Gå til hovedinnhold

Innlegg

Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk.

Kyr i lausdriftsfjøs. Like bra som beite, meiner mange.. Sol og sommar i Norge, men norske konvensjonelle melkekyr i lausdrift har ingen krav på å få kome ut på beite, ikkje ein gong krav på å få kome ut i ein luftegard. Tines melkekartongar viser kyr på beite, sjølvsagt, dei frir til forbrukar, men fakta er at kun 10 prosent av norske kyrs fôrinntak kjem frå beite. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk. Men det er denne tiprosenten med beite Tine bruker i si marknadsføring av melk og melkeprodukt: kyr på beite pregar melkekartongane saman med søte historier om ungar som steller dei. Norske kyr henta i 2012 43 prosent av matinntaket frå kraftfôr. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Eit autentisk bilete av kva norske kyr et, ville ha vore eit foto av soyaproduksjon i Brasil på melkekartongane. Eller kanskje eit bilete frå aust-Europa?   Fakta er: norske lausdr...

Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad

Gratulerer med dagen og takk for invitasjonen! Det er ei ære. Det er flott å tale her i Bygstad, under Storehestens massive veggar. Du kan lese heile talen i denne bloggposten, eller sjå den på videoen under. Videoen tar 20 minutt . Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad from anne viken on Vimeo .   Når vi ser rundt oss, er det ikkje så grønt som vi skulle ønska det var i mai, men sjølv om bøane ligg gule og brune etter ein kald vinter finst der liv innimellom. Når ein ser utover bøane vil vi finne eit og anna grønt strå. Det er nesten som å sjå Sogn og Fjordane frå lufta. Ein ser for det meste natur, fjell og fjordar, men ser ein nøye etter oppdagar ein folka som bur her, langt inne mellom fjordar og under bratte fjellveggar. Her har vi klamra oss fast i uminnelege tider. På Kleppe, foto John Ole Kleppe Heilt frå steinalderen, då kysten var skogkledd og folk budde i steinholer, gjennom tida som del av Holmedal prestegjeld, seinare Indre Holmedal, til vi i...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Går til skjermen!

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo . Video: Kjappe fakta om korleis halde kanin som kjæledyr på ein måte som er bra for kaninen.

Alt som skjer i Elise-bøkene er basert på verkelege hendingar og research

Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis! Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane : Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf Mannen som lytter til hester, Monty Roberts Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt. Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i bo...

Ny Elise-bok: Elise og mysteriet på hesteklinikken, kjem høsten 2013!

"Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle seriøst trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etterkvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar." Anne Viken er dyrlege. Ho har tidlegare skrive Elise og mysteriet med dei døde hestane. Elise og mysteriet på hesteklinikken er ein frittståande oppfølgar i spenningshesteserien om Elise." Slik ser bok to om Elise ut. Den kjem til høsten 2013 og coveret er laga av Øystein Vidnes. Om du vil sjå alle utkasta som vart laga før det endelege coveret vart klart, kan du klikke her. Samlaget 2013. Elise og mysteriet med dei døde hestane kan bestillast her.

Plastskrot på havet drep sjøfugl

Kvart år vert det plukka mange titals tonn søppel frå viker og bukter på Værlandet. Søpla kjem frå privatpersonar, oljeindustri og fiskeri. Du finn alt frå plastposar til støvlar og flasker. Sjøfugl som et plast går ein pinefull død i møte. På bileta brenn vi drivved og materiale, pallar og plankar. Nokre fulle i spiker som dei beitande villsauene eller folk kan trakke på. Moralen er: hiv ikkje søpla di på havet. Det ser stygt ut og gjer stor skade på fugle- og dyreliv