Gå til hovedinnhold

Eg hater rovdyrdebatten. Årsak: den er heilt på jordet. Ståstad: pro sauebønder

Den virkelige kulturkampen står mellom by og land med rovdyr som omdreiningspunkt, seier sosiolog Ketil Skogen til Klassekampen. Det kan så vere, eg er enig med at skillelinjene står sterkt mellom by og land som Knut Olav Åmås påpeiker i dagens Aftenposten, men eg er litt usikker på om det er rovdyr som er omdreiningspunktet. Årsaka til at eg ikkje trur dette stemmer, er at rovdyrproblematikken kun eksisterer i deler av landet.

Uansett. I dagens Klassekampen seier Elin Ørjasæter at det er ei klassekonflikt i rovdyrdebatten, at sauebønder tilhøyrer en underklasse, og er de som kommer aller dårligst ut i landbruksforhandlingene. (Eg har ofte sjølv lurt på kva som gjer at så mange menneske i sentralt plasserte strøk har så stor glede av å sparke mot sauebønder?) Ørjasæter tar stilling mot rovdyr.

Eg vil ikkje gå så langt som å sei at eg er motstander av rovdyr, men vi har soner for rovdyr i dette landet, og dei vel eg å forhalde meg til i debatten. Eg tek derimot stilling mot kompetansemangelen som dominerer i debatten, og eg tek stilling for sauebøndene.

Avstanden mellom bygd og by er enorm, særlig i rovdyrdebatten. Og avstanden mellom dei kompetente debattantane desto lenger. Dei finst knapt. Og når dei kjem på bana, vert dei ofte nedrent av følelseslada synsere.

Som Ørjasæter påpeiker: Den uvitenheten og ikkeforståelsen som råder i en del av de miljøene jeg vanker i, er overraskende massiv. Det er ikkje berre der. Uvitenheten dominerer også blant dei som påstår at dei har peiling. I tillegg har vi ein del organisasjonar som likar å sei at dei jobber for dyrs rettigheter som sprer om seg med kunnskapsmisbruk og virkelighetsforvrenging.

Ho har heilt rett. Les min kronikk om rovdyrdebatten i mandagens Klassekampen, samt reportasje om bjørnejakt lenger ut i veka.

Vil du skaffe deg reell kompetanse på bjørn: sjekk ut Den skandinaviske bjørneprosjektet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...