Gå til hovedinnhold

Mitt innlegg frå debatten med Georg Arnestad gjengis her i si heilheit

1


Eg var på fest i Bygstad i jula. Då var det ein kar som sa til meg at han var redd for å ha meg på besøk all den tid han hadde fleire bunader og feler ståande framme. Det var ein spøk frå hans side, men sidan eg ikkje har på meg skotsikker vest i dag, skal eg forklare eit enkelt ord: metafor. Ein metafor er eit språklig bilde for noko anna, og «Brenn bunadene» er eit språkleg bilete for at vi treng eit nytt bilde av Sogn og Fjordane.


Metaforar er barneskulepensum, men eg kjenner til barneskulelærarar som seriøst trudde at eg ville sette fyr på bunader og sluttar meg herved til kritikken av nivået på norske lærarar.


Eg kjem vidare i dette innlegget til å bruke ein anna metafor: nemlig «bunadseliten». Bunadseliten er eit språkleg bilete for låg takhøgde og allergi mot nye tankar.



2


No har eg ikkje kome hit for å bedrive eit reinspikka raid mot bunadseliten, men eg vil likevel nevne buandsdebatten med eit par alvorsord all den tid den debatten for evig tid har brent seg inn i mitt bilete av mitt heimfylke Sogn og Fjordane, og sidan det var denne debatten som var startskotet for mitt engasjement rundt fylket. For mitt engasjement er eit personlig engasjement basert på ei interesse for Sogn og Fjordanes ve og vel.


Debatten var ein delvis sjokkarta opplevelse for meg som den gongen ikkje var van med offentlig debatt. Den var ei oppvisning i trangsynt argumentasjon, i sneversyn og intoleranse, og eg opplevde den då som ei avkledning av kor ille det stod til i Sogn og Fjordane. Seinare har eg blitt kjent med ei rekke flinke folk i media, politikk og kultur som ikkje er av den same grumsete typen. Eg nøler ikkje med å sei at eg mang ein gong har vore glad for at dei mest patetiske, unnskyld uttykket, innlegga med dei mest komiske personangrepa ikkje ligg ute på internett, og no tenker eg ikkje på for min eigen del men med tanke på dei som offentlig signerte på at dei var tette i pappen.


Du kan sei at lesarbrevet røyka ut bunadseliten. Og vi veit alle kva som skjer når troll ser sollys. Ut velta grums og drit frå djupet av fjordfylket.


I Oslo elska dei denne debatten. Vi kan jo lure på kvifor. Dei såg det som eit realt slag ute i bushen. Spørsmål: fordi dei såg det som eit oppgjer med den låge takhøgda dei alle har forlatt til fordel for byen? Eller opplevde dei den som eit oppgjer med det bildet av bygda som dei trur er sant?


3


Og dette med takhøgde trur eg er eit viktig signal å sende ut når vi no vert konfrontert med at folk flyttar som piskar skinn frå Sogn og Fjordane. Distriktsnorge er «viden kjent» (image is everything) for å vere både bakpå og intolerant. Denne påstanden kan benektast, men å benekte andre sitt inntrykk av deg sjølv fungerer sjeldan i praksis. Ein må bevise, og eg trur fortsatt Sogn og Fjordane har ein del å bevise før det faktiske bildet av fylket trenger gjennom og utover fylkesgrensene. Også denne påstanden kan benektast, men eg trur ikkje det er så lurt å benekte dette heller. Det er vel meir snakk om å face the facts. Og det gjer ein jo gjennom tiltak som Framtidsfylket. Rett nok prøver Arbeiderpartiet no å sette alle gode tiltak i revers ved å krisenedbetale studielåna våre om vi skulle vere så heldige at vi fant ein jobb her i fylket, men enn så lenge er denne feilbeslutningen ikkje fatta.

4


Og om ein ser på befolkningssstatestikken er det tydelig at noko må gjerast. Eg må innrømme eg fekk bakoversveis då eg såg kor ille det står til. Av dei som tar høyeste utdanning, flytter i det lange løp 85-90 prosent bort fra oppvekstkommunene sine. Av disse er det kun 12 prosent som når de er 40 år bor i en annen kommune i fylket. ( i følge ein fersk rapport om SFJ frå Norsk Institutt for By- og regionforskning).


PROBLEM: Dette, altså fråflyttinga, er i tråd med den siste regionalmeldinga der Regjeringen tar utgangspunkt i at fortsatt auka levestandard og velferdsutvikling forutset ei fortsatt sentralisering av befolkningen.


MEN avfolkinga av Sogn og Fjordane er ikkje av det gode for Sogn og Fjordane, sjølv om den norske stat kanskje tjener på det.


Noko må gjerast, og eg veit ikkje om eg har noko godt svar på kva som må til all den tid det i det heile tatt ikkje er lett å sei kva som gjer at folk flyttar eller ikkje flyttar hit eller dit.


Som journalist er eg ein hund etter rapportar, men om ein les rapportar, seier nokre at jobb er årsak nummer ein, andre fortel oss at det er andre motiv som er viktigare i periodar med mange valgmuligheter på arbeidsmarkedet. Nokre seier at folk vil flytte perifert ved høgkonjunktur og andre seier det motsette. Det virkar i det heile tatt som om det er ei rekke spekulasjonar.


Om fylket styres etter desse rapportane, kan eg forstå at dei har manøvreringsproblemer. Lat meg ta eit eksempel på godt råd frå rapport: «Ei nedlagt bedrift kan frigjere ressursar og arbeidskraft til nye idear og prosjekt, vel å merke om dei som mista jobben ikkje stikker av.»


5


Råd to: «Folk flyttar ikkje til arbeidsløyse».


Fakta: «Sogn og Fjordane er det fylket som i størst grad blir fråflytta av arbeidslause».


Yeah right.


Av og til begynner eg å lure på om distriktsforskning er like ille fatt som mediaforskning. Alle redaktørar med vettet i behold ler av medieforskarar som prøver å forklare oss kven vi er og kva vi gjer. Problem: medieforskarar forstår ikkje oss journalistar. Dei har ikkje inne den journalistiske logikk. Medieforskarar er galningar.


Gjeld det same når folk utanfrå skal meine noko om distrikts-Norge? Forstår dei ikkje den distriktiske logikken? Forstår dei ikkje distrikts-Norge? Kven forstår distrikts-Norge? Eg lurer på kven som kan fortelle oss kva ein kan gjere for å få auka tilflytning til distrikta all den tid oppfatningen av situasjonen og tiltak som kan gjerast ser ut til å sprike ganske kraftig.


Liv Signe Navarsete? Arvid Andenæs?


Min venn som vil bygge gangsti rundt heile Viksdalsvatnet for slik å utnytte potensialet i den nasjonale turistveien som går over Gaularfjellet?


6


Nei nei nei, seier eg når han peikar utover Viksdalen og seier LANDSKAPSROM.


Kva om desse folka som bur her ikkje vil ha ein to meter brei asfaltert gangvei rundt HEILE viksdalsvatnet? seier eg.


TRANSPARANT VEGMASSE, svarar han då.


Hæ? seier eg og er svært lokal. Far min kjem frå Viksdalen.


Transparent veg betyr at den er gjennomtrengelig for vatn, seier han så, og deretter LANDSKAPSROMMET MÅ GJERAST TILGJENGELIGHET for massane gjennom ein veg med transparent masse på.


GEVINST ved tiltak, seier eg. KOR MANGE TURISTAR VIL NYTE DENNE VEGEN AV TRANSPARANT MASSE VERSUS KOR MANGE FASTBUANDE?


Og sidan eg er journalist, seier eg KOMMUNIKASJON: forstår dei oss, snakker denne landskapsplanleggaren same språk som dei som bur i landskapet, eller vil dei oppfatte det som overstyring? Har ein same oppfatning av kva som trengs, eller er vi på nivå med journalist versus medieforskar, altså gjensidig hat og mangel på forståelse? VI HAR KONFLIKTEN MELLOM STYRT VERSUS STYRANDE. Legg ein forskjellig betydning i ord og begrep?


Er det som er distrikt for deg, distrikt for meg?


Så kva med dei som bur der, spør eg? Dei er like konservative som deg, seier han til meg. Det vil aldri bli ein to meter brei transparant veg rund Viksdalsvatnet, og eg pustar letta ut.

7


Puh.. inga endring. Alt er som før OG EG ER STEMPLA SOM EIN KONERVERANDE VATTNISSE SOM IKKJE FORSTÅR VERDIEN AV DEN NASJONALE TURISTVEGEN sett i perspektiv av den urbane bygda, intet mindre. Eg likar heller ikkje kaffe latte. Eg er kjip. Han seier det ikkje, men eg veit han tenker at eg er ein tomskalle av ein bonde med låg kulturell kapital. Han om det.



8


Eg meiner no likevel at GEVINST er eit ord å tenke på. Kven vinn på dei tiltaka som blir sett igang?


Når det gjeld utadretta profilering av Sogn og Fjordane vil eg sei at det i første omgang turistnæringa. Den har for evig og alltid stempla Sogn og Fjordane som eit vestlandsk paradis, vel å merke for alle andre enn dei som bur der.


Her er altså ein del sjølvmotseiingar ute og går. Det som er turistvennlige lokkeduer kan virke stikk motsatt med tanke på å lokke til seg innbyggarar. Og eg meiner ikkje at vi ikkje skal ha turisme, eg meiner berre at turistmarkedsføringa druknar alt anna.


Det er kanskje ikkje så rart vi høgt utdanna vert skeptiske til å flytte hit når alt vi les om SFJ, bortsett frå når Gulen sørger for eit godt smell i ny og ne, er i National Geographic:


The gorgeous scenery and the "well-preserved Norwegian rural life" are vigorously protected, plus "the local people seem to benefit."


Det opprinnelige livet er på den norske bygda godt ivaretatt. Dei innfødte ser ut til å trivast.


«The local culture can be seen on the shores and mountains. It gives an ideal overview of well-preserved Norwegian rural life.»


Dei norske utkantane er godt bevarte, og den begrensa befolkinga lovar godt for fjordregionen, skriv National Geographic. Ingen som sølar kaffe latte på historiske stader, eller andre stader for den del.



8



The Fjords og andre turistaktørar har i det heile tatt gjort ein god og grundig jobb med å få oss til å framstå som eit godt bevart opprinnelig samfunn smekk fullt av fjøsnissar.


Problem: fjøsnissar forskar ikkje og dei bedriv kultur kun på eit ytterst lågt nivå. Dessutan et dei kun graut.


Det ser i det heile tatt ut til at Sogn og Fjordane er LITT FOR vel bevart.



AKADEMIKARAR likar seg nemlig ikkje blant fjøsnissar, og eg veit at mange vil påstå at dette er tull og at dei får akademikarar hit som trivast godt, og dette stemmer sikkert, men det er jo dei som ikkje kjem hit, som er problemet.



10


Eg har vore nyhetsredaktør i studentavisa Universitas i Oslo. Den har eit opplag på 17 000 og kjem ut ein gong i veka. Det var på den tida Kristin Clemet var utdanningsminister i Norge, og debatten raste om distriktshøgskulane og kor heldige vi var som var i Oslo, som slapp å studere ved ein distriktshøgskule. Debatten raste om eliteuniversitet. Det er i det heile tatt mange hardcore fordommar mot å utdanne seg i distriktet, eller mot å forske der. Forskning frå Sogndal? Kva er det liksom. Førde enda verre. Ein ser for seg at her finst ingen fagfolk i toppklasse, ikkje noko miljø, ingenting å bryne seg på. Ein blir i det heile plassert på ein fjelltopp med ei bok og eit par ski. Og der blir ein sittande.


For å sette det på spissen: Skal du til Sogn og Fjordane må du legge karriera på hylla. Og dette høyrest sikkert ille ut, men slik tenker mange, særlig då dei med karriereambisjonar. Kven skal eg diskutere med? Kva slags miljø skal ein vere i? Ein markedsfører seg i det heile tatt ikkje som ein stad for forskning, debatt og utvikling. Og no snakkar eg ikkje om bevisst markedsføring, men om det generelle inntrykket ein får, mykje gjennom mediene. Mediene har stor innflytelse både over bildet andre har av eit område og av kva inntrykk dei som bur i området har sjølv.


Debatten i fylkets aviser gjenspeglar heller ikkje at her finst akademikarar i omløp. På firda.no les vi om vold i pølsekø, hjortekalvar som bur inni rundballar, u name it. Eg trur, og eg trur eg har rett, at mediene undervurderer sitt publikum. Dette er dessverre ikkje uvanlig all den tid avstanden mellom medier og publikum ofte er svært stor. Iallefall gjeld dette i oslopressa. Kanskje meir i Oslo-pressa enn her all den tid mediefolk i Oslo utgjer eit eige samfunn ganske godt plassert på ei eiga øy.


PAUSE og nytt tema


11


Sjølv om Vestlandet iallefall ikkje i mi levetid kjem til å bli lovfesta som ein slankekoloni for tyske turistar, er det slik vi likar å framstille oss. Her er det bratt (vi er vane med å slite og slepe, det vil vi fortsette med, du er ikkje i byen no og du får ikkje kaffe latte når som helst, og det må du leve med), her er det stille (lite folk og ingen urbanitet), her er det urørt (vi hatar vindmøller og ellers framskritt generelt) og I ordet LEVANDE bygdesamfunn legg vi opplevingssenter, museum, kunstgalleri, stavkyrkjer og historiske stader.» (Kilde: sognefjord.no).


Det er vel ingenting som er meir dødt enn opplevingssenter, museum og historiske stader....


OG det er lite som irriterar meg meir enn folk som seier nei til absolutt alt, og då særlig folk som seier nei til vindmøller. Ja til vindmøller, seier no eg. Og nei, eg stemmer ikkje Frp. Etter å ha skrive om ja til vindmøller, vart eg merkelig nok stempla som ein desinformert Frp-retorikar, og nok ein gong omtalt som ein person som kun vil ha blest om meg sjølv som person. Yeah right. Da hadde eg sikkert gidda å skrive om Sogn og Fjordane. Keep it real.


Av og til skjønner eg virkelig ingenting. Og når vi først er inne på det har eg blitt forsøkt bortforklart som ein dum plankehaug, som blondine med låg intelligens, uutdanna (den er drøy), kaffe latte-drikkande (eg likar ikkje kaffe latte), identitetsfråskrivande, lita jente som kjeder seg i Oslo, dårlig oppdregen med stor trang til opprør mot sine foreldre. Spenstig. Rart ingen har påpeikt at min bror er ein løk som jobbar i TV2. Det hadde vore like saklig.


Eg har også fått høyre av leiar for nynorsk mediesenter, som eg forøvrig er langt under middels imponert over, at eg skriv bokmål av karrierehensyn. Det er virkelig ille at leiaren har så låg sjølvtillit. Eg får ei rekke oppdrag nettopp fordi eg skriv nynorsk. Det er ein av mine nisjekvalitetar.


Eg får også merksemd nettopp fordi eg er opptatt av distrikt. Kanskje fordi eg faktisk er ein av dei ytterst få som skriv om slike ting: distrikt, nynorsk. Eg har faktisk klart å gjere det til bissniss. Som ein smart kar sa, hadde nynorsken hatt fleire skribentar som Anne Viken, hadde nynorsk vore eit kult språk. Eg sluttar meg sjølvsagt til den påstanden. Utsagnet kom i forbindelse med kåring av norges beste bloggarar.


Distrikt er nemlig ikkje så ukult som mange trur. Heller ikkje nynorsk. Sjølv om mange i Oslo ser på meg som ein fjøsnisse, fordi eg skriv om mat, landbruk, distrikt og nynorsk, som per idag er verdens minst kule ting takka vere dei som har vore desse tingas talsmenn gjennom tidene: død over senterpartiet, målrrørsla og bunadseliten, så kan eg ikkje sei at det bryr meg. Ein må våge å stå opp for seg sjølv. Det trur eg ein vil vinne på i lengda. Eg er verken senterpartiet, målrørsla eller bunadseliten og vil ikkje ha noko med nokon av dei å gjere, maks som facebook-venner.


For dei som liksom har tatt på seg å fronte Sogn og Fjordane, er heller ukule. Dei er utarmande kjipe og treige, som den dundrande sure leiaren for nynorsk mediesenter her i Førde som eg aldri hugsar kva heiter, den dritsure nynorskrørsla generelt, eller som dei humorlause bunadselitefolka og felegnikkarane som drog til kongen for å feire bursdag, alle sammen totalt blotta for humor, overbevist om at dei ville gå opp i røyk alle mann om vi tenkte i litt andre baner enn sine eigne inngrodde. Du skal ikkje komme her og komme her.

13


«Eg trur eg høyrer til den siste, eller nest siste nynorskgenerasjonen. Nynorsk blir truleg eit mandarinspråk for dei lærde, eller borte, fordi det ikkje har nokon smitteeffekt til nye område,» sa Einar Økland denne veka.


Og det er vel liten tvil om at målrørsla har bidrege til mandariniseringa av nynorsken. Og grunnen til at eg nevner målrørsla er at der er ein smitteeffekt mellom markedsføringa av områda som tradisjonelt vert sett på som nynorske, og språket. Denne kjem ein ikkje bort frå. Det kan dermed hende at motkulturar som distrikt og nynorsk bør gå saman i kampen for overlevelsen.





14


Sogn og Fjordane er eit minefelt, og du er ein galning om du ikkje diggar bunader. Å sei at bunader er stygt, er omtrent like gale som å tegne muhammed med bombe i hatten.


Eg trur ein må slappe litt av og ikkje ha så mykje mindreverdighetskompleks. Ellers kan debatten om Sogn og Fjordane bli utarmande. Ein må slutte med slike personangrep som det eg sjølv har opplevd. Det er ikkje den som blir angripen som taper på det. Eg har blitt herda.


Mange etterlyser tiltak. Så kva kan du bidra med, frøken Viken, som verken kan snakke dialekt, skrive nynorsk eller oppføre deg som folk??


Tja, eg kan blant anna skrive. Vel å merke ikkje her i Sunnfjord all den tid Gaular kommune sit med pappskallen sin under vatn i Dalsfjorden og hittil ikkje har makta å skaffe meg internett sjølv etter to år med purringar. Det verste er at dei meiner at deira innsats for å skaffe meg nett, er god nok. Og der har vi eit problem: dårlig er godt nok. Nei, seier eg. Dårlig er ikkje godt nok. Middelmådighet må ikkje bli ei norm. Vi må strekke oss mot stadig nye mål. Vi må tolerere at dei som potensielt kan bli tilflyttarar til Sogn og Fjordane stiller andre krav. Vil ein ha kvalitet, må ein tilby kvalitet. Og her ligg noko av problemet. Ein er ikkje der idag. Og no snakkar eg om klima. Takhøgda.


Om Bygda hadde våga å etterstrebe den same kvaliteten som det folk innbiller seg at finst i byen, for dette handlar i stor grad om image, hadde vi kanskje kunne konkurrere. Men då må ein vite kva ein tolerere å bli stilt krav til. Per dags dato framstår ikkje Sogn og Fjordane som attraktivt nok.


15


Det er ikkje å strekke seg når ein vil gi nedbetaling av studielån til tilflyttarar.


Det blir som å betale ein fyr for å gå på date med deg. Kvifor ikkje heller overbevise denne karen om at du er eit skikkelig kupp? Dette er tidvis svært vanskelig, men det er noko som vil kunne bygge eit fundament som potensielt varer lenger enn pengane du får på bok for å flytte hit.


--


Som han karen som var redd eg skulle brenne ned huset hans med felene som tennstikker, sa: det er bra med debatt. Og eg trur det er eit godt poeng. Vi treng ei mentalitetsendring:


Om Bygda, og no skriv eg Bygda med stor B, hadde kunna klare å framstå med den takhøgda som byen påstår at den har, og merk dåke at eg seier: som byen påstår at den har, trur eg vi har kome langt.

Les Georg Arnestad sitt innlegg "her":http://www.hisf.no/no/content/download/20444/135552/file/forde.fredag15.januar.pdf Du kan laste ned pdf ved å trykke på linken.

Sjekk "min blogg":http://anneviken.blogspot.com/ for vidare kommentarar og stoff frå debatten.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys