Gå til hovedinnhold

Opphev odelsretten!!?

No i påska har vi fått eit slikt forskningsspørreskjema frå Bygdeforskning, det er skikkelig omfattande og skal svarast på i detalj. Eit av spørsmåla var: fører utviklinga i landbruket til at folk kvir seg for å overta garden? Svaret er sjølvsagt. Det er JAAAAAAA!

Eit anna spørsmål var: bør odelsretten opphevast?? Svaret er JAAAAAAA. I den forbindelse postar eg her ein kronikk som er trykt i siste utgåve av Bygdeungdommen, som blir utgitt av Norsk Bygdeungdomslag, signert underteikna, og skriven på bestilling frå Bygdeungdommen, tema valgfritt.


Opphev odelsretten

For nokre få år sidan vart det i regi av Norges Bygdekvinnelag ringt rundt til eigarar av fråflytta gardar på Veitastrond i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Spørsmålet var om nokon av desse kunne tenke seg å selge garden. Årsaka til at ein ringde, er at mange var på utkikk etter ein gard, men gardar var vanskelige å få tak i. På same tid stod ei rekke gardar tomme. Luster ønskte seg også fleire tilflyttarar, og mange som flyttar til bygda, flyttar berre om dei finn seg ein gard.


Men ingen ville selge. Årsak: gardane høyrde til i slekta, var tatt på odel og skulle forbli i slekta som feriehus.


Historia er ikkje eineståande. Det er mange som leitar etter gard til salgs, og jakta kan ta år og dag. Mykje av årsaka er den genetisk betinga tilgangen til feriehus med land rundt.


Slik bidreg odelsretten til at gardar står tomme og bygder blir avfolka. Om folk flyttar, forringar ein kvaliteten av lokalsamfunnet. Færre folk betyr i sin tur til nedbygging av både private og offentlige servicetilbod som skular, barnehagar og fritidstilbod.


Eg har odelsrett. Den vant eg i genlotteriet.


Odelsmand og Jorddrot er næst til at besidde den Jord hand ejer, eller have Lod til, heller end nogen Fremmet, står det i I Christian V's lovbok frå 15. april 1687. Den skulle beskytte folks rett til eiga jord. Men idag, i 2010, svelt du ikkje ihjel om garden ikkje forblir på dine hender. Det er heller omvendt. Som bonde går du for lut og kaldt vatn med ei gjennomsnittleg årslønn på 200 000 for nærast å arbeide døgnet rundt. Gard er ingen lukrativ bissniss. Så kva skal eg med odelsrett etter?


Jo, eg har to alternativ. Det eine er å bli bonde, jobbe meg til døde for småpengar og sjå langt etter fritid og andre frynsegoder. Eg må leve eit liv der eg vert hersa med av alt frå Nortura til den norske stat og forbrukarar, leve underbetalt og utnytta, står lågt på rangstigen i samfunnet, og ligg lagelig til for hogg frå alt og alle. Det andre alternativet er å bruke garden som ein lukrativ feriestad. Der finst nok av smutthol i regelverket. Her kan eg halde store festar, sole meg i hagen og ha med meg mange gjestar.


Odelsretten står i sterk kontrast til slagord som «heile landet i bruk», «bevaring av spreidd busetnad» og «bevaring av kulturlandskapet». Den står også i sterk kontrast med solidaritetsprinsippet i norsk landbruk, og er antisolidarisk med det globale behovet for matproduksjon. Alternativet kan vere regulerte takstar på landbrukseigedomar slik at du ikkje treng vere verken millionær eller vinnar i genlotteriet for å få deg ein gard.


Ei oppheving av odelsretten vil kreve ei endring av grunnlova, og det er på høg tid å gjennomføre denne endringa. Argumenta er gode. Verda står overfor klimakrise og matvarekrise, medan Norge fortsett held på lovfesta rettar mynta på eit middeladersamfunn.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb