Gå til hovedinnhold

Tøffe damer, jess jess jess!!!

Tøffe damer som Michelle Obama, kona til Barack Obama, gjer meg opp over øra begeistra. Eg må innrømme eg går glatt i ukritsk fan-modus. Les her om denne fabelaktige dama. Det er så fantastisk digg å lese om tøffe damer som ikkje berre sit på den breie feministræva si og skriver debattinnlegg eller forskningssaker som maks ei halv promille av befolkningen leser og ein enda mindre andel bryr seg hakket om. Og som resten driter i, eller i beste fall ler rått av, sjølv om dei vel er enige. Eg meiner feminister har eit retorisk problem, samt ein teoritynga virkelighetsoppfatning.

Og medan du les vidare i denne bloggen, vil eg gratulere Superfamily med Spelemannspris. Trykk her for å høyre den fabelaktige låta Warszawa.

Eg skal ikkje henge ut navngitte feminister her, men av og til sitter eg litt på gjerdet rundt feministane, høyrer på utgreiingar og les retorikken med eit halv ironisk smil. Av og til spør eg meg kvar dei koblar teori og virkelighet, eller om teorien er deira virkelighet. Teori er som kjent kun eit verktøy til å fortolke verda og sortere informasjon. Teori er ikkje verda. Teori er ikkje virkeligheten. Og eg kallar meg sjølv for feminist, men eg er ikkje ein slik teori-feminist, eg er ein realist-feminist! Og eg hatar ikkje menn. Eg elsker menn. Menn er kanskje dyr til tider, men er ikkje det litt av greia?

Uansett. Kva er poenget med å deklarere seg feminist når det blir med preiket, og når preiket berre ender ut i ein eller anna form for teoretisk debatt i nisjeblekker, ingen handlinger. Feminisme har ein tendens til å bli underholdning, feminister mediekaniner som seier litt på vippen kjedelige og forutsigbare ting og som er så plagsomt korrekte at ein av og til kan lure på om dei har sex i anna enn misjonær.

Det er noko som fortel meg at vi trenger virkelige tøffe damer som virkelig utretter saker, ikkje berre maser om at ting burde utrettes. Feministane er ikkje lenger forbilder. Dei er teoritunge akademikerdamer. Vi treng virkelige Damer som tørr å kalle ein spade for ein spade, og ikkje for ein konstruksjon av metall og trevirke. Eg held ein knapp på Kristin Clemet. Dama er beintøff, dritdyktig. Ein kan vere så ueinig ein vil, men ein kjem ikkje utanom Clemet som ideolog og handlingskraftig politiker, feks som Utdanningsminister under Bondevik. Bondevik derimot, har eg mindre sansen for men det er i anna historie. Clemet definerer seg vel ikkje som femnist, men det driter eg ærlig talt i. Dama er eit ypperlig forbilde for kvinner.

Altså. Beintøffe damer er det vi trenger. Vi trenger ikkje politisk korrekte feminister som går i takt og uttaler seg om det eine korrekte tema etter det andre med ein forutsigbarhet så stor at ein eigentlig berre kan lage nokre sitater, trykke i avisa og vere sikker på at den ikkje interjua feministen vil vere dønn enig i at det var nøyaktig det ho ville ha sagt dersom ho hadde blitt intervjua. Herrgudogbuddah så kjedelig. Go go Michelle Obama. Eg skal heie heile veien til Det hvite hus. Vi trenger tøffe damer som går sine egne veier, ikkje zzzznorkedamer som rusler i takt.

Og sånn på tampen, det heilt motsatte til karrierekvinnene Michelle Obama og Kristin Clemet. Dei kvinnene som ikkje har lyst til å ha ein karriere, som ikkje er interessert i å stige i gradene, som ikkje vil ta over verden, men som vil ha familie. Eg syns det er kjempemessig, dei som velger det. Altfor mange unger tilbringer sykt lange dager i barnehagen. Er det sunt?

Kva er lykken i å ha full jobb, lederstilling og to unger når du ikkje har tid til verken kjæresten eller unga eller jobben og alt blir eit stress? Da vil eg pindadø, ukorrekt nok, ha ein deltidsjobb. Det bør vere min rett å kunne velge deltidsjobb uten å bli stigmatisert eller putta i ein boks og kalt for undertrykt av patriarkiet eller eit offer for systemet. For kva er logikken i at alle skal ha fulltidsjobb? Neppe denne: ledighet er roten til alt vondt. Stress er rota til svært mykje vondt det også. Eg meiner kvinner må ha rett til å velge å vere heime. Gutta også. Det gjer ingen lykkelige å gå politisk i takt. Og eg ser ikkje poenget med å ha unger som kun puttes i barnehagen og forblir der til dei begynner på skulen, for så å forbli på skulen til dei flytter ut og begynner sitt eige stressande liv. Eg liker ikkje stress. Eg liker tøffe damer og kjekke menn.

Og til slutt. Stakkars Britney Spears. Eg syns synd på dama.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...