Gå til hovedinnhold

Klimakrise i Nordsjøen (Klassekampen onsdag 8.november 2006)

AnneViken-blog Med andre ord

Torskebestanden tar seg kanskje aldri opp igjen, og det blir meldt om total hekkesvikt for sjøfugl i heile Nordsjøområdet. I mellomtida stig temperaturen i takt med CO2-utsleppa.

Dalsfjorden. Tom Johannessen står på Bakkeneset i Holmedal og fiskar i fjorden. Timane går. Ingenting nappar. Fjorden ligg dørgande stille. For ti år sidan var det sjeldan ein ikkje fekk fisk, no er det sjeldan at ein får fisk. Johannessen ruslar tilbake til hytta. Kvar er fisken blitt av?
Henning Vik sit utanfor naustet og speidar utover fjorden, men ingen fisk hoppar. Naboen har slutta å sette garn. Sjølv på hundre meter garn får han ikkje nok fisk til å fylle ei gryte, eller fø opp ein katt, som han seier det. Vik sjølv reiser ti nautiske mil vest om Bulandet for å hente opp torsk til lutefisken som heng under taket i naustet. Han synest utviklinga er skremmande, og den går fort.
Forskar Reidar Toresen ved Havforskningsinstituttet i Bergen seier observasjonane til Vik og Johannessen er i tråd med forskningsdata. Det står dårleg til med ein del fiskebestandar langs heile Vestlandskysten. Blant anna er Nordsjøbestandane av torsk, rødspette og hvitting i ei elendig forfatning. Hovedårsaka er ein kraftig nedgang i plankton, spesielt raudåte, som igjen gir dårlege beiteforhald og rekrutteringssvikt i fiskebestandane.
I tillegg fører sterkt fiskepress og låge forekomstar av tobis (småfisk) til at fiskebestandane er låge. Torskebestanden er no så liten at ein kan spørje seg om den i det heile tatt kan klare å ta seg opp igjen. Når rekrutteringa i Nordsjøen sviktar, vert resultatet tomme fjordar. Fisken forsvinn meir eller mindre frå kysten. Reidar Toresen meiner ein bør vurdere å stanse fisket etter torsk.

Det er vår. På tusen meters djup startar mange milliardar dyreplankton oppstigninga frå overvintringsområda. I øvre vasslag slår dei seg til ro og begynner å legge egg som i løpet av sommarmånadane utviklar seg til vaksne individer.
Den 3-4 mm store raudåta er ein nøkkelart i det nordlige Nordatlanterhavet sitt økosystem og einaste føde for fiskeyngel. Det lille krepsdyret har ei heilt dominerande rolle som bindeledd mellom produksjon av planteplankton og produksjon av fisk, skriv forskar Svein Sundby ved Havforskningsinstituttet i Bergen. Forekomsten av raudåte er størst i kalde år, og i kalde år er rekrutteringa til torskebestanden i Nordsjøen best.
Reidar Toresen seier nedgangen i planktonmengda heng saman med klimautviklinga og stigande temperaturar. Meir ekstremver endrar havstraumane og gjer at raudåten vert ført nordover om vinteren, bort frå Nordsjøen. Fiskebestanden i Nord-Noreg har dermed gode produksjonsforhald og er i god forfatning, men jo meir lågtrykk og milde vintrar, jo mindre mat blir det att for fisk og yngel i Nordsjøen.
Den globale middeltemperaturen har stige med om lag 0,6 °C dei siste 150 åra. CICERO, Senter for klimaforskning, melder at endringane siste hundre åra har vore betydelege i eit tusenårsperspektiv. FNs klimapanel (IPCC) konkluderer i sin tredje hovedrapport frå 2001 med at det er overveiande sannsynleg at menneskeskapte utslepp av klimagassar har bidratt vesentleg til den observerte klimaendringa siste 30 til 50 år. Og medan temperaturane stig, synk fiskebestandane

Fisken går djupare. Varme somrar fører til at fisken går lenger ut i havet og ned på større djup. Blant anna torsken er dermed ikkje lenger tilgjengeleg i dei same områda som fiskarane tradisjonelt er vand med å finne den.
Den hurtigsymjande makrellen, derimot, lever livets glade dager. Makrellen er ikkje så stadbunden som torsken, ikkje så avhengig av lokale forhald og difor ikkje ramma like hardt av nedgangen i planktonmengda som dei meir stadbundne artane. Ein kan altså enno trekke opp fleire kilo spinnvill makrell frå fjorden, medan den sløve torsken er sjeldan.
Vi inntar kaffe i naustet til Henning Vik i skuggen frå lutefisk fiska ti nautiske mil vest om Bulandet. Rundt oss er det dørgande stille. Berre ein einsleg måseunge ruslar rundt på piren. Før sat ternene tett i tett på berga her. No er det fleire år sidan Tom Johannessen og Henning Vik sist såg snurten av dei. Før krydde det av måsar, no er dei borte. Vik kastar brødsmular til måseungen som skvett bortover piren der det før stod tett med pal langs brygga. Sola steiker. Kvar er alle sjøfuglane blitt av?

Sommaren 2005. Fiskeridepartementet stoppar fisket etter småfisken tobis umiddelbart på tilrådning frå Havforskingsinstituttet. Ein står overfor ein total hekkesvikt blant sjøfuglar i Nordsjøen, og det blir gjetta på at den direkte årsaka til svikten er eit samanbrot i bestandane av tobis. I tillegg fører klimaendringar med stigande temperaturar til nedgang i planktonmengda, som igjen gir dårlege næringsforhald for yngel og ytterlegare svekkar sjøfuglbestanden sitt næringsgrunnlag langs kysten.
Industritrålfisket etter tobis til bruk i fiskeolje og laksefôr har tidlegare ikkje vore regulert frå norsk side, og fordi den lille, sylforma fisken opptrer i tette stimar, kan fangsteffektiviteten være høg sjølv ved låge bestandsnivå. I fleire år har det blitt drive eit massivt overfiske av tobis i Nordsjøen. I tillegg reknar ein med at ein auke i sjøtemperaturen kan ha vore med å påverke situasjonen for tobis ytterlegare i negativ retning.
Sola steiker over båten til naturoppsynsmann Tore Gundersen i det vi legg frå land frå Florø på leit etter sjøfugl. Vi passerar fabrikkområdet og industritrålarane til Ewos som blant anna produserer fiskefôr frå tobis, og stoppar eit par timar seinare i sjøfuglreservatet Ytre Torshamrane nord i Sognefjorden.
Store, svarte seige koksaktige oljeklumpar sit klistra på berga når vi stig i land. Undersida er klissete og seig. Seniorforskar Svein Ramstad ved avdeling for marin miljøteknologi ved SINTEF i Trondheim, trur klumpane kan stamme frå tung bunkersolje, den billegaste oljetypen ein kan få tak i. Mange cruiseskip og større lastebåtar bunkrar antageleg denne oljen.
Klumpane kan også stamme frå båtar eller plattformar ute i havet. Den klebar seg til fjøyr og kan skade og ta livet av sjøfuglar. Kjelda er ukjend. Det er altså ikkje berre matmangel som trugar sjøfuglane.

Fiktiv idyll. Over oss kretsar måsane, men idyllen er på mange måtar fiktiv. I 2004 blei det meldt om total hekkesvikt for sjøfuglane på Shetland, Orknøyene, Skottland og det nordlege England. Samstundes var det total hekkesvikt i sjøfuglbestandane langs vestlandskysten. Ingen ungar, ingen egg, ingen reproduksjon i heile Nordsjø-området.
I 2005 vart det registrert ein total hekkesvikt i bestanden av gråmåsar. Også svarbak, fiskemåse og sildemåsar stod over hekkesesongen. Toppskarven har fått seg ein kraftig knekk, og fleire områder som før var sentrale hekkeområder for teis, står utan fugl. Fleire artar av måse er utrydningstruga, og tobis ser ein knapt sporet av sjølv om fisket er stoppa. I 2006 antok ein at ein av ti sjøfuglar hekkar langs kysten, men situasjonen er enno, i følge Tore Larsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, svært kritisk.
I august gjekk fleire nordiske miljøvernorganisasjonar ut og ba Nordisk ministerråd engasjere seg for å redde sjøfuglbestanden. Dei ønskjer at ministerrådet set ned eit ekspertutval som kan kartlegge den dramatiske nedgangen i dei nordiske landa og kome med framlegg til tiltak. Organisasjonane peiker på matmangel som følgje av overfiske, særleg av tobis, som ei årsak til at det vert færre sjølfugl, og viser til at fiskekvotene i årevis har lege langt over det nivået som Det internasjonale havforskingsrådet har anbefalt. Så kva skjer no?

Noreg CO2-versting. Tilbake i den idylliske solveggen i Holmedal ytst i Dalsfjorden. Reidar Toresen ved Havforskningsinstituttet seier han ser alvorleg på situasjonen. Det manglande fisket i fjordane og Nordsjøen kan vere ein situasjon ein blir nøydd til å avfinne seg med over tid, og det er lite vi kan gjere med klimautviklinga utover å arbeide langsiktig med utslepp av klimagassar.
Harde fakta er deprimerande: FNs klimapanel (IPCC) reknar med at gjennomsnittstemperaturen vil stige med mellom 1,4 og 5,8 °C som følge av menneskeleg påverknad fram mot 2100. Sjølv om vi stabiliserer utsleppa av klimagassar i dag, vil det ta lang tid før tiltaka har noko virkning. Etter at CO2-utsleppa er redusert og CO2-konsentrasjonen i atmosfæren stabilisert, vil temperaturen fortsette å stige i eit århundre eller meir. Ifølge IEA (Det internasjoanle energibyrået) slapp kvar innbyggar i Noreg ut 7,5 tonn CO2 i år 2000. I Kyoto-avtalen har Noreg den tredje lågaste forpliktelsen med ei utsleppsauke på ein prosent frå 1990. I dag ligg utsleppa 6 prosent over 1990-nivå. På tide å ta grep?
Bestanden av sjøfugl vil sannsynlegvis vere svak i lang tid framover. Det er uvisst om bestanden av tobis er på veg oppover, og uvisst når den vil vere tilbake. Torsken kjem kanskje aldri tilbake i same mengde som før. I mellomtida sit Henning Vik og Tom Johannessen på ein pir i Holmedal. Fjorden ligg dørgande stille. Det ser mørkt ut for sjøfugl og fisk i Nordsjøen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb