Gå til hovedinnhold

Misbruk av feminisme

Høyr denne 8.mars-debatten mellom Randi Førsund og Anne Mette Hjelle.

Dette er den mest bråkete debatten eg har hørt på lenge. Dei påberopar seg begge å vere feministar, men ingen av dei er det slik eg ser det. Slike som påberopar seg å vere feminstar men ikkje er det, samtidig som dei jamrar seg og flaggar ordet for å liksom fronte ei "feministisk sak" som til sjuande og sist handlar om alt anna enn feminisme, ødelegg for ordet og for kvinnekampen.

Å vere feminist handlar om aksept for at vi er ulike, det handlar om aksept for at nokon vil drive liten butikk og andre vil lage stor film. Det handlar om aksept for at den enkelte har sine ønsker og muligheter. MEN det handlar også om systemkritikk, og då går det ikkje an å sei at den enkelte er fullt og heilt ansvarleg for si eiga lukke og sin eigen framgang slik som Helle presterer å sei samtidig som ho kallar seg feminist. Dette Hjelle seier, er beint fram Frp-retorikk og Frp har ingenting med feminisme å gjere. Greit nok, ein har sjølv ansvar, men det er ikkje kun ein sjølv. Ein er også avhengig av systemet ein befinn seg i.

I sysmemkrtikken ligg også ein kritikk av systemet, naturleg nok, som skapar skilnader mellom kvinner og menn, og som gjer at kvinner i Noreg tjener nesten 15 prosent mindre enn menn i gjennomsnitt, for same type jobb. Men dette igjen, har lite å gjere med at Førsund ikkje får 100 millionar til ein film. Førsund trekker inn feminisme i sin argumentasjon, det er kort sagt misbruk av ordet. Eg blir litt småsur på vegne av kvinner og på vegne av feminstane. SJekk ut http://www.fett.no/. Her foregår seriøs feministisk debatt. Eg er bra lei av at alle som har fitte kaller seg feminist. Mange kvinner som kallar seg feministar, er på kunnskapsnivå alla Frp kva feminisme angår. Det held kort sagt ikkje.

For å kalle seg feminist, må ein vite kva ein snakkar om. Ein kan ikkje berre ta fram ordet feminist og bruke det til å fronte si sak slik Førsund gjer i denne debatetn, og slik Hjelle også gjer. Det er misbruk av ordet og politikken rundt feminismen. Kan godt vite dei veit meir om feminisme enn kva som kom fram i denne debatten, men det kjem ikkje fram. Kall ein spade for ein spade. De diskuterer innovasjon norge i denne debatten, dette har ingenting med feminisme å gjere slik som de framstiller det. Set dåke inn i feminisme og kva det står for før de flaggar det feministiske flagget.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb