Gå til hovedinnhold

Gaular kommune, ei reise tilbake til steinalderen

Her er vakkert, og dei skryter av sin fiiiiine natur. Jada, vi er ikkje blinde, vi ser at det er pent her.

Som aktivitet anbefaler Gaular kommune: smi di eiga steinøks! Vi er nemlig eit steinaldersamfunn. Internett er vi ikkje så glade i her, så du må klare deg utan, skjønar du. Vi maktar heller ikkje å få folk til å jobbe for oss. Telenor driver dank og mekker linjer ingen veit om, så smi deg ei steinøks mens du venter. Etter steinalderen kjem som kjent bronse og jernalder, så vi har ei stund igjen. Mellomalderen blir langt og mørk, og så kjem vi vel snart til industrialisert tid og år 2010. Men det tek tid, gitt.

Kjære Gaular kommune. De er ubrukelige. Skjerpings, Senterparti-tullingar og andre bygdekarrikaturar, no må de snart begynne å levere kvalitet her. Steinøkshakking på kveldstid er ikkje noko morro i lengda.

No seier Telenor at her finst internett. Det har det visst gjort ei stund. Dei hadde berre rota så masse med papira sine, og systema sine, og linjene sine, at dei var ikkje klar over det sjølv. Dessutan kan ikkje Telenor å lese kart, så dei var litt forvirra, stakkar. Og gjett kven som meinte at dette var eit godt nok tilbod, jo det var ein ordførar frå partiet Senterpartiet som ironisk nok lova nett til heile landet innan 2007. Skikkelig kompetanse i sving, med andre ord. No antar eg vi får nett her innan ti års tid, med litt flaks vel å merke.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...