Gå til hovedinnhold

Innlegg

Blant rein og finhakka björnar

Denne sommaren har eg budd på eit toetasjes stabbur ved Storsjöen i Jämtland. Rundt stabburet, som er frå 1700-talet, går det hestar, solnedgangane er magiske og landskapet eventyrleg vakkert. Her jobbar eg som veterinär. Det er underbart. Sidan mange distriktspraktiserande veterinärar i Norge for det meste står med handa i rumpa på ei ku og inseminerer, fann eg ut at det var betre å forlate landet. Livet er for kort til å levast i ein kutarm. Dessutan hadde eg ingenting imot å krysse grensa. Sverige er eit flott land, språket poetisk vakkert, og ein del ville nok blitt paff over kor mykje töffare ein del reglar for hald av husdyr er i vårt blågule naboland. I Sverige er mange veterinärar, også eg, ansett i Jordbruksverket. Vi held til på veterinärstasjonar med alt utstyr, har mange kollegaer og köyrer raude veterinärbilar. Vi inseminerer ikkje. Bileta her er frå merking av reinsdyr i Härjedalen i juli. Vi måtte stå opp klokka to om natta for å drive reinane inn i dei runde gjerda...

Kle deg som eit mannfolk!

Ein veterinär vaska av seg neglelakken på jobb. ”Kvifor gjer du det,” spurde ein kollega. ”Fordi det ser useriöst ut at ein veterinär har neglelakk”, var svaret. ”Öyreringar, fine klede og sminke er også useriöst. Du får ingen respekt hos böndene om du sminkar deg”, sa ein annan kvinneleg veterinär. Ho brukte dette som forklaring, altså utsjånaden, på kvifor ein kvinneleg kollega fekk klager på seg frå böndene. Sminken hennar, ikkje kompetansen, var problemet. Vask trynet, dra på deg stövlane og kle deg som ein arbeidskar. Det er hardt å vere tjei. ”Som kvinne vil du för eller seinare få problemer ute i feltet. Du er blond, nyutdanna og utlending. Men först og fremst: du er dame.” Sitat mannleg veterinär. ”Som ung kvinne i felten, som også ser yngre ut enn alderen tilseier, er det vanskeleg å sette seg i respekt”. Sitat kvinneleg veterinär som snakkar av erfaring. Du skal tilpasse deg rolla som kvinne i eit yrke med maskulin kodex for korleis du skal sjå ut. Du skal altså gå i stö...

Godt lesetips, fersk bok av Hilde Buer

Denne boka kan eg på det varmaste anbefale. Lettlest, informativ og faglig sterk. Les meir her.

Glöym mannen, hugs handlingane. Vi treng ikkje forsöke å forstå.

Han önskte å bli ein europeisk helt, men er ikkje lenger önska i det norske samfunnet. Les Mona Lövlien sin bloggpost "Til deg som planla og drepe datteren min". Han ville gjere sitt navn kjent, men eg har ikkje tenkt å bidra til dette, verken med fotos eller namn. Hans namn vil aldri bli nevnt på min blogg. Den hardaste straffa for gjerningsmannen, gitt hans syke fantasiar om heltestatus og omtale i historiebökene, er å bli glömt og ignorert. Vi kan hugse grusomhetene i hans manifest. Vi kan hugse kva han har gjort og mot kven. Vi kan hugse fölelsen av avsky mot slike handlingar, mot slik ein vonskap, mot slike vrangoppfatningar av samfunnet og verda rundt oss. Det vil ikkje bli mulig å glöyme, men vi kan oversjå mannen bak. Han vil aldri bli ein helt. Han er ein antihelt, ein patetisk person som ikkje var i stand til å kome seg fram i samfunnet på ein normal måte. Der finst ingen unnskyldning, ingen formildande omstendigheter for slike handlingar, for slik vondskap. De...

Those who try to impose distrust and fear on the people of Norway will not succeed