Gå til hovedinnhold

Fylket som er som alle andre

I Sogn og Fjordane kan du både skape deg ein karriere og leve det gode liv.

Anne Viken, journalist

Kommentar trykt i Firda 21.februar

omega 3 of norway

OMEGA 3 FRÅ MÅLØY: Omega 3 of Norway

Eg hasta avstad gjennom Oslos gater på vei til messe om næringslivet i Sogn og Fjordane, og hadde strengt tatt ingen ide om kva som venta meg. Det første som slo meg, var at overskrifta Framtidsfylket er ei overskrift som lovar svært mykje. Det andre som slo meg, var at ein skal aldri lure kunden.

Fredag viste det Stryn-baserte merket Moods of Norway fram årets høst- og vinterkolleksjon på Bislett stadion under brask og bram, så det var med ein viss skepsis eg høyrde at moromannen Ole Johannes Øvretveit skulle opptre på næringslivsmessa som skulle rekruttere nye innbyggarar til Sogn og Fjordane.

Kvifor har dei ikkje trekt fram yngre og meir imagevennlige sjeler enn Øvretveit, tenkte eg. Her i Oslo vassar vi dessutan i moromenn og standup-komikarar til langt over knea. Gi meg Moods of Norway, tenkte eg.

Merkevara Sogn og Fjordane er ei mappe i hjernen vår der omdømet og assosiasjonene ein knyter til fylket, er samla. Mi mappe for Sogn og Fjordane hadde kort sagt ganske lite innhald under overskrifta ”næringsliv”. Om eg skal tenke fort, kjem eg på Dooria, Vestlandsforskning, REC, Åmot gard og Vikingfjorden, samt nokre få til. Moods sjølvsagt.

På rekrutteringsmessa var det tre traineer frå Vestlandsforskning, Moods of Norway og Stadt Towing Tank AS i Måløy som heldt foredrag før Øvretveit entra podiet. To av bedriftene var for meg velkjende, men at dei driv å bygger eit hydrodynamisk testsenter for innendørs slepeforsøk med båtskrog i Måløy, må ein vere synsk for å vite.

På stands etter foredraga fekk vi kjennskap til Alkymisten i regi av Innovasjon Norge som hjelper deg å bli din eigen sjef, og Huldra, ein døropnar for kvinnelege gründerar. Det vart delt ut invitasjonar til jentetreff i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane, og på stand for Måløy næringshage fekk vi vite at dei produserer ”Omega 3 of Norway” hos Norway Omega AS i Måløy. ”Omega 3 of Norway” er esklusive kapslar med Omega 3 pakka i eksklusive glasflasker munnblåst på Hadeland Glassverk.

Merkevarebygging handler om å vere unik, seier dei som bygger merkevarer. Det handlar om å snakke til hjartet, begeistre og forføre. Ei merkevare er ikkje det konkrete produktet Sogn og Fjordane, men følelsane og assosiasjonane vi får i forbindelse med fylket.

Men båtar og moromenn finn vi over alt. Kva kan Sogn og Fjordane komme trekkande med til Oslo som Oslo ikkje har frå før? Storehesten? Den kan ein ikkje flytte på. Dessuten er Storehesten berre eit av mange hundre norske fjell.

Det store merkevarespørsmålet er kva slags draumar og følelsar ein kan realisere i Sogn og Fjordane som ein ikkje kan realisere andre stader, men eg trur ikkje det er om å gjere å poengtere at Sogn og Fjordane er så veldig forskjellig frå andre stader. Skillet mellom by og bygd er i ferd med å bli viska ut. Folk i fjordfylket forskar, skaper designprodukt og bygger høgteknologiske båtar, akkurat som folk i Oslo.

Nettopp denne likheita fekk næringslivsmessa fram: I Sogn og Fjordane har ein akkurat dei same mulighetene til å realisere seg sjølv karrieremessig som andre stadar. I tillegg kan ein springe på fjellet, bade naken i fred og ro, eller ha villsauer på si eiga øy. Ei merkevare inkluderer draumar og følelsar, og er eit mektig våpen. Kombinasjonen av karriere og livskvalitet er eit solid stempel å ha på seg.

Det er Øvretveit sin feil at eg no forbind Sogn og Fjordane med erotikk på Viksdalsvatnet etter arbeidstid. Det høyrdest slettes ikkje så verst ut.

Vite meir:

www.huldra.biz

www.innovasjonnorge.no/sognogfjordane

www.norwayomega.no

www.stadttowingtank.no

www.vestforsk.no

www.framtidsfylket.no

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...