Gå til hovedinnhold

Norske aviser leses sjølv om dei er femti prosent dritt

DEBATT OG JULEGLØGG 10. DESEMBER: Velkommen til åpen debatt og julegløgg kl. 18.30 på Stopp Pressen, VG-huset.


Hva skjer med innholdet når norske mediebedrifter kutter over en milliard?

Hvem skal betale for journalistikken?


Ka blir konsekvensane når mediehusa kuttar, spør ordstyrar Håkon Haugsbø, og Jo Beck-Karlsen, journalist, forfatter og førsteamanuensis i journalistikk ved Handelshøyskolen BI, svarer: Det verste som kan skje er at journalistikken blir uviktig og oppleves som uinteressant av leserne.

Signaleffekten av å kutte, er at noko ikkje er prioritert.. og om resultatet blir senka kvalitet, kva er då att? tenker eg, for når det gjeld kvalitet, har ein ingenting å gå på.

Har vi noko å gå på når det gjeld kvaliteten i papiravisene? spør Haugsbø, og Beck-Karlsen svarer: Kvaliteten er alt altfor dårleg.

Om lesarane sviktar, sviktar annonsemarkedet.

Før kunne eg berre ha ropt litt høgare og alle ville ha hørt. Det kan eg ikkje lenger, lesarane er berre interessert i ein liten del, sa Kjersti Løken Stavrum, blant anna redaktør i A-magasinet, og heva stemma.

Kresne lesarar som siler kva dei les og ikkje, og som kun vil ha litt og ikkje alt, så korleis få alle på kroken? Eller korleis få det rette segmentet på kroken, eller kva slags tilbud skal ein ha om ein vil ha lesarane til å kjøpe aviser..

Kva skjer, om du skal sei det i store bokstavar? spør Haugsbøk og Birger Magnus i Schibsted svarer: Med store bokstavar kan ein sei at markedet fell hurtigare enn det nokon gong før har gjort i medieselskaper. Fallet er mykje større enn etter jappetida, men det fell ikkje i lesermarkedet, det fell i annonsemarkedet.

Konflikt: kvifor legge ut saker gratis på nettet når annonsemarkedet svikter? Då tjener ein uansett ikkje noko på det.

Det er mykje heimesnekra ledelsesfilosofi i mediehusa, sa Beck-Karlsen, og eg tenkte mitt. Det har eg saktens vore ute for, har vi ikkje alle?

Beck-Karlsen fortsatte med å sei at feilen mange mediehus gjer, er å pøse på med det publikum alt har sagt nei til, det vil sei ekspertintervju med ei eller anna case påhengt. Eg kunne ikkje vere meir enig, eg trur nesten meg og Beck-Karlsen bør bli venner på facebook;)

Dei evinnelige dårlige casa, eller anticasa, som ein alltid måtte klistre på i gamle dagar, slapp eg heldigvis unna feks i Klassekampen. Kva er meir bortkasta enn å bruke timesvis på å finne ein eller anna person som kan glitre med fjeset sitt i saka di med nokre få og intetsigende ord? Finn heller eit godt bilde av personane ein har snakka med, eller kva som helst, spar meg for dumme case. Finn heller intelligente og gjennomførte case, her skiller vi god og dårlig journalistikk. Gode case er relevante, har innsikt i problemstillingen og står midt i saken, dårlige case finn ein på gata, men det siste er det mykje av, dessverre.

Løken Stavrum sa vidare at det i framtida vil bli vanskeligare å bli journalist pga ein kan kun ha dei beste. Akkurat dette var litt skummelt for kven er det som er dei beste? Dei som er best til å skrive trash og kjendisstoff, eller dei som er best på gravestoff, dei som er enige og tro til Dovre faller eller dei som tenker sjølv? Ein bør vel ha ein kombi av alt, kanskje, men det er jo ei kjent sak at det ikkje alltid er dei beste som slepper til, og no snakkar eg ikkje av eiga erfaring, men det held med eit raskt overblikk på presse-Norge. Slik er det vel uansett i alle bransjar.

Men her kjem vi inn på spørsmålet: kva er kvalitet? Og kven er det som bestemmer kva som er kvalitet? Lesarane liker jo rampelys i VG sjølv om det frå eit kvalitetsperspektiv er lite anna enn trash.

Igjen slo Beck-Karlsen til med ein påstand eg er enig i: Halvparten av alt som står i norske aviser kunne ha vore kutta.

Han sa også at det vi vil få sjå i framtida er slankare aviser med meir relevant stoff, men igjen spør eg meg: kva er relevant stoff? Det er som sagt ikkje lesarane som sluttar å lese. Lesarane les dei, men kva vil vere relevant stoff? Om ti år?

Birger Magnus slo også fast at norske aviser leses, sjølv om der er mykje drit. (Han brukte ordet mykje dritt), men avisene taper annonsemarkedet til giganten google..

Så ein leser dritt, og kvalitet er eit relativt begrep. Eg er svært spent på framtida.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn