Gå til hovedinnhold

Ingen makt i denne sal!

Norske politikere strekker seg ikkje intelletuelt, påstår ein profilert norsk professor under cover. Det er ein sabla treffande påstand, men korleis kan norske politikere strekke seg intellektuelt i det mediaklimaet som finst i Norge?

Tja.

Medialisering: politikere som jager etter pressens og dens dagsordensettende funksjon, vulgarisering av ordskiftet, personfokuset i mediene. Er det i det heile tatt mulig å få til ein saklig politisk debatt? Eg følger ei rekke kommentatorer på twitter og facebook, og det er av og til eit sørgelig fokus å spore. Det handler mest av alt, ser det ut til, om ein vennegjeng som sit å skriv litt kommentarer i kvart sitt mediehus, diskuterer seg i mellom i sosiale medier, for så å gløyme at dei snakker til eit større publikum. Twitter gjer dette veldig eksplisitt tydelig.

Som enkelte påpeikte i etterkant av Frokost med Bernt, og nei, det var ikkje Brox stasjon men slippfestdeltagere på Demokrati før og nå-festen på Chateau Neuf ikveld, så er enkelte i Dagbladet blitt eit symbol på medier i fritt fall, og då særlig eit Dagbladet på tur ned. Dei baksidekommentarane er, ehh, ikkje veldig spennande. For deg som søker noko interessant lesestoff, vel å merke. For deg som liker enkel, vulgær retorikk og som ikkje krever at den som skriver forteller deg noko nytt eller provoserer deg littegranne derimot, er det nok midt i blinken.

Får lyst til å droppe eit sitat: det som ytres offentlig bør ha relevans for andre enn meg sjølv og mine nærmaste (sitatet er stjelt), eventuelt vere skrive bra nok til at det går an å vise fram til andre enn seg sjølv og sine nærmaste. (Blogger teller ikkje).

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...