Gå til hovedinnhold

Kompisgjeng skal lede den store kulturkampen i Norge. Gi meg ein einveisbillett ut av den norske andedammen!

I ein serie saker set Dagbladet fokus på den nye kulturkampen.

I artiklane har dei intervjua Aslak Nore og Harald Eia. For den som er bevandra på fester i Oslos kulturverden, er det elementær kunnskap at desse gutta er kompiser. Møter du ein, møter du den andre. Og desse som er hardt i tottane på dei norske venstreradikale, og erkekompiser med kvarandre, skal altså kjempe kulturkamp på vegne av oss alle.

Norge er gåttabanen eit lite land, og dette er jo til å le av. Skal vi ta det her alvorlig, dere, eller har eg berre kome til det punktet (eg kom dit ca i 2004, då var alle illusjoner brutt) der eg innser at ein liten gjeng i hovedstaden monopoliserer offentlige debatten og gjer den smal og repetetiv, ikkje som eit ledd i eit media- eller opplysningsprosjekt, men som eit show for kompiser. Dette begynner å kjede meg, og showet går og går, og så møtes vi på fest, dere. Skål for den debatten. Vil du høre om mitt neste utspel i media? Jepp, eg kan skaffe deg ein redaktør. Vil du gi ut bok for meg? Seff, møtes og tar ein kaffe? Eg har no fire bøker på gang, men eg klarer nok ei til. Og det hagler inn invitasjoner til hagefester og forlagsfester og avisfester og ja, hurra dere! The show must go on! Nei, pføy. Eg vil skrive for eit internasjonalt publikum, seier eg og redaktørane stirre på meg som om eg er ein smule galen (ho der veit ikkje kva ho snakkar om), og fortel meg kor vanskelig dette er. Javel, seier eg. Men eg gidder ikkje bruke månader av mitt liv på å skrive ei bok som kun ender opp som underhaldning for den norske andedammen, for den norske kultureliten, for debattfantomet i Oslo. EG VIL NÅ LENGER ENN DESSE SJØLVOPPTATTE NISSANE!! Og redaktørane ser på meg, og gjentar at dette er svært vanskelig, Anne. JAVEL, MEN VI KAN DA I DET MINSTE PRØVE?

Eg vil nå lenger enn til dei korrekte boklesarane som uansett kun kjem til å lese den, nikke høflig, gi blanke fan og sette den tilbake i hylla. Blaserte lesarar og ein daff kompisdebatt er ikkje det ein er ute etter. Fuck it.

Men tilbake til denne kulturkampen som for meg mest ser ut som kompiskamp ettersom ein da også veit at alle dei ivrigast går i strupen på, er blant deira gode omgangsfeller. Og kven har regien når alle kjenner alle? Men uansett, eit lite gateslag i Dagbladet er berre krydder i tilværelsen for desse proffe debattantane og deira kompisredaktørar og kompisjournalistar, og som ein slags fritidsaktivitet å rekne. Medan andre folk rundt i landet spelar fotballkamp mot andre lag, sloss kultureliten sportsleg i spaltane. Kvar sin arena, same agenda: underholde seg sjølv, underholde publikum.

Norge er eit skrekkelig lite land, dere. Gåttabanen så kjedelig, og no setter agurktida inn for fullt. Nei, takke meg til. Eg skriver fiction. Og så måker eg ut eit debattinnlegg når eg føler for litt action. Vi har allerede begynt å planlegge kva eg skal lire av meg når den første boka når markedet. Det blir nok noko skikkelig spenstig, dere. Livet er eit show, og i ekshibisjonismens alder er det ingen som setter grenser for kva du kan få til om du er villig til å gå live on stage.
Sjølvportrett: A.Viken by A.Viken

Spørsmålet er berre kva scene du vil operere på, og kva som er ditt formål.

Til slutt: slett arbeid av Dagbladet i produksjonen av denne serien. Hev nivået. Sank inn kilder utanfor andedammen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys