Gå til hovedinnhold

Nydelig bok


Brudereisen av Marieke van der Pol, rykande fersk på norsk. Berre heilt nydelig frå start til slutt. Eg må tenke litt før eg skrive noko meir. Av og til er det kanskje like greit å ikkje skrive eit ord, berre tenke litt. Sjekk ut filmtraileren.

Reint skriveteknisk gjer denne boka eit grep som eg liker. Den hopper som ein film. Vi befinn oss i ei dramatisk scene, og så brått er vi hoppa framover i tid. Hovedpersonen har tatt eit valg og handla, og når vi blar om, i neste kapittel, på neste side, er han på vei.

Eksempelvis når Derk krangler med Ada. Han går ut døra på vei til skulen med ungane. Ho står att. Når eg begynner på neste side, sit ho på toget på vei vekk. Vi får ikkje lese eit ord om at ho tenker seg om, at ho pakker, at ho går ut døra, springer til toget, kjøper billett. Vi blir berre plassert direkte på toget der ho alt er fleire timar på veg vekk frå mannen. Fleire stader er slike overganger brukt veldig effektivt. Ein hoppar mange år i tid på få linjer.

Forfattaren hopper også mellom veldig mange tider, stader og personar. Ho vekslar effektivt mellom hovedsaklig fire ulike synsvinklar, og vi får gjerne lese dei same scenene først frå ein karakter sin synsvinkel, så den andre, så den tredje. I tillegg kjenner vi den fjerde karakterens utgangspunkt for å vere i denne scena, og vi kan tenke oss til kva ho tenker og føler her. Det skaper ein veldig effektiv dramaturgi, og på grunn av dei gode karakterane skildra med kompleksitet, dybde og psykologisk innsikt, held ein spenningen både i handlinga og mellom karakterane. Spenningen mellom karakterane er kanskje styrken til denne romanen.

Overgangane frå ein synsvinkel til ein annan er ikkje skrivne inn i teksten, men adskilt med avsnitt, kapittel eller ny side. Ein del utdrag, eller tilbakeblikk bakover i tid, er utskilt med skrå skrift. Det fungerer veldig bra. Forfatteren klarer å koble notid og tilbakeblikk, pusle saman handlinga og det som har vore, samt det som skal skje ein gong i framtida når karakterane igjen møtes som gamle kvinner.

Eg lurer litt på korleis ho held alle ballane i lufta. Skriv ho alt direkte ned, i rekkefølge på magefølelsen utfrå ei skisse over handlinga og over karakterane sine eigenskaper, eller skriv ho brokker og pusler etterpå. Antageligvis beggedeler. Uansett er det fasinerande å lese ei bok som inneheld såpass mange infiltra skjebner, og eg tar meg i å beundre korleis forfattaren briljerer med overganger, spenningskurver, psykologisk kompleksitet og innlevelse.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...