Gå til hovedinnhold

Feminister i trusekamp: hårsår på trusekanten.

Trusedebatten går i disse dager heit i Dagbladet og VG. Glitterfitte-redaktørane skreiv i VG at dei har bytta ut sloggi-trusene med truser kjøpt hos Victoria's Secret.

Dette får Fett-redaktør Charlotte Myrbråten til å gå ut i Dagbladet, der ho "mener det er for mye fokus på det glamorøse, og viser til redaktørene Sigrid Bonde Tusvik og Gunnhild Magnussens uttalelse om at de har byttet ut Sloggi-truser med undertøy fra Victoria?s Secret.

- Det blir bare et fengende slagord, litt ukebladaktig, sier Myrbråten.


- Selvsagt kan alle få gå med de trusene de vil. Dette er igjen myter om at feminister bare går med bomullsundertøy, og det er ikke sånn, sier Myrbråten, (...)


Men ærlig talt da, damer. Er det truser feminisme skal handle om? Ein må ha litt sjølvironi også. Eg for min del ligger nærmare Victoria's Secret enn sloggi i mitt trusevalg, og det har eg da også tenkt å gjere. Å kalle utspelet til Glitterfitte-damene for ukebladaktig, er å trekke det vel langt.

Det hadde vore langt meir interessant å fått utdypa Fett-redaktør Myrbråtens uttalelser om at boka slår inn åpne dører, og at den er heilt utan systemkritikk. Myrbråten er ei smart dame. Ein må også hugse på at mange kvinner og menn er ikkje så systemkritiske. Det er mange måter å kommunisere på, og ein av desse er kanskje, for enkelte, ei slik bok som dette. Trenger alt vere hardcore systemkritisk for å vere relevant? Ikkje alltid.

Og trenger ein vere så hårsår på trusekanten? Dette framstår unektelig litt trusesårt når Myrbråten raser mot truseutspelet:

Det er basert på eldgamle myter om feminister som sinna, stygge og lesbiske kvinner. Det er utdatert, sier Myrbråten.

Er du sikker på at det er ei myte? Kvifor gidd ein då rase mot trusebruken til Glitterfitte-redaktørane? Keep it real. Denne saken fyrer opp under alle fordommane, eller dei eldgamle mytene som Myrbråten kaller dei. Er dei så eldgamle når alt kjem til alt? Når ein til og med må kritisere andre feministers trusebruk? Kva slags trusehøgde er dette? (Og ja, eg skjønar at trusedebatten henspeiler på fordommer, men bør ein imøtegå fordommene/trusepåstandene på ein slik måte at ein kun bekrefter dei som sanne?)

Det undrar meg gong på gong korleis ein maktar å bekrefte fordommar. Har ein gått seg fast i eit slags mønster der ein gjer som det blir forventa av ein, og går ut mot alt og anna som lukter av ukorrekthet eller ukebladaktig eller kva det måtte vere? Men politirolla fungerer berre ikkje.

Glitterfitte-damene kaller seg feminister og dei snakker fint for seg, men dei sliter hardt i motbakke i møte med dei som per idag har meiningsmonopol. Ikkje så rart, som redaktør Gunnhild Magnussen korrekt påpåiker, at mange held kjeft heller enn å debattere med feminister. Ein blir kun korrigert, atter ein gong her i denne Dagbladet-saken.

Men eg trur Victoria's Secret-damer er i fleirtal. Dei snakkar berre ikkje like høgt som mindretalet, og eg får lyst til å vise til påstanden om mindretalets diktatur over fleirtalet. Er feminisme i dag demokratisk slik den framstår i offentlig ordskifte? Forsøksvis. Enkelte prøver seg. I praksis er den det ikkje. Eit høgt antal feminiser tenker som Glitterfitte-damene. Mange damer også. Det må vere lov å kødde med fordommer. Synd ein bekrefter dei i andre omgang.

No har eg tenkt meg noko nytt undertøy. Skal iføre meg burka (maske) og gå undercover til nærmarste truseshop, eventuelt nettbutikk. Håper ingen ser meg.

Bildet viser ei truse eg har heime i skapet. De kan jo gjette kvar den er kjøpt.. Klikk her.

The ultimate stretch thong is so smooth and perfectly invisible under clothing. In supersoft lace for everyday comfort and indulgence. Available in a fresh array of colors.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys