Gå til hovedinnhold

Innlegg

Bok to om Elise er under produksjon!

Sånn ser det ut, siste redigeringsrunde før språkvask. Kapittel ein i bok to om Elise! Og no kjem øyeblikkelig bok ein i pocket! Les Marit Emilie Buseths blogg om bok ein ! Under ser du bloggaren Hjortefots bokanbefaling:)

Kjappe fakta for hald av ein glad kanin!

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo . Takk til Karina på Fosseheimen Naturpark for lån av kanin og lokale, samt kamaraføring! Takk til Marit Emilie Buseth ( sjekk den gode kaninbloggen hennar her ) for hjelp med fakta! Vil du vite meir, les Den store kaninboka!  Sjå fleire faktavideoar om dyr her!

Dagens kronikk i VG: Gufs frå fortida

Les kronikken hos VG+

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida. Den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open.  Les artikkelen hos VG+ Haldningane partiet frontar, er haldningar frå ei tid då dyrevelferd vart ansett å vere ein disiplin for dyrevernarar, ikkje ein fagdisiplin tungt underbygd med forskning. For Senterpartiet er landbruksdyr eit virkemiddel til å nå distriktspolitiske målsetningar om folk og fe over heile landet, og på distriktspolitikkens alter ofres hensyn til norske landbruksdyrs ve og vel, samt hensynet til kvalitet i produksjon. Dette ser vi i sak etter sak. Framfor å bygge på dagens kompetanse, bygger Senterpartiet politik og tiltak på gårsdagens myter og ideologi. Artikkelen er trykt i VG 12.februar 2013 Det viser seg i sak etter sak. Senterpartiet har delteke i å nedkjempe norske kyrs rett til utegang. Norske kyr i lausdriftsfjøs skulle etter forskrifta frå 1.januar 2013 hatt krav på åtte vekers utegang. No er...

Nesten som å lese Trygve Gulbranssen: boktips

Britt Karin Larsens fire bøker om folket på Finnskogen er det nærmaste eg har kome ein nolevande forfattar som er på høgde med Trygve Gulbranssens natur-, villdyr- og folkelivsskildringar. Dette er ein pageturner av ein historisk roman med sterke skildringar av leveforhold, natur, villdyr og eit komplekst sett av mellommenneskelege relasjonar. Profetene i Evighetsfjorden er ein slik roman ein må bli imponert over, både skildringane av Københamn seint 1700-tal, men også av livet på Grønland. Også denne romanen inneheld svært gode person- og relasjonsskildringar som er berande for historia, særleg i første delen, der hovedpersonen, presten, befinn seg i Køben. Skildringane av det kummerlege livet i kolonitidas Grønland går gjennom marg og bein, bokstavleg talt. Det er ei slik bok ein hugsar, men ein litt tyngre read enn Larsens triologi frå Finnskogen.   Eg liker vanlegvis ikkje fantasy, men denne taklar eg å lese. Eventyraktig fantasy med gode relasjons- og person...

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar under delfinalane i Melodi Grand Prix er biletet av indianarane som trur glasperler er ekte.

Perler for indianarar Trykt i kortversjon i Bergens Tidende 30.januar 2012  Les også mitt essay om markedsføring av Sogn og Fjordane. Den store imagestrabasen, ein analyse av fylkets marknadsføringstiltak. I helga var det MGP delfinale i Florø. Ein skikkeleg lokal folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora kommune med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen som bevilgar pengar til arrangering av ein delfinale.  Pengane er i år henta frå eit såkalla bufferfond, sparekontoen for fylkeskommunen. Det er ikkje svimlande summar det er snakk om. Dette er begrunninga for løyvinga som er problematisk. Ei viktig forklaring på kvifor dei bevilgar pengar frå fylkeskommunen, er nemleg at delfinalen visstnok gir markeds...

Jublar for glasperler - ordførarane stasjar seg for MGP i Florø

I helga var det MGP delfinale i Florø. Såkalla folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. På same tid kuttar dei i kulturbudsjetta og har særs dårlege kulturtilbod til ungdom. Les også: min analyse av Sogn og Fjordanes marknadsføringstiltak Lat meg gjere eit par ting heilt klar: At private aktørar går inn og finansierier delfinalen, er derimot heilt topp. Eg har ingenting imot MGP, men eg har noko imot at fylkeskommunen bidreg med finansiering, samt begrunningane dei nyttar for å forsvare sitt økonomiske bidrag. Les også om korleis Sogn og Fjordane kan unngå taparstempelet, kronikk i Bergens Tidende, 2010. På første benk under delfinalen sat ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes, med ordførerkjeder og gl...