Gå til hovedinnhold

Innlegg

Hesteböker på ekte

Veterinærer er ikke dumme bimboer uten fagkompetanse. Forfatter og veterinær anne viken vil gi et realistisk alternativ til hestebøkene. Les intervju med meg og sak om heltar og forbilder i barneböker i Dagsavisen 8.august. Utdrag: "Veterinærstanden blir ofte brukt som underholdning. Jeg liker ikke dette imaget, og det har jeg prøvd å ta et oppgjør med i denne boken. Veterinærer er ikke dumme bimboer, uten fagkompetanse, eller billig medieunderholdning. De er også psykologer, tar etisk krevende beslutninger, snakker med folk i krise, må ut på trafikkulykker der hester er involvert og kan bli utsatt for trusler. Dette er virkeligheten (...)." Bestill boka i nettbutikk. Foto: Samlaget

Kvifor ei rekke menn taper på kjønnsmarkedet: taparar har eksistert til alle tider, og dei eksisterer framleis. Kvinner/ likestilling kan ikkje ta skulda for det. Her: mine eigne erfaringar

I den siste tida har det gått ein debatt i norske medier, eg har ikkje fått med meg alt, men ein del. Og det går på kvinneforakt på nett , voldtekt som ein legitim reaksjon på likestilling og ein del anna idioti som at menn er dyr, og dermed må få te seg som dei dyra dei er. Kikk på dette biletet. Kilde Er det dette som er kvinners dominans over kjønnsmarkedet, at vi ikkje vil ha tapermenn? Just asking, for det er jo tapermennene som skrik opp om at likestilingen har gått for langt og at menn ikkje lenger kan tilby kvinner noko. Dette seier mest om avsendar og lite om mottakar. Looser-menn kan ikkje forvente seg å få ei bra dame, just face it. No More Mr Nice Guy, skriv bloggaren BadKitty. Og det kan nok mange damer signere på. Eg tenkte ta opp tema her, for vi har, mange av oss, møtt Mr Nice Guy som er alt anna enn ein Nice Guy når det kjem til stykket. Eg skal dra nokre private eksempel. BadKitty skriv om menn som viser henne interesse, ho avslår, dei hevner seg. Fo...

Gir hesteboka ein sjans, intervju med meg om mi nye barnebok i Klassekampen

Intervju med meg om barneboka i Klassekampen 1.august. Les reportasjen her. Bestill boka hos Samlaget og få den i posten rett frå trykkeriet i august.

Ostelaging på sæter i Härjedalen, glimt frå praksis

Dette er meg. Eg blir litt utydeleg når det regnar. På veg til pasientbesøk, møtte eg på eit par kyr. Det viste seg at desse kyrne melkar for eit sætermeieri. Her er eit klassisk sætermeieri.   Eg kjeik inn døra. D er var det ostelaging på gang. Eg fekk lov å ta litt fotos, og sidan dagens sæterku var min siste pasient, tok eg meg god tid til å drikke kaffe med bonden som kokte ost, samt fekk meg ein leksjon i alt om ostelaging på sæter.     25 liter melk vert først varma til 33 grader, så tømmer ein i slikt magisk ostestoff og let det stå i 45 minutt før ein kokar det opp og let det koke til halvparten er att. Så let ein det stå og modne i eit døgn. vips, et! held seg to tre veker i kjøleskap eller kan frysast ned. heime kallar vi det for mylse. her kallar ein det grynost No kokar melka. Under gryta er det ved. her er ein an type ost som ligg og modnar, av kumelk, laga på sætra. kumelk frå sætra har høgare feittinnh...

Korleis kan vi vere mot tyrefekting når vi gaflar i oss industrikylling, egg frå burhøns og flesk frå gris på betong?

Er det i grunnen så mykje verrre å bli spidda i ein sirkel til underholdning for folk, enn å leve heile livet på betong og i bur? Dei same folka som kallar tyrefekting for galskap, stappar i seg søppelkylling, egg frå burhøns og flesk frå gris som lever på betong. Det er det ein kallar sofamoralisme. Oksen dør i ringen. Kyllingar blir frakta timesvis på transport, gassa og slakta. Same med gris. Men i motsetning til oksen som lever ute på beite, har verken kylling eller gris nokon sinne sett dagslys. Folk er vulgære. Photo: Occopy Europe Animals.

Norske kyr skal ut på beite! Ja/ nei, ja/ nei. Norge har så vanskelig natur at vi passer ikkje for matproduksjon?! Ja/ nei osv

Tine køyrde i 2010 romantiske reklamefilmar på tv der dei påstod at alle norske kyr går på beite i åtte veker. Dette er rein bløff då Tines eigne tal viser at tretti prosent av alle kyr i lausdrift aldri er utanfor fjøsets fire veggar. Likevel heldt Tine på sitt. I skrivande stund (medio juli 2012) er eit nytt tema på dagsorden. Frå og med 2013 er det nemleg eit krav at alle norske kyr, inkludert lausdriftskyr og ikkje berre båskyr slik kravet er i dag, skal få kome ut og lufte seg sommarstid. Protestane let, som forventa, ikkje vente på seg og det er bøndene sjølv som protesterer høgast. Bonden XXX frå partiet Krf protesterer særleg høgt då han vel argumenterer i tråd med at mennesket er sett til herre og gud over kloden og ergo kan legge opp drifta slik det passer ein sjølv og lommeboka. Galskap er det å sleppe kyr ut, seier han. Ja, tenke seg til, dyr ute i naturen. Vi kunne jo risikere at dei fekk betre helse. Dessutan er kjøt frå beitedyr sunnare for oss. På den andre sida har...

Hamburger Trail - søppelmat langs norske turistvegar

Når ein køyrer langs norske vegar, blir ein av og til svolten. Naturen er fantastisk flott og ein stoppar for å ete litt. Men kva får ein servert? Jo hamburger. Sjå på biletet under. Det er frå fagre Fjærland. Og kva ligg på tallerken? Jo, ein minimal burger til ein drøy pris. Det er ein stor mismatch mellom natur og kva mat ein får. Langs vegen går kyr og sauer på beite, men når ein skal kjøpe mat er det pølser og burger. Er det pølser og burger som vert produsert i vakker norsk natur? Søppelmat frå rein og pen natur? Det er i tilfelle ein tragisk måte å forvalte ressursar på: omskape dei til søppel. Er det desse fine kyrne som har blitt kverna om til burger? Skammelig er det i tilfelle. Fjærland kunne ha vore ein hot spot for luksusturisme, men då må service og matkvalitet opp mange hakk.  Her er breen i Fjærland. Matcher den ein hamburger?? Hadde det ikkje vore triveligare å ete lokal kvalitetsmat i denne naturen, enn ei svidd pølse med ketsjup? ...