Gå til hovedinnhold

Økobløffen del tre: plankehauger kan også tenke

Eg skal innrømme eg synest det er fasinerande å bli omtalt i Klassekampen som ein spion frå bygda som argumenterer som ein lettantennelig plankehaug med skjult agenda. Eg skal også innrøømme at eg la hodet bakover og lo høgt då eg las lesarbrevet. Herregud og buddah. Kva blir det neste. Han fyren skulle hatt ein premie, tenkte eg.

Vekas premie for lattervekkande lesarbrev går herved til stipendiat Svein Anders Noer Lie ved Universitetet i Tromsø. Eg lo så eg velta då eg las dette lesarbrevet, Noer Lie. Det er ikkje ofte eg ler så godt av eit lesarbrev, og sidan debatten er avslutta i Klassekampen - går eg gjennom lesarbrevet ditt her på bloggen.

Vi går rett på sak. "Økomat er for Oslo 3", påstås det i lesarbrevet.

Så kva med oss på Ring to? Kan ikkje vi få litt økomat vi også? Her eg sit i hipsterkåken min på løkka og drikk rådyr rødvin med beina på bordet meiner eg absolutt litt økomat hadde matcha habitten. Eller hur?

Vidare!

"Etter å ha fulgt og delvis deltatt i en debatt med AViken om økologisk landbruk sitter jeg igjen med en følelse at hun ikke har blitt imøtegått på sitt delvis skjulte hovedbudskap: At økologisk landbruk er bare juks og bedrag laga til som en markedsføringsstrategi. (Se også Vikens blogg)."

Noer Lie. La det vere heilt klart. Du har eit skarpt hovud, og du har tatt mitt poeng, sjølv om eg synest du trekk det litt langt. Dette er nemlig ikkje eit skjult hovudbudskap, min venn på nordkalotten. Det er min offentlige bodskap, og eg vil gå langt i å påstå at økolandbruk er juks og bedrag, mekka til ein markedsføringsstrategi, og ja, sjå gjerne Vikens blogg. Der står det i innlegg etter innlegg, at det er dette eg meiner. Slutt å kødde Noer Lie. Du er filosof. Finn deg ein iglo og slutt å bølle med oss som bur innanfor Ring to med beina på bordet og jævlig dyr rødvin på kartong etter kartong, huset småkk fullt i Morgenbladets tøffeheltspaltar tett i tett langs alle vegger, tak og bord. Eg ser ikkje nordkalotten for berre hipsterkåk, så slæpp off. Du hakje misforstått meg. Økomat suger, mister.

Vidare. Her kjem det eit par formuleringar som krev manns mot å sende inn til ei avis med 25 000 i opplag. Formuleringane er fantastisk.

"Hennes belegg for dette består etter min mening av en ørliten haug lettantennelige plankebiter hun har røska til seg i forbifarta, og hvis man ser på hvordan økologisk landbruk oppsto; hvordan kan en slik påstand være noe annet enn forskrudd oppspinn?"

Litterære talent glitrar i buskene.

"Det er mange (?) som har noe i mot økologisk landbruk fordi det har blitt en slags identitetskapital for den helsebekymra (øvre) middelklassen. (Gutta på gølvet/autensiteten eter vanlig gulost - økonomipakke). Det er innenfor denne konteksten hvor folk kjøper økologisk mat fordi det er en markør, eller fordi de har "hørt at det skal være så bra" at Vikens meninger om økologisk landbruk har noen som helst mening. "

Dette ressonementet er funny. Det er snodig formulert..., men eg antar det betyr at eg meiner at økomat er for min eigen sosiale klasse, eller at folk i min egen sosiale klasse, middelklassen, bruker økomat som markør, eller noko i den dur. Oss øvre middelklasse som er født med gullbelagt bokhylle i kjeften, og som har minst seks års høgare utdannelse. Men seriøst Noer Lie. Økomat er ikkje nødvendigvis eit middeklassefenomen innanfor ring to. Det er nok berre på nordkalotten at det er slik.

Denne formuleringa er også interessant. Her er eg omtalt som "spion frå bygda".

"(Spion fra bygda kommer halsende inn til byen og forteller den pratende hop at det de tror er ekte er falskt - igjen)."

Spenstig.

Til slutt drar Noer Lie ei skikkelig hardbarka strofe:

"Hvis man ser på hva økologisk landbruk egentlig er", vil man straks forstå at disse meta-ytringene snakker til hverandre og ikke om saken selv."

Men seriøst Noer Lie. Dette plankepratet må du lenger utanfor ring to med. Vi gudsord frå bygda tar ikkje lett på økomat. No har du servert meg møl i to lesarbrev (ødelagt av blogging i lesarbrev ein, og plankehaug frå bygda i lesarbrev to).

No venter eg meg real shit i neste runde.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...