Gå til hovedinnhold

Monsterlinja korumperer

Sogn og Fjordane er i ferd med å bli ein koloni underlagt sentralmakta,.

(Denne artikkelen stod på trykk som Signert-kommentar lørdag 17.oktober 2009 i Klassekampen.)

I desse dagar går debatten om monsterlinja, eller meir presist: krafleidningen 420 kV Ørskog-Fardal, som skal byggast gjennom delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Statnett planlegg eit rundt 300 kilometer langt luftspenn med master som er opp mot 45 meter høge, og 10.juni ga NVE konsesjon til å drifte linja som hensynslaust skal ture fram gjennom lokalsamfunn og natur.


Under linja skal det ryddast eit rundt 40 meter breitt belte. Fleire stader skal kraftleidningane krysse verna områder, blant anna Geirangerfjorden. Naturvernforbundet har karakterisert dette som det største naturinngrepet på Vestlandet gjennom tidene.


Feige lokalpolitikar


Det er nesten ingen i Sogn og Fjordane som ønskjer seg dette luftspennet. Bergens Tidende skriv at tre av fire innbyggjarar meiner lina må leggjast i sjø- og jordkabel, men dei folkevalgte som skal representere våre stemmer, bryr seg ikkje. Dei går for luftlinje.


Berre Bjørn Lødemel (H), blodfersk på Sogn og Fjordane-benken, vågar å sei nei til luftlinja i tråd med folkets meiningar. Han forslår sjøkabel ved kysten. Resten av fylkesbenken sit som nikkande sauer: Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV-kraftlinja tvers gjennom fylket? spurde NRK Sogn og Fjordane dei ulike partias toppkandidatar før stortingsvalget. Svara viser tydelig at dei ikkje lyttar til folket:


«Av omsyn til mange arbeidsplassar i fylket, og for å kunne produsere meir klimavenleg energi må linja realiserast. Men det må gjerast på ein mest mogleg skånsom måte i forhold til folk og natur,» svarte Aps ferske stortingsrepresentant, Tor Bremer, og Ingrid Heggø (Ap) fulgte på: «Linja treng vi, men NVE må justere linjetraseen etter lokale uttalar og unngå sentrumsnære område.»


Liv Signe Navarsete (Sp) har vore lenge i Oslo, og sier ho «vil lytte til fylkespolitiske prosessar og kjem til å følgje opp fleirtalet som vil har linje i dagen. Dette for å løyse ut eit stort tal småkraftverk som elles ikkje får sendt straum inn på nettet.»


Ingen av dei seier nei, sjølv om ein fryktar at linja vil føre både kraft og arbeidsplassar ut av fylket.


Bygd står mot bygd


Erling Sande (Sp) svarar, som resten, uklart og diffust, og innbyr til lokalt splitt og hersk: «Ein bør finne ein trasè for den som tek omsyn til busetjing og viktige naturområde.» Slik overlet ein til bygdesamfunn å slost mot bygdesamfunn, heller enn å ta ansvar og lytte når folk faktisk har sagt eit klart NEI til monsterlinja.


Lat meg ta eit eksempel. I Gaular kommune er det eit traseforslag som går gjennom Hestadgrend, og eit anna som går gjennom Viksdalen. Då forslaget vart flytta til Hestadgrend, pusta folket på Viksdalen letta ut medan folket i Hestadgrend fortvila.


Mister herredøme over naturen


Kampen om vern av Gaularvassdraget er ein av dei lengste og hardaste stridane om vassdragsvern som har blitt utkjempa i Noreg, og hadde pågått sidan slutten av 1960-talet då det sju mil lange vassdraget vart verna i 1993.


Lokal krefter som ville bygge ut vart overkøyrde av nasjonale og internasjonale omsyn, men aksepterte vernet. No vil ein bygge monsterlinja gjennom dette området som var så høgt verdsett at ein ikkje ville lytte til verken kommune eller fylkeskommune i 1993. Når storsamfunnet vil ha linje, køyrer dei på uten hensyn til verneområder: kva skal ein eigentlig få lov til å avgjere sjølv om ein misser herredøme over naturen?


Ein anser kampen som tapt, linja kjem til å komme uansett. Folk blir ikkje lytta til lokalt, dei har å innfinne seg i tråd med underbrukstankegangen. Seier ein nei til luftspenn og går inn for sjøkabel uten å uttale seg om trase, blir ein overkøyrde i trasevalg. Då vel ein heller å sei ja til ein av to trasear heller enn å sei nei til luftspenn.


Ei skam


19.-22.oktober skal Olje og energidepartementet, samt Miljøverndepartementet på synfaring langs traseen for luftspennet. I Soria Moria 2 står det at regjeringa vil «følge opp strategien om hvordan det skal tas sterkere hensyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn når forsterkninger i kraftnettet planlegges».


Det er på høg tid å gå på barrikadane på vegne av distiktet ein representerer og våge å sei nei til luftlinje.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb