Gå til hovedinnhold

Skal du spele inn skrekkfilm? Eg har det du treng

Mange skrekkfilmar brukar skrika frå påfugl for å få til ein uhyggeleg stemning, og du er skrekkeleg heldig. Eg har det du trenger: eg har to stk påfuglar som du kan få kjøpe.

Kva i alle dagar skal eg med påfugl, spør du no. Sånn bortsett frå å spele inn skrekkfilm. Folk veit lite om påfuglar, det er ikkje eit vanleg husdyr i Noreg, men eg slår herved eit slag for påfugl som selskapsdyr. Eg er veldig glad i fuglar, har hatt alle slags fuglar i mange år, og påfugl er ein definitiv favoritt. Dei er intelligente, svært interesserte i folk og likar seg helst i nærleiken av deg. Med andre ord som ein hund med stjert. Sit du ute og solar deg, kan du vere sikker på at påfuglen sit og solar seg eit par meter frå deg. Sit du ute og les, sit påfuglen like ved, og om du et, sit han omtrent på fanget ditt. Om du les høgt for den, begynner den å blande seg inn så det er ikkje så lurt.

Du tenker kanskje at det er dårleg reklame for påfugl å fortelle at dei skrik så høgt at dei passar på film, men dette er definitivt noko du bør du vite FØR du får deg påfugl, ikkje etter at naboen har skote på deg i filler med hagle og meldt deg til politiet på grunn av skrekkfilmhyl frå hagen din i seine kveldstimar. Uansett, den skriker kun av og til, ikkje heile tida, og kun deler av året. Om natta er den stort sett stille.

Om natta sit dei høgt oppe i eit tre heile sommaren, om vinteren er dei inne, men dei har ingen problem med minusgrader og snø. Einaste er at dei kan sette seg fast i djup snø. Då er det på med skia og ut og hente dei. Dei lever i mange år, over ti, og stikk aldri av lenger enn femti meter frå huset med mindre du får over hundre gjester på same tid, men dei kjem tilbake innan ei veke. Det er berre å etterlyse dei på radioen.

påfugl

Desse to som er til salgs, på biletet over, er 10 månader gamle. Dei likar musikk, bilar og god mat, akkurat som deg. Vil DU kjøpe dei, kan du kontakte meg. Dei kan ikkje brukast til slangemat, du må ha uteareal og hus til dei om vinteren. Dei er svært glade i blå bilar, eg aner ikkje kvifor, og set seg på panseret av alt som liknar bil, så du bør ha mulighet til å parkere eit stykke frå påfuglen sitt område, dvs ca femti meter frå huset til fuglen. Den er ikkje veldig langreist og flyg like dårleg som deg.

Biletet under viser pappa påfugl. Han er ikkje til salgs.

påfugl

Dette er eit dyr med svært mykje personlighet sjølv om ein kanskje tenker at ein fugl kun er ein fugl. Mine første påfuglar kom i ein kasse frå Stavanger. Eg var tolv år og ringte til oppdrettern og spurte korleis ein har påfugl, eg hadde aldri hatt påfugl før. Han sa eg skulle få kjøpe dei, og sa at om dei fekk kyllingar, måtte kyllingane kun få kokte egg første veka. Påfuglkyllingar er ikkje noko ein skaffar seg kun for moro. Dei er små, har altfor langt nebb og kan dette utfor ting. Dessutan veks dei skrekkeleg tregt og ser ut som små øgler i mange veker.

Fugl er dessutan ein nolevande dinosaur, og når påfuglane strekker hals så fjøra på halsen står rett ut, ser dei ut som ein stor mark, eller støvsugarslange. Eg såg ein film om dinosaurar på Museum of Natural History i NY og det var som å sjå påfuglar i ørkensand.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb