Gå til hovedinnhold

Den korrekte debatteliten og den ukorrekte monster-Monsen

Fritt ord har jo lyktes i å skape debatt med si tildeling av prisen til Monsen, sjølv om Monsen er splitter pine og uttaler seg ganske hårreisende til tider (eg siterer).
Men jo meir ein disser dama, jo meir sympati får ho vel i sine miljøer, og jo sterkare står ho (og dei) på sitt. Svertekampanjer virker jo ofte mot sin hensikt, dessverre/ heldigvis alt ettersom korleis ein ser det. Og det er vel ingen hemmelighet at ho nok har ein god del støtte ute i det ganske land, sjølv om debatteliten (som er hellig enige om mangt og mykje og jaffal i stor grad om Monsen) meiner ho er eit lite unikum som kjem med nye synspunkter.
Men at bygdedyret / Monsen kjem til på offentlig debattarena, er ikjke nødvendigvis ein god grunn til å gi ho ein pris. PÅ den andre sida er det jo litt dumt, men slik er det vel, at kun ein liten krets deltek i dette ordskiftet og at store mengder mennesker (som dei som meiner som Monsen) ikkje deltek men driv på med sitt andre stader. Kvifor? Er dei ikkje intellektuelle nok for debattens dørvaktarar? Ikkje virkelighetsfjerne nok? etc..
Spørsmålet eg stiller meg, er om debattfolket i Oslo burde ta seg eit feltarbeid ute blant folk og sjekke ut kva desse faktisk meiner. DÅ hadde dei vel neppe gitt prisen til Monsen, all den tid ho representerer svært mange, mange fleire enn kultur- og medieeliten. Som vi veit har Frp stor oppslutning, langt større enn SV oa, Dei ville ha funne ut at Monsen er ei jævla mainstream dame, og så ville nokre andre gøyale folk fått prisen, debatteliten hadde vore sabla enige og vi kunne brukt denne dagen til å sitte ute og drekke pils på løkka heller enn å demonstrere, og norge hadde vore eit litt kjedeligare land der det skjedde akkurat like lite som ellers og dei som diskuterer kunne fortsatt å debattere forsiktig fram og tilbake om nyansene i sine egne små kommentarer basert på grunnfagspensum i retorikk, litteratur eller samfunnsgeografti for den del, og vi andre kunne tenkt at no må det snart skje noko gøy, men MOnsen vant aldri, akk ja nei, og vi var alle nøgde og levde ti år lenger uten hjerteinfarkt.
Hurra det er vår. Monsen er ein fin fin underholdningskanin i media, og Fritt Ord får tidenes pr. Det frie ord ser ut til å vere viktigare enn nokon gong. Debatt bør ikkje hindres av teoriveldet i byen. (Og eg er ikkje pro Monsen, eg er pro debatt).

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...