Gå til hovedinnhold

Mange hovud tenker bra ilag om Sogn og Fjordanes image

No har eg vore på NRK og debattert med Arvid Andenæs. Det var konstruktivt, synest eg. No sit det sikkert mange der ute i det ganske land og tenker sitt om debatten, som alltid. (Eit essay i Syn og Segn, sjå lenger nede i bloggen).

Det som er litt interessant i denne samanheng, er at dette essayet er eit prosjekt eg har fått svært mange innspel til undervegs. Blant anna frå lokale bloggarar i og utanfor (men med tilknytning til) Sogn og Fjordane, samt lokalpolitikarar og forskarar i fjordfylket. Dei har alle lese essayet før det gjekk i trykken og har kome med innspel og tilrop, og det vi alle konkluderte med før det vart sendt til trykkeriet var dette: vi var enige om at dette var konstruktive tankar. Og slik er det ofte når eg jobbar med tekstar: eg ber om innspel, ris og ros. For berre då kan eit produkt bli bra. Difor meiner vi at dette innspelet, i form av essayet i Syn og Segn, som de vil kunne lese ein kortversjon av imorgondagens Bergens Tidende og Klassekampen, er eit innspel på vegne av fleire. Det er meint å vere ein refleksjon, ikkje ein hard kritikk, og meint å vere eit konstruktivt kunnskapsbasert innspel, faglig korrigert og lest av fleire samfunnsengasjerte og dyktige menneske.


Så takk til alle som har tenkt tanker om Sogn og Fjordane ilag med meg, og eg tillet meg å sitere klipp frå to av våre mailvekslingar:

-

Din kritikk er i så måte interessant, for den form for motkultur du beskriver – det å gjøre gull av rural gråstein – i prinsippet kan være en del av den form for anerkjenning av egen perifer status jeg etterlyser. Når jeg likevel er enig i din kritikk er det flere grunner til det. Markedsføringsspråket er pinlig parodisk og klisjébefengt (selv om klisjeen har den egenskap at folk kan lese inn sitt personlige innhold i den). Samtidig er den patologiske vektleggingen av sport og natur veldig overfladisk om det ikke samtidig genereres en kultur rundt aktivitetene. Med kultur mener jeg her ikke annet enn at folk slutter opp om et fenomen eller en aktivitet. Jeg føler folk i Førde ikke slutter opp om noe som helst. Nesten hver gang jeg er der forbanner jeg meg selv på at jeg aldri skal tilbake. Folk er sløve og gidder knapt å forlate huset.

---

Sjølvsagt er det eit sentralt mål at bygda skal framstillast mest mogleg attraktiv og tiltrekkande og spanande og kul. Og ja; empirien syner at det er mange kommunar og lokalsamfunn/bygder som hoppar på galeien og syner fram lier med puddersnø og trendy ungdom (og jamvel eh, vaksne) på ski og snøbrett i kampanjane sine.

Ein kan gjerne hevde at berre daud fisk følgjer straumen, ja!, men er det ikkje også eigenleg slik at dei som marknadsfører bygda eller kommunen også har relativt klare tankar om kven dei vil ha som tilflyttarar? Du er inne på dette med å tiltrekke seg det sporty elitesjiktet. Eg tenkjer i blant at akkurat det er ein underliggjande bodskap i mange av dei ulike kampanjane; nemleg at det kan vere nett det same med heile tilflyttinga, dersom det ikkje er dei ressurssterke og konsumerande middelklassemenneska som kjem. Bygdene veit kven dei vil ha, og kanskje følgjer mange den same strategien nettopp fordi dei konkurrerer om dei same tilflyttarane? Dei som har store ressursar, som følgjer trenden og som både har høg utdanning og klare ambisjonar om å skape seg ei karriere (entreprenørar, ja!) med basis i rurale strok? For bygda vil ha dei rette tilflyttarane som i neste omgang medverkar til å forsterke det nye bygdeimaget!

--

Ja, dette er svært interessant.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb