Gå til hovedinnhold

Innlegg

Holdningar som problem i husdyrproduksjon.

Ein del mennesker som held dyr, slår desse dyra. Ein del mennesker som jobbar i slakteri, slår også dyra. Dei overdriv bruken av strømførande jageredskaper og dei skrik og bråkar. Dette er eit haldningsproblem. Mykje mishald av husdyr skuldast dårlege haldningar hos bonden. Han bryr seg ikkje. Mange av funna i rapporten om fjørfe som vart lagt fram av Mattilsynet for ei tid sidan , skuldast dårlege haldningar hos fjørfebøndene. Ikkje dårleg økonomi. Uforsvarlege transportar som transporterer kyllingar fram til slakteri, er godkjent av Mattilsynet. Kva slags haldningar har Mattilsynet som godkjenner desse dyretransportane, der kyllingar frys ihjel på vegen til slakteriet? Og kva slags haldningar har Nortura som held fram med å bruke bilane? Og kva slags haldningar har sjåføren som køyrer den? Økonomi blir ofte trekt fram som ein forklaringsfaktor, men dårleg økonomi er langt frå alltid forklaringa når pelsdyr sit i skitne bur eller kyllingar er mishaldne. Det er haldningar det g...

Dagens strek

Trykk på bileta så blir dei store.

Halal utan bedøving er avansert dyreplageri, men ein billeg måte å slakte på. Difor blir det i EU produsert langt meir halalkjøt enn markedet etterspør.

Medan etterspørselen etter halalkjøt i EU ligg på åtte prosent, vert 65 prosent av alle franske kyr og kalvar avliva med strupekutting, utan bedøving. Altså halal. I Belgia vert 92 prosent av alle sauer avliva halal. Kilde: det EU-finansierade prosjektet Dialrel (Dialog angående religiøs slakt). Nesten all slakting i Paris blir utført på halal - eller kosher-måten - for å forenkle produksjonen og spare kostnader (Kampen om ytre høyre, Stavanger Aftenblad 27.februar 2012).Men sjølv om alt er slakta halal, er det merka som halal, kosher og vanlig ( VG 23.feb ). Strupen kuttes medan dyret står. Etter at den er kutta kan dyret bli ståande medan blodet sprutar.  Dei står med avskoren hals og ser rundt seg i slakteriet før dei daudar. Etterkvart vil det segne om. Det kan ta fleire minutter å dø. Ved import av kjøt er det sannsynleg at HALAL kjem i butikken også her. Dette er ikkje merka og ein kan difor ikkje vite kva kjøt som er halal og ikkje. Dette er eit problem i Sverige. Ein ...

Vossakveik - seminar om distriktsutvikling under Vossajazz

les programmet her.

Tine bløffar oss om økologisk melk - oppslag i dagens Nationen

basert på ein gjestekommentar av underteikna. - Tine manglar oversikt over kva som skil økologisk husdyrhald frå konvensjonelt, skiriv veterinær Anne Viken i denne gjestekommentaren.