Gå til hovedinnhold

Uganda, eit kort reisebrev

No er bloggen forsømt. Årsak: eg er i Uganda.

Uganda er Afrikas perle seier dei. Det er på grunn av naturen. Her har dei Nilen og jungel og gorillaer. Det er dessutan billeg å reise hit, billeg å ete her, leve her, reise rundt her er ganske dyrt i grunn, trygt å bevege seg er det også, her er høner tett i tett stabla i bur langs veien. Etc. Det er eit utviklingsland, men om du vil til Afrika, er det eigentleg ingenting å lure på. Det er berre å reise nedover. Her er palmer og det er veldig digg å sitte ute og høyre på grashopper og hundeglam heile kvelden medan ein drikk kald Nile-øl til 2,50 kroner.

Til no, desse siste tre fire dagane, har ein eigentleg berre slappa av og vore rundt i Kampala. Besøkte Makeere universitetet og det var eit svært område. Her hadde dei ein okse med ein halv kalv fastvoksen på ryggen. Altså eit slags misfoster. Det var eit underleg skue. To tvillingar der den eine har endt opp med å bere rundt på den andre resten av livet. Kyrne har har forresten heilt massive horn. Bilder kjem seinare.

Eg liker egentlig ikkje maten her. Den smakar veldig annleis. Så annleis at eg har problemer med å ete den. Har prøvd to gonger å bestille middag på lokale restauranter med nedslåande resultat kvar gong. Folk står og ser på meg og lurer på kvifor eg ikkje et opp. Det er muligens dårleg gjort av meg å ikkje like maten. Å  ikkje å ete opp i eit utviklingsland med matmangel og store problemer med å dekke eiga befolknings proteinbehov, føles litt dumt, men eg greier ikkje heilt å få det ned. Det er noko med lukta og smaken. Men kaffen her er virkelig god, og dei har glitrande øl. Backpackers Hostel i Kampala kan ein også anbefale. Her er fint å bu, stor hage med palmer og god mat kjempebillig. Og så kjempegod kaffe. Kaffe er noko eg ikkje greier meg utan;)

Var i India for eit par år sidan og det var ei matoppleving. Maten var fantastisk. Men der India ikkje alltid føltes like trygt, er ein trygg som i ein safe her i Kampala. Og no skal vi på safari, samt ut i distrikta og kike på farmarar. Det blir moro. Over og ut!

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...