Gå til hovedinnhold

Dersom du ikkje veit kvar kultureliten vankar, samt meiner at denne kun finst sentralt, sankar du stemmer til Frp

Kultureliten gjer Frp større, skriv Knut Roger Andersen i styret for Oslo Arbeiderparti fredag 10.juli. Vidare skriv han om den vestkantprega gjengen på Kunsternes Hus som gjer motstanderne av Frp ei bjørnetjeneste. Denne gjengen er i følge Andersen ein elite, nærmare bestemt den over alt diskuterte «kultureliten».

Det er her på tide å utvide kulturelitebegrepet, eventuelt kulturelitebegrepet, samt rette litt opp i Andersens oppfatning av kvar kultureliten likar å henge når dei skal svinge vinglaset sitt.


Lat oss ta det siste først.: ikkje alle som tilhøyrer kultureliten heng på Kunstnernes Hus. Det er kun ein liten del av den Oslo-baserte delen av denne såkalla eliten som heng her jevnlig. Sjekk ut ei rekke stader rundt Youngstorget, blant anna, samt Grüerløkka.


Eller definerer Andersen kultureliten som utelukkande folk over eit visst alderssegment samt Frogner-fruer? Sistnevnte høyrer vel ikkje akkurat til kultureliten slik Andersen definerer det. Dei er økonomisk elite, og akkurat dette økonomiargumentet kjem opp når ein spør sine kunstnervenner kor ofte dei et på Kunstnernes Hus. Svaret er ekstremt sjelden eller aldri. Sjølvsagt finst der unntak.


Punkt to. Ettersom Kunsternens Hus ser ut til å vere eit sentralt ankepunkt i skytsen mot kultureliten kan det sjå ut som om denne eliten kun finst sentralt plassert i buss/ taxi/ gang-/ sykkelavstand til dette Huset i sentrale Oslo, og ikkje lokalt. Ein må trass alt ha tilgang til Kunsternes Hus for å vere kulturelite.


Her må vi presisere litt. Det finst mykje lokale «kultureliter» i form av blant anna kunstnere, forskere, forfattere og kva ein måtte ønske å inkludere, som bur mange hundre mil borte frå dette huset, nærmare bestemt lokalt.


Det er eit teikn på kunnskapsmangel og sneversyn når kritikerne av kultureliten til stadighet bruker Kunstnernes Hus og Litteraturhuset som symbol. Det viser kor lite desse kritikarane veit om denne gruppas liv og levesett. Eventuelt fortel det ein heil del om kjennskapet til Oslo og resten av landets kulturelle liv. Det avslører også Oslo-snevre briller, og eit svært så snevert kulturelitebegrep.


Dette sneversynet der distrikts-Norge er utelate, bidreg nok også til Frp-sympatier og refs av sentralt plasserte eliter all den tid mesteparten av Norges befolkning faktisk lever utanfor taxiavstand til Kunstnernes Hus. Frp sanker mange stemmer på neglisjering av lokalsamfunn.


Det er kanskje ikkje berre kultureliten som skaper sympatisører med Frp.


Dei som kritiserer kultureliten utfrå eit Kunstnernes Hus-poeng/ innfallsvinkel bygger sine påstander på fordommer, utdatert og manglande kunnskap om kultureliten, kven no dette måtte vere. Det er nok ikkje berre kultureliten som bør lære at å tie er gull, som Andersen påpeiker.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...