Gå til hovedinnhold

Indiske myndigheter utryddar sine eigne husdyrrasar


Biletet er henta frå rapporten "Industrial livestock production and its impact on smallholders in developing countries" på nettsida http://www.pastoralpeoples.org/


Eit av punkta som FAO (Food and Agricultural Organization) peikar på når det kjem til matsikkerhet, er bevaring av lokale, økologisk tilpassa og levedyktige husdyrrasar. Å fjerne og utrydde desse, svekkar grunnlaget for matproduksjon. Mange av desse rasane avheng av at kulturelle levesett blir oppretthaldne for at dei fortsatt skal kunne eksistere. Om det ikkje er att beitemarker, må flokkane slaktast, og blir flokkane slakta, blir rasar utrydda. Berre i India er nærmare tretti lokale husdyrrasar trua av utryddelse på grunn av indiske myndigheters jag etter å produsere melk i verdsklasse, av høgproduktive dyr "i verdsklasse".


Lokale husdyrrasar er utvikla saman med menneska dei lever ilag med i lokal kultur og lokalt økosystem. Dei er tilpassa skifte mellom tørketid og regntid, dei kan trekke plog. Vil du lese meir, anbefaler eg deg å laste ned rapporten Keepers of genes frå http://www.pastoralpeoples.org/ .

Å vise til India som eit eksempel Norge kan lære av, eller samanlikne seg med, er eit tveegga sverd.

Eg er svært skeptisk til norske landbruksentusiastar stadige samanlikning og framtrekking av India som eit eksempel vi må samanlikne oss med. Er dei klar over at indiske landbruksmyndigheter set i gang tiltak som utryddar lokale husdyrrasar til fordel for høgproduktive rasar? At dei kun tilbyr forsikring til bønder som ha dyr av høgproduktive rasar? At ein kun får lån til å kjøpe desse rasane, ikkje til å kjøpe lokale rasar?

Er det økologisk berekraftig? Indiske myndigheter sjølv ser blant anna på auka konkurranse, og det at multinasjonale selskap invisterar i landbrukssektoren som sunn konkurranse. Vi snakkar ca 5 000 sjølvmord blant bønder berre i delstaten Andhra Pradesh per år. Vil du vite meir, les min serie i Klassekampen denne veka. Den tar opp dette tema. Har du ikkje fått med deg dei to første sakene, kan eg sende dei på epost.

Les meir i The New Agriculturalist.


Kuriosa.:

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...