Gå til hovedinnhold

Innlegg

NRK om Elise og mysteriet med dei døde hestane

Bygdesosiologi og dyrevelferd står sentralt i bygdeveterinæren sin kvardag. Typane og klasseskilja på bygda vert teikna i klåre bilete. Sjangeren er ein slags spennings- og eventyrroman. Boka skruar seg opp frå vanleg veterinærpraksis til å vikle seg inn i blodige krimplott med overtonar frå eldgamle ritual om hesteofring. Sidan gamlepresten og kyrkjekunsten spelar inn, så kan vel ”hesteteologi” vere eit stikkord for boka som kviler på magiske ritual og eventyr. Uansett: Boka byd på ekte spenning fram mot den dramatiske slutten. Les heile.  

Essay om norsk matproduksjon

Forbrukar eller bonde, supermarknadsmakt eller raudgrøn regjering? Kven skal du skulde på for dårleg utval, kyllingar som frys i hel på veg til Norturas slaktehus, saltvatn i kyllingfileten eller at det kjem blåtungevirus til Skåne? Er spørsmålet vanskeleg, seier du? Gratulerer, rett svar. I ein informasjonsjungel prega av mytar er fakta vanskelege å få auge på for ein vanleg forbrukar. Les mitt bokessay om norsk matproduksjon i sist nummer av PROSA. I neste utgave av PROSA kan du lese mitt essay om bøker om landbruk, husdyr og mat for barn.

Leser frå boka og kva eg leser

Foto: Samlaget. Sjå fleire fotos.

Lansert!!!

Frå kapitteloversikta: Kapittel 1. Blod i håret, hestar som veltar og hundar som et snus. Kapittel 2. Presten deisar ei flaske vin i skallen på ei ku. Kapittel 3. Elise høyrer om eit mord. Kapittel 4. Kalle og Elise fiksar ein sjuk hest og møter ein hestehatar. Kapittel 5. Elise ser eit syn ho seint skal gløyme og Kalle skyt med boltepistol. Kapittel 6. Bønder som køyrer til kyrkje med slede midtsommar er galne. Kapittel 7. Martin er ein premiedust. Kapittel 8. Elise høyrer røvarhistorier om veterinærar i prestegarden. Kapittel 9. Elise les om Monty Roberts og lurer på om bjørnar kan knabbe kyr. Kapittel 10. Elise møter ein glitterhest. Kapittel 11. Anton går i veggen og Elise overnattar i stallen. Kapittel 12. Elise møter ein mystisk mann. Kapittel 13. Martin går amok og påstår veterinærar er pengehaiar. Kapittel 14. Elise stikk hol i ei ku. Eg se no klinkande galen ut på bilete, men her er vi altså på pressekonferansen til Samlaget!! Og...

Lansering barnebok, eg gruer og gleder meg

No nærmar det seg med stormskritt. Folk får boka i postkassen før helga om dei har bestilt den på førehand. Torsdag klokka 11 er det pressekonferanse på Litteraturhuset for Samlagets høstliste og på kvelden er det fest på forlagets lokaler frå 17. Min inspirasjon til boka: hestane, medisinske kasus, bygda og karakterane. I all hovudsak er denne boka reell. Den ligg tett, tett på verkeligheita slik den artar seg i ein verkeleg veterinærpraksis. Mine eigne erfaringar som veterinær i praksis på landsbygda, og mine år som veterinærstudent ved Norges Veterinærhøgskole har vore heilt nødvendige for å skildre både medisinske kasus, livet i ein kombinert ku- og hestepraksis og møter med dyreeigarar på ein realistisk måte. Les om boka i Dagsavisen. Geografisk. Tordenbygda er basert på ei verkeleg bygd der legendene og historia ligg som eit tett teppe over bygda. Det spøker i kyrkja, det knakar i kyrkjegarden og det går nokon over golvet i prestestova. I Storsjøen bur der ei...

Min mastergrad i statsvitenskap om norsk nordområdepoliikk

kan lastes ned her. Mastergraden gjennomgår norsk nordområdepolitikk frå eit lokalt perspektiv satt opp mot nasjonal retorikk og målsetningar, og finn store sprik i lokal- og nasjonal historie om nordområdene. Det er eit kvalitativt casestudie basert på semistruktuerte intervju med cirka seksti informantar i lokalpolitikk og næringsliv i norske, svenske og finske nordområder. Prosjektet er finansiert av Nordisk Råd. Eksamen var i juni i år. Takk til glimrande veileder Geir Hønneland ved FNI.  From DN bilder nordområdene From DN bilder nordområdene