Gå til hovedinnhold

Kutt ut nynorskfjaset


Anne Viken og Brynjulf Jung Tjønn, lesarbrev i Firda eit par dagar før 17.mai 2008

I eit utspel i gårsdagens Firda går ny leiar i målungdommen JanneNygård (18) frå Jølster ut og kritiserer oss fordi vi seier nynorskener vrang og vanskeleg. Ho seier at vi heller enn å byte til bokmål,bør engasjere seg i debatten for å gjere språkforma betre. Det Nygårdoverser, er at vi bidreg til å utvikle språket og drive debattengjennom å belyse dei praktiske problemstillingane knytt til bruken avnynorsk skriftspråk.


Vi er profesjonelle språkbrukarar i den forstand at vi livnærer ossved bruk av skriftspråk, og vi representerer ein stor stand av andreprofesjonelle språkbrukarar som til saman utgjer nynorskens ansiktutad, lik det eller ei. Å belyse problema nynorskbrukarane slit med,er ein stor og viktig del av debatten rundt korleis ein skal gjerenynorsken betre. Skal ein finne løysingar, må ein også vite kvar skoentrykker. Men dessverre er det ikkje så populært å påpeike nynorskenslyter. Mykje av nynorskdebatten ber preg av at nynorskens forsvararar ikkjehar spesielt god kontakt med den røynda nynorskbrukarar, eksempelvisnynorskbrukarar i media, forheld seg til. Dette ser ein påargumentasjonen.Men målrørsla, og også den unge leiaren, ser ut til å vere skugge- ogdebattredde.


Heller enn å gå i dialog for å framskaffe informasjon,slår dei ned på alt som minnar om kritikk. Dei belærer og pratarheller enn å lytte. Vi får ingen dialog, men ord mot ord. Dette taparnynorsken på. Dette tapar nynorskbrukarane på. Målrørsla er prega av det som ser ut til å vere, men vi veit detikkje stemmer, tett indre samhald mot ein ytre fiende. Fienden erbokmålselefanten og nynorskens kritikarar. Målrørslas einaste funksjonper dags dato er å stå saman mot alt og alle. Kva oppnår ein meddette? Vi to har sterk støtte for våre synspunkt i mediekretser. Ja, dette erofte tilflytte journalistar som ikkje klarer skrive korrekt nynorsknår dei jobbar under hardt tidspress, men desse er mange og når vi ermange, er vi mektige. Vi pregar mediebiletet. Dei problema vi møter påi praktisk bruk av språket, er ein realitet ein ikkje bør sjå bortfrå, og ein realitet som bør ligge til grunn for nynorskdebatten.


Utfordringa er denne: Korleis kan ein lage ei norm som kan brukast iden praktiske kvardagen? Når klokka tikkar og sjefen piskar deg er detikkje bøying av verb som er den første tanken som slår deg. Målfolkethar ved fleire høve trekt fram dei nynorsktalande journalistane i NRKsom gode førebilete for nynorskfolk. Greit nok, men dessejournalistane pratar nynorsk. Du ser ikkje lappen dei les frå. Mangeles opp frå manus smekk fulle av skrivefeil, mange les opp fråbokmålsmanus. Dette er den praktiske røynda vi forheld oss til iOslo-pressa. Er den irrelevant? Nei. Den er svært relevant. Vi har sterk støtte for våre synspunkt blant professorar ogspråkforskarar. Vi får inga støtte frå målrørsla.


Målrørsla likar ikkje sånne som oss som skapar debatt, er unge og frekke. Vi to blir derimot hylla i det virkelige kompetansemiljøet rundt norsk språk.Vi lurer på kvifor ikkje målrørsla har den same støtta blantspråkfolket som oss? Kanskje fordi rørsla ikkje forheld seg tilrøynda. Fordi dei frontar synspunkt ved bruk av kampretorikk ogutdaterte politiske skillelinjer i frykt for kritikk. Ein som er undermassivt angrep, vil ofte bli irrasjonell og gå til forsvar heller enni dialog.


Dette gjer rørsla. Om ikkje målrørsla, og heller ikkje den 18 år gamle nye leiaren imålungdommen, anser dei praktiske problema rundt nynorsken som ein delav debatten rundt språknorma, blir vi bekymra. Kven skal dei då høyrepå, dersom vi som brukar språket ikkje er relevante kilder som kanpeike på nynorskens utfordringar? Realitetane og dei praktiskeutfordringane er viktige når språkdebatten skal takast og ei ny normutformast. Nynorskfolket bør gjere som Ivar Aasen: reise rundt og lytte hellerenn å vase og snakke om utopiske realitetar. Dei bør få grep om kvasom er dei faktiske problemstillingane og lytte til oss som peikar pådesse. Den dagen kan målrørsla framstå som relevantesamfunnsdebattantar. Kanskje klarer vi også å skape ei god norm. Skal dette skje, må vi ha dialog.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb