Gå til hovedinnhold

Innlegg

Vi blir jo det vi et, blir det sagt. Altså blir vi sjuk kylling med bukbetennelse og bein som knekker som fyrstikker

Landbruksmeldinga: «Matsikkerhet er til stede når alle mennesker til enhver tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat, for et fullgodt kosthold som møter deres ernæringsmessige behov og matvarepreferanser som grunnlag for et aktivt liv med god helse.» Men får vi god helse av å ete dyr som har dårlig helse og dårlig velferd??? Vi blir jo det vi et, blir det sagt. Altså blir vi sjuk kylling med bukbetennelse og bein som knekker som fyrstikker. Eh kult.

Magisk vikingepos om møte mellom norrøne menn og Afrika

Det er noko skummelt magisk over Havjervens segling innover i det djupaste av Afrika. Så skummelt magisk at ein ser seg litt ekstra om etter skuggar på kvelden. Er det peisen som slår gneistrar? Eller er det nokon andre her... Ånder? Ute er det storm. Det passar dårleg når ein les Hard er mitt lands lov. Det vert enda skumlare. Mørket heng tungt over vikingskipet på veg frå Roma, nedover Afrikas kyst, innover i jungelen. Over vikingane som i veker vandrar over stepper, høgsletter og gjennom jungel. Samlaget omtaler boka som "eventyrleg" , men det er feil. Ordet er magisk vikingepos. Cathrine Krøger meiner språket er arkaisk, men det er det ikkje. Språket er eit verk verdig. Skildringane inngåande, innlevelsen sterk. Ordbildet er ein vesentleg del av denne forteljinga frå det svartaste av Afrika der over hundre norrøne viktingar slit seg fram. På jakt etter gull? På jakt etter hemn? Hard er mitt lands lov er eit verk i ordets rette forstand. Eit verk som vassar i kunnskap...

Talent for lykke

Det har blitt gitt ut ei rekke bøker om korleis skrive god litteratur. Kast dei i peisen. Les Ari Behns "Talent for lykke", ei lærebok i litterær briljanse. Dra ditt visakort i nærmaste bokhandel. Les den så tre gonger.

Veterinærar i samfunnsdebatten

Veterinærar er ei faggruppe som er så og sei usynleg i norsk samfunnsdebatt. Kvifor er det slik? Ikkje godt å sei. Synd er det uansett då faggruppa har mykje relevant informasjon å kome med. No har studentar ved Norges Veterinærhøgskule tenkt å gjere noko med saka. Dei har starta Fagpolitisk Forum som arrangerer livedebattar med panel og publikum ved NVH, opent for alle. Blant tema som står på planen er hundeavl (forje møte), kyllingproduksjon og tja, kanskje også: dei tause veterinærane. Sjekk ut deira Facebook-gruppe og følg med.

Kvinner må no ta ansvar for at menn ikkje kan te seg. For nokre menn vi har i dette landet!

Ber kvinner drikke mindre. Kvinner skal drikke mindre fordi menn ikkje greier å te seg som folk. Kva blir det neste? At kvinner må läre menn å snakke, drikke av kopp og kle på seg? Kanskje vi må läre dei å bruke såpe, sjå skilnad på högre og venstre sko, samt ikkje pisse på golvet også? Ting som er på samme basic nivå som at ein faktisk ikkje overfaller kvinner på open gate. Er virkelig menn så dumme som politiet vil ha det til? At dei ikkje greier forhalde seg til alkoholpåverka kvinner utan å forgripe seg? Det er litt av nokre menn vi sliter med i dette landet, gitt. Om vi skal tru politiet i Drammen. Menn som overfaller kvinner, er ikkje menn. Dei er scum. Trygg helg.

Saab 900 selges

Eg selger min svenskregistrerte Saab 900 88-modell. For detaljar, sjå annonsen.

Marit Eikemo, Samtale ventar

Bokanbefaling. Marit Eikemo skriv latterleg bra og posisjonerer seg som ein av dei mest interessante kvinnelege forfattarane i Norge. Skreiv eg kvinneleg? Ja, for eg er mest begeistra for kvinner som skriv om andre kvinner. Som eksempelvis Ebba Haslund og Vigdis Hjorth, eller på svensk Sara Stridsberg og Sigrid Combuchen , eller for den del Helena Henschen , ein personleg favoritt, men Henschens sjanger er ein miks av fiksjon og dokumentar. Og når eg les Eikemo tenker eg at vi har faktisk like gode forfattarar på norsk. Eikemo er langt betre enn Hjorth. Der Hjorth mister grepet om lesaren, held Eikemo grepet med suveren språkføring. Det er noko solid over Eikemos språk. Det er kort sagt godt. Ikkje ein einaste gong treng ein irritere seg over dårlege formuleringar. Første boka til Eikemo, Mellom oss sagt , minnar om Samtale ventar . I begge bøkene finn ein kvinner på tretti pluss, utan mann, utan familie, som jaktar på nærheit og anekjennelse, gjerne hos ekskjærestar eller menn ...