Gå til hovedinnhold

Les Fett - tidsskrift for damer som vil ha noko anna enn informasjon om siste trusemote



Her har blant anna underskrivne skrive eit portrettintervju av professor i samfunnsmedisin, Johanne Sundby. Sundby er ikkje redd for å seie at ho er flink. Det er bra. Sånne damer kan fungere som forbilder for oss andre som også meiner vi er flinke.
Eg anbefaler alle å lese dette intervjuet (sjølvsagt - det er jo meg som ha skrive det, men på den andre sida seier Sundby veldig mykje bra om kvinner og debatt).
Vi treng fleire flinke damer som kan bidra til å heve blant anna nivået i samfunnsdebatten med kunnskapsbaserte utspel. I dag er debatten dominert av menn i stor grad. Det er ikkje farleg å delta, einaste ein må vere forberedt på, er alle dei som manglar kunnskap og som liker betre å uttale seg om person enn sak. Desse debattantane vil vel alltid vere der, ein må berre heve seg over dei. Då kan dei som ikkje liker det du skriver, berre sitte der på gjerdet sitt og banne medan dei slår i veggen og jamrar seg.
Eg møter aldri denne sistnevte kjøkkenbordgruppa, og om eg møter den, tørr dei ikkje sei eit pip om dei er uenige med meg i saker. Kor feige er eigentleg folk? Dei driter seg ut med personangripa sine i avisene, men tørr ikkje snakke med deg face to face om dei er uenige. Det er fasinerande med psykologi. Dei som har noko å fare med derimot, kontaktar deg og bygger nettverk. It is a wonderful world;) Damer, kom på debattbana! Vi trenger fleire. Dessutan er deltakelse i samfunnsdebatten ein ypperleg måte for kvinner å bygge nettverk på.
Sjå her for eksempel. Blant landets hundre mest siterte professorer i 2008, var kun 14 kvinner. Les artikkelen i BT her.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...