Gå til hovedinnhold

Dyrevernsorganisasjonen NOAH bidrar til å fordumme norsk offentlighet

Dyrevernsorganisasjonen NOAH har liten eller ingen tillit i faglegekretsar, og bidreg til å fordumme publikum i bjørnedebatten.

(lesarbrev i Firda onsdag 2.juli 2008)

av Anne Viken, journalist og snart ferdig utdanna veterinær.

Som journalist i eit av Noregs største mediehus blei eg fråråda å bruke NOAH som kjelde i saker, nettopp på grunn av organisasjonensrykte som fagleg lite etterretteleg, og med god grunn. NOAH har liten eller ingen tillit i faglege kretsar, blant anna på grunn av at deistadig skriv denne typen lesarbrev spekka med fagleg upresise påstander og tendensiøs bruk av statistikk.


Heller enn å framstå som ein fagleg seriøs aktør som bidreg til å hevenivået i bjørnedebatten, sausar NOAH saman tal og påstander, og spelerpå denne måten på lesaranes uvitenhet om dyr og rovdyrpolitikk. NOAH bidreg med fagleg fordumming av publikum. NOAH bidreg også til åforsterke sitt eige rykte som useriøse.Eg foreslår at NOAH for framtida set seg inn i sakene dei frontar. Kanskje kan dei på sikt bli ein aktør vi kan ta på alvor.

Jenny Rolness i NOAH - for dyrs rettigheter, skriv i Firda 30.juni ombestandsmålingar og ynglingar av bjørn og ulv i Norge. Rolness ramsar opp ei mengde tal og påstandar, tilsynelatande utan å forståkonteksten dei står i. Ho skriv også som om det finst ein eigenbestand av bjørn og ulv i Noreg, noko det ikkje gjer.

Den "norske" bjørnebestanden består per i dag av utløparar frå deirussisk-finske og svenske bjørnebestandane. For det andre kjenner ikkje bjørnen nasjonalgrenser, så om det ein dag blir større bestandarav bjørn i Noreg, vil det heller ikkje då vere tale om ein rein"norsk", men heller ein svensk-norsk eller svensk-norsk-finsk bestand. Dei einslege bjørnane som kjem vandrande innover i Noreg kjem frå dei russisk-finske og svenske bestandane, og årsaka til at vi ser stadig fleire vandrande hannbjørnar i Noreg, er at desse bestandane er sterkt veksande.

Bestandane av bjørn tek seg altså opp sjølv om bjørnen ikkje går med norsk flagg på brystet.

Likevel viser Rolness til tal om ynglingar på norsk jord i sameandedrag som ho snakkar om at vi ved å felle bjørn bidreg til å utrydde artar på den same jorda. Dette er svært upresist. Her må detei ytterlegare presisering til. Desse hannbjørnane som kjem vandrande, har gått ut av bestanden og deltek ikkje i den vidare avlen av bjørn. Dei har eigenverdi i seg sjølv, men ved å felle eit streifdyr påverkar ein altså ikkje bestandens utvikling sidan hannane har forlatt resten av det gode selskap i grensetraktene.

For å kome med ein ytterleg presisering til det unyanserte innlegget til Rolness, kan eg legge til at det ikkje er sauebønder som styrerforvaltningen av faunaen i Noreg slik NOAHs Rolness påstår. Det er det staten som gjer, og inntil vidare er Sogn og Fjordane definert som ynglefritt område for blant anna bjørn.

Så les vi at Rolness viser til Romania der det lever tusenvis avgauper, og der gjetere passar sauene slik at sauene er trygge. Egstiller meg svært undrande til denne samanlikninga mellom rike Norge og staten Romania. Romania ligg vitterlig langt etter oss både i levekår og levekostander.

Eg antar Rolness er klar over kva slagsluselønningane desse gjetarane i Romania jobbar for, samt at Rolness har sett seg godt inn i kva lønnsnivå vi har i Noreg. Nettopp dette lønnsnivået er eit av fleire hinder for at vi kan leige inn gjetarar til beitedyr i Norge med mindre det blir gjort vedtak om økonomiske vederlag for slik arbeidskraft. Det kunne ha vore ei god løysing i rovdyrutsette områder.Rolness har rett i at mange sauer dør på beite av parasittar og alvelde, men når fjordfylket er definert som ynglefritt, kan ein heller ikkje pålegge bøndene her å gjete sauene sine mot rovdyr her. Det er norsk politikk.

Skal ein få gode løysingar, lønner det seg å halde debatten på eitkonstruktivt og sakleg nivå. Bjørnebestandane er sterkt aukande, nokofagfolk og forskarar set pris på, men som samstundes set store krav til ei god forvaltning.

Som journalist i eit av Noregs største mediehus blei eg fråråda åbruke NOAH som kjelde i saker, nettopp på grunn av organisasjonensrykte som fagleg lite etterretteleg, og med god grunn. NOAH har liten eller ingen tillit i faglege kretsar, blant anna på grunn av at dei stadig skriv denne typen lesarbrev spekka med fagleg upresise påstander og tendensiøs bruk av statistikk.

Heller enn å framstå som ein fagleg seriøs aktør som bidreg til å heve nivået i bjørnedebatten, sausar NOAH saman tal og påstander, og speler på denne måten på lesaranes uvitenhet om dyr og rovdyrpolitikk. NOAH bidreg med fagleg fordumming av publikum. NOAH bidreg også til å forsterke sitt eige rykte som useriøse. Eg foreslår at NOAH for framtida set seg inn i sakene dei frontar. Kanskje kan dei på sikt bli ein aktør vi kan ta på alvor.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...