Gå til hovedinnhold

Eg trur vi hadde vore litt lenger frå verdens undergang om NOAH snakka om kval på fulltid og ga bæng i bjørn

Verdas største bilete av kval

I helga var det ei utstilling på Litteraturhuset. Utstillinga heiter "Øye til øye - et nærmere blikk på hvaler". Dette er, i følge omtalen, verdenspremieren for fotografi av kval i naturleg størrelse, og den største og mest detaljerte utstillinga av undervassbilder av kval nokonsinne. Det høyrest fasinerande ut, og eg stakk innom ein svipptur, men skepsisen min steig då eg såg at dyrevernsorganisasjonen NOAH var ein av arrangørane.

NOAH anklagar norske sauebønder for å vere rovdyrfiendar, og bidreg slik til å motarbeide det norske, nær økologiske sauehaldet til fordel for importert industrisau frå blant anna New Zealand. Og no talar dei altså kvalen si sak.

Eg blir forvirra. Vil NOAH heller ha lam smertefullt kastrert med gummistrikk rundt bjellene enn norsk økosau? Tydeligvis. No også kval, og kval er eg einig med.

Men likvel. Keep it real, eller forhold deg til virkeligheten som ein seier på godt norsk. Norske forbrukarar kjem ikkje til å slutte å ete sau sjølv om vi kuttar saueproduksjon i Norge. Kvifor ikkje heller gjere ein matnyttig innsats og jekke opp norsk økomat heller enn å fyre opp under at vi skal importere industrisau ved å sei ja til rovdyr og nei til sau?

Det kan faktisk sjå ut til at kloden hadde vore litt lenger frå undergang om NOAH slutta å snakke om rovdyr og heller fokuserte på kval på fulltid.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...