Gå til hovedinnhold

Alle mine venner er superhelter

er navnet på ei bok eg tilfeldigvis plukka med meg på Tekstallianse for ein billig penge. Forfattaren er Andrew Kafuman, og boka handling sirklar rundt Tom som på bryllupsdagen blei usynlig for kona si, Den som gjør alt perfekt. Alle karakterane i boka, unntatt Tom, er superheltar og ber navnet til superhelteigenskapen sin: dei har kokt ned alle sine trekk og evner til eit ord som karakteriserer personen, og som det ikkje ein gong er sikkert at dei liker sjølv.

I boka finn vi personen Fjeset, som er den vakraste alle har sett, men som ingen kan beskrive. Når ho spør folk korleis ho ser ut, kan ingen svare. Dei kan berre sei at ho er vakker. Når ho skal teikne seg sjølv, maktar ho ikkje sette ein einaste strek på papiret. Ho leverer inn eit blankt ark som besvarelse på skulen, og får beste karakter og blir genierklært. Deretter syr ho seg ei hette og har gått med denne over hovudet sidan.

I boka finst også personen Den motsatte. "Hver gang du tar den motsatte i hånden, flimrer det stikk motsatte av ditt liv foran øynene dine." Og Sjansespilleren: "Han banker på dører og blir stående. Du vil ikke tro hvor få dører som åpnes opp."

Her finn du også Gamblaren, Tilfeldigflørt og Hensynsløstærlig. Konseptet er sympatisk og enkelt, men eg finn det interessant og fasinerande. Ganske utypisk og ganske lite påtatt, eller kva eg skal sei. Ekte, enkel og direkte vare. Snaue hundre sider med eit behagelig mintgrønt omslag i paperback. I det heile tatt. Keep it simple, keep it real. Dette liker eg. Det taler til meg, eller om meg. Sikkert begge deler.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn