Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordanes landbruksvrövlarar:

Fylkets landbruksvrøvlararNæringssjefen i fylkeskommunen, Jan Heggheim (Firda 8.april) vert forbanna på bønder som syt over låge inntekter og landbruksdirektör Christian Rekkedal samanliknar gardar med leiligheter.

Kronikk i Sogn Avis idag

I følge tal frå Totalkalkylen og SSB, tjente bønder i 1998 60 prosent av ei årslønn i industrien. I 2008 tjente bøndene i snitt 40 prosent av ei årslønn i industrien.Frå 1989 til 2009 har antal bønder blitt redusert fra 100 000 til 45 000. Mykje av årsaka er den negative lønnsutviklinga. På same tid ønsker Norge å oppretthalde matproduksjon, og vi står overfor global matvarekrise. Debatten om norske bønders lønnsutvikling går inn i debatten om global matvareforsyning.

Tar vi ein kjapp titt på Soria Moria 2, plattformen til sittande regjering, som eg antar Heggheim har lese, står dette: "Regjeringen vil videreutvikle Norge som reiselivsdestinasjon, med basis i Norges natur- og kulturressurser. Ivaretakelse av disse ressursene er en forutsetning for en positiv utvikling av reiselivsnæringen i framtiden. Reiselivsnæringen må derfor sees i sammenheng med andre viktige politikkområder som kultur, landbruk, samferdsel og distriktspolitikk. Nord-Norge har unike reiselivstilbud, og må gis mulighet til å utløse sitt potensial."Ein nedadgåande lønnsspiral i landbruket vil ha negative effektar på også andre sektorar i distrikts-Norge. Ikkje berre reiseliv, men også servicenæringar: elektrikarar og byggebransje, som leverer tenester til landbruket.

Eg lurer på kva Jan Heggheim tenker om at ein stadig høgare andel av innsatsmidlane i norsk landbruk er importerte? Kva tenker han om at ein heller enn å heve lønna i norsk landbruk, og dermed også statusen til yrket, i dag løyser lønnsproblematikken ved å importerer billeg utanlandsk arbeidskraft? Lågare løn for arbeid i landbruket senkar statusen og gjer bondeyrket mindre attraktivt. Få nordmenn vil arbeide for ei slik løn, sjølv om vi har minsteløn i norsk landbruk for å hindre sosial dumping. Arbeidarane som kjem til Norge, blir her på stadig lenger opphald og går inn i stadig fleire deler av landbruksproduksjonen. Eg har ikkje noko imot utanlandsk arbeidskraft i seg sjølv. Det er den negative lønnsutviklinga som er problemet. Kva synest Heggheim om at ein stadig større andel av fôret som blir gitt til norske matproduserande husdyr, er produsert på industrielt landbruksareal i utlandet ved bruk av utanlandsk arbeidskraft? Er dette god distriktspolitikk for Sogn og Fjordane?

Dette utgjer 700 000 tonn importert fôr i året, tilsvarande 2,5 millionar dekar mark som vi beslaglegg utanfor Noregs grenser. Mykje av arbeidskrafta som produserer kraftfor på desse arela, og som vi så importerer til Norge, er underbetalt. Produksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping. Dette er ikkje norske bønder sin feil, men ved å underbetale billeg arbeidskraft i utlandet kan ein også skvise norske bønder stadig lenger nedover i lønnsspiralen. På same tid står norske, reine utmarksbeiter tomme. Vi importerer lammekjøt frå New Zealand, eit land berykta for hasardiøst dyrehald på sauefronten.

Ein kan spørre seg om Bondelagets leiarar har kunnskap om den internasjonale matsituasjonen og forholda utanfor eiga låvedør. Eg trur svaret langt på veg er nei.

Om ein reknar dekar per person i Norge, er fulldyrka areal per person, ifølge SSB, redusert med 16 prosent siste tjue åra. Medan folketalet i Norge stig, er areal dyrka mark og norsk landbruks evne til å fø eiga befolkning basert på eige ressursgrunnlag, nedadgåande. Sterkast er arealnedgangen, ifølge Resultatkontrollen, på Vestlandet, der nedgangen i antal bruk også er størst.Om Heggheim følger med, veit han at Bygdeforskning nyleg har presentert deler av talmaterialet frå undersøkinga "Trender i norsk landbruk 2010". Dette viser at det er eit markert fall i andel bønder som forventar ein betra gardsøkonomi i komande år.

Den einaste som syt her er Jan Heggheim. Med slike haldningar er det også meir enn underlig at han ønsker å arbeide som landbruksdirektør. (Det er freistande å beklage at ikkje fleire høgt utdanna, dyktige mennesker søker seg til stillingar i distriktet).No er han også ute og pratar om at gardar som ramlar ned, og at desse må selgast. Fylkeslandbruksdirektør Christian Rekkedal seier i Firda 29.april at dei fleste fornuftige huseigarar vil selge ein leilighet som står til nedfalls. Samanlikninga er banal når vi veit kor låge prisane har vore på landbrukseigedomar. Mange vil ikkje selge livsverket sitt til dumpingpris. Difor blir det for enkelt å snakke om "slekt" og "ein kvar fornuftig huseigar", men nok ein gong tyr Rekkedal til populistiske snarvegar.

Mange kjøparar har fint råd til å betale langt meir enn det mange av eigedomane, som Rekkedal omtaler som nedfalne, går for idag, men dette blir ikkje nevnt. Tørr ikkje Rekkedal gå i rette med fordommane som finst mot landbruket? Eller er han berre desinformert på grensa til det komiske? Kvifor ikkje snu problematikken og sjå på strukturar og prisutvikling?

Kanskje, om norsk landbruk blir ansett som ei næring med høgare verdi, ville ein også kunne kreve høgare salgsprisar. Då ville kanskje også fleire føle seg lokka til å selge, fleire kunne kanskje også tenke seg å jobbe i landbruket om dei fekk skikkelig løn. Prisen på eigedomar og løn for arbeid går hand i hand. Det kunne blitt lys i fleire hus. Men skal ein få dette til, må ein heve bøndenes status. Ein god start er å gå vekk frå poplulistisk vrøvl a la Rekkedal.

Ein bør diskutere dei strukturelle problema som ligg til grunn for at "bønder syt" og at "hus står tomme", men dette krev meir enn overflatisk synsing basert på fordommar. Rekkedal framstår i Firda som ureflektert og dårlig informert. Han bør som fylkeslandbruksdirektør spare seg for å ty til populistiske forenklingar. Å satse på landbruk i dag, "krev ballar". Dette bør Rekkedal og Heggheim vurdere å skaffe seg rimelig kjapt.

Anne V, skribent, journalist og distrikstveterinär (i Sverige)

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn