oppsummering, og det eksklusivt spesielle kan også kvele deg. Livet er fasinerande, kvar dag er spektakulær, det spektakulære i det vanlige. Det vanlige er spektakulært er min konklusjon, og slik er det jo også i virkeligheten. Om du trykker på linken til Spektakuläre tider, klikk deg fram til bilde nummer tre: Madonnan med barnet. Kvalt? Eg synest det biletet er ganske fabelaktig. Det fortel oss ein heil del om konsumkulturen, om småbarnssuperidealet og den der kvardagen, sjølv om denne kvardagen som denne kvinna kanskje representerer, ikkje er den kvardagen som kjem til å ramle meg i hovudet: høgt utdanna med god økonomi. Eller tja, kanskje. Boksemat og støv kan jo ramme oss alle. Var også på Malmö konsthall og såg på nokre figurar av glas innsurra i tråd og blyanta...

Debatt om utkant og sentrum.

Trykk på bildet og det blir stort og leselig

Virkeligheten for Vestlandet driver kamptrening

Prolog: Dere skal drikke svart kaffe, sa Virkeligheten og red gjennom dalene. Feide Østlendingene ut av jarlesetene, og drev dem tilbake dit de kom fra. Vestlandet for Vestlendinger, sa den og ristet av dem overmakt og adelsmakt, og Østlendingene flagret som piska skinn gjennom skauen østover, de som overlevde. Kysten er flat og dekket av det som ligner sand. En vet ikke om det er sand. Det sies at kornene stammer fra tidligere tider, fra gamle folkeslags oppmaling av klippene. De kvernet klippene i småbiter om de stod i veien, kvernet dem opp og lot dem ligge ved havet. Det var ikke oss, sier Nabobygdingene. Vi er for små. Nabobygdingene er bare mennesker, men hestene deres er det noe rart med. Kampen om Hardanger. Når natten ligger tung, våkner Virkeligheten. Kom, maner Virkeligheten. Kom, roper den, og ponniene kommer. Vi sliper knivene, filer tennene, vokser hornene. Hvem vil vel ikke være så pen som deg, sier den til ponnien. Virkeligheten fra Vestlandet brisker se...

Flukta frå agurkane

Denne kommentaren stod på trykk i Bergens Tidende söndag 15.august 2010. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinär i Sverige, takka ja, donerte bort "Min kamp 1" til betre trengande, sa opp internett og la i veg. 31. mai 2010 ankom eg Sverige etter fle...

Jävla austlendingar

Trykk på biletet og det blir stort og leselig. Det kan også lastast ned. Eg gjer obs på at der finst innredigert ein faktafeil i denne kommentaren. Då eg hadde 17.mai-taler var det ikkje magert oppmöte, men fulle hus. Min originaltekst er: NOKRE FÅ mötte ikkje opp fordi dei frykta eg skullle sette fyr på stakken deira. Dette har altså blitt redigert til MAGERT oppmöte. Forstå det den som vil.

Tresking av korn i Brålanda

Treskar korn, sett frå förarhuset på treskaren. Treskaren tömmer kornet oppi tilhengaren på traktoren. Treskaren ser ut som eit gigantisk saksedyr. Tilhengar full av korn. Tömmer kornet i törken der det skal törkast til det har fått riktig vassprosent/ vassinnhald. Foto AV

Tresking av erter i Brålanda

Dette er ein skurtreskar som treskar erter til matbruk. Her er to skurtreskarar. Dei ser ut som Star Wars-monster. Tomme erteskal etter at dei er ferdigtreska, eller tröska som dei seier her. Tröskaren tömmer ertene oppi tilhengaren. Ein tilhengar full av erter. Tömmer tilhengaren i lastebilen som köyrer ertene til fabrikken i Brålanda.