Gå til hovedinnhold

Innlegg

Konspiratorisk vinter

Har du lurt på kor ekte historiene i Elise-bøkene faktisk er? Dei er faktisk veldig ekte.

Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis! Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane : Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf Mannen som lytter til hester, Monty Roberts Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt. Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i boka og all...

Held du kaninen din i eit lite bur? Gratulerer! Du kan smykke deg med tittelen "dyreplagar"!

Burdyr? Nei. Foto: Marit E Buseth Kaninen Erling (10) fikk beinskjørhet, leddgikt, slitasjeforandringer i ryggen og ble deformert på grunn av manglende muskulatur. Ti år i bur...  Les denne gode artikkelen i Dagbladet om kva som skjer med kaninen. Kva slags mennesker er det som held dyr på denne måten? Ein kan spørre seg. Du kjenner sikkert nokon. Vanlege folk som ikkje bryr seg, og som ikkje burde hatt dyr fordi dei mangler kompetanse og interesse. Dette er klare brot på lov om dyrevelferd. Dyreplageri er ikkje lov i Norge . Men paradoksalt nok, i Norge kan kven som helst halde dyr, og det er ingen tvil, når ein har vore ute i felten og sett på dyrehaldet, at kven som helst ikkje er kvalifisert. Kanin er eit av dei mest mishaldne kjæledyra vi har, ofte verre enn pels. Mange kaninar sit eit heilt liv i eit knøttlite bur aleine. Dei kan leve opp til tolv år. Kaninen er eit dyr som kan springe opp mot 45 km/ timen, og er svært sosiale. Det seier seg sjølv at dess...

Bok to om Elise er under produksjon!

Sånn ser det ut, siste redigeringsrunde før språkvask. Kapittel ein i bok to om Elise! Og no kjem øyeblikkelig bok ein i pocket! Les Marit Emilie Buseths blogg om bok ein ! Under ser du bloggaren Hjortefots bokanbefaling:)

Kjappe fakta for hald av ein glad kanin!

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo . Takk til Karina på Fosseheimen Naturpark for lån av kanin og lokale, samt kamaraføring! Takk til Marit Emilie Buseth ( sjekk den gode kaninbloggen hennar her ) for hjelp med fakta! Vil du vite meir, les Den store kaninboka!  Sjå fleire faktavideoar om dyr her!

Dagens kronikk i VG: Gufs frå fortida

Les kronikken hos VG+

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida. Den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open.  Les artikkelen hos VG+ Haldningane partiet frontar, er haldningar frå ei tid då dyrevelferd vart ansett å vere ein disiplin for dyrevernarar, ikkje ein fagdisiplin tungt underbygd med forskning. For Senterpartiet er landbruksdyr eit virkemiddel til å nå distriktspolitiske målsetningar om folk og fe over heile landet, og på distriktspolitikkens alter ofres hensyn til norske landbruksdyrs ve og vel, samt hensynet til kvalitet i produksjon. Dette ser vi i sak etter sak. Framfor å bygge på dagens kompetanse, bygger Senterpartiet politik og tiltak på gårsdagens myter og ideologi. Artikkelen er trykt i VG 12.februar 2013 Det viser seg i sak etter sak. Senterpartiet har delteke i å nedkjempe norske kyrs rett til utegang. Norske kyr i lausdriftsfjøs skulle etter forskrifta frå 1.januar 2013 hatt krav på åtte vekers utegang. No er...