Gå til hovedinnhold

Eg trur ikkje livet ditt blir betre om du legg ned din Facebook-profil. Ein treng ikkje velge mellom fuglesong og Facebook. Velg begge. Bruk dei med vett.

Kva med å bruke vettet? Internett er ikkje farleg. Det gir deg store muligheter og stiller store krav til ditt brukarvett. Greier du balansen?

Internett et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Internett er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg. Og no snakkar eg ikkje berre om sosiale medier. Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Er det avhengighet?

Vi blir fortalt og smurt øra fulle av at vi blir avhengige av internett, vi blir fortalt at det virkelige livet der ute er så mykje betre enn livet på nettet, vi blir fortalt at vi skal brenne ut før vi er tretti, før vi er tjue, før vi er femten. Vi skal lide for vår internettilgang. Det er iallefall sikkert.

Blir det ein sjølvoppfyllande profeti?

Alle fagfolk liker å spekulere i nye fenomen. Internett og sosiale medier er eit nytt fenomen. Så er dommedagsprofetiane for dommedagsaktige?

Jamfør dagens kronikk i dagens Aftenposten.

Kronikken Farvel Facebook er naiv. Den er banal. Den er patetisk på grensa til vulgær, men problema den peiker på er, underleg nok, eit faktum. Folk trur faktisk at du er død om du ikkje er aktiv på Facebook. Men dei trur også at du har møtt veggen om du stenger ned bloggen din. Det er i grunn skummelt at folk har så lite sjølvstendig tankegang igjen. Det er i grunn latterleg at folk ikkje maktar tenke meir kreativ enn som så. Og om vi skal gå litt grundig til verks: det er faktisk eit problem på Facebook at profilane til døde menneske ikkje vert sletta. Det er altså ikkje grunn til å tru at folk er døde at deira profilar forsvinn. Ein død kamerat av meg har fortsatt profil på Facebook.

Kvar er folks eige ansvar for åtferd på nettet?

Klisjeane haglar i Farvel Facebook-kronikken. Han høyrer fuglesongen betre, til og med, etter å ha logga av Facebook. Ein kan her spørre seg om kronikkforfattaren har tenkt så mykje på at han har stengt ned profilen, at han begynner å bli obs på verda rundt seg. Dette er jo positivt, men måtte han virkelig stenge ned ein Facebook-profil for å høyre fuglesongen betre? Neppe. Men det er ein fin klisje. Og klisjeaktige oppfatningar av verda kan lett bli oppfatta som sanningar: du får eit betre liv om du loggar av Facebook.

Nei, eg trur ikkje det stemmer. Eg trur ikkje livet ditt blir betre om du legg ned din Facebook-profil. Eg trur det blir dårlegare. Kvifor? Fordi Facebook er ein viktig sosial og profesjonell plattform. Du vil faktisk misse ein heil del informasjon om du loggar av for siste gong.

Ja, dette er eit problem, brøler den sosialemedierfiendtlege massen som meiner ein høyrer fuglesongen betre i den augneblinken ein loggar av.

Mitt svar er nei. Det er ikkje eit problem. Det er eit faktum, og det er stor skilnad på "problem" og "faktum". I våre dagar er sosiale medier ein viktig plattform. Ein plattform mange av oss er avhengige av både privat og profesjonelt. Ikkje fordi vi ikkje greier logge av, men fordi det er der det skjer. Fordi vi vil vere med, vi vil ha innflytelse, vi vil bli hørt. Difor er vi pålogga sosiale medier deler av døgnet.

Problema startar den dagen du ikkje greier logge av. Den dagen sosiale medier tek over kvardagen din, ødelegg nattesøvnen din, tek all energien din. Og om du ikkje er i stand til å skille mellom virtuell kvardag på sosiale medier og kvardagen ute i verda, så er det heilt greit. Det er nemlig ikkje noko stort skille. Dei to glir over i kvarandre. Vi lever i 2011. Sosiale medier er ein integrert del av vår kvardag, ikkje eit artifakt som vi må passe oss for.


Eg har tatt meg ein bloggpause og har vore borte frå denne bloggen i ein og ein halv månad. Og eg har ikkje blitt utsett for mobbing på nettet, og eg mottar utrulig mykje positive tilbakemeldingar på mine skriverier, men ein kan også bli lei av å stirre inn i ein skjerm, nyheter som flakkar forbi, folk som sender epost, tidvis hagler det inn med alle slags forespørslar. Det er eit stress. Det er slitsomt. Av og til må ein kort sagt ta seg ein pause. Ein treng ferie frå blogging som frå alt anna. Og ein bør ikkje vente med å ta den pausen til ein har møtt veggen. Det er ikkje tøft å møte veggen før du er tretti.

Av og til blir det faktisk for lett å skulde på internett og sosiale medier. Av og til må ein undersøke litt med sin eigen heilt enkle praktisk forstand. Vett er ein undervurdert eigenskap i vår tid der anonyme idiotar går amok på nettet og trur dei er kule, og der folk tømmer i seg sjølvhjelpsbøker i søken etter ei eller anna sanning om seg sjølv. Ein gløymer ofte, kan det verke som, at ein sjølv har eit visst ansvar for si åtferd. Det er lett å skulde på sjefen, på sosiale medier, men av og til blir det for dumt.

Å logge av er ein kunst som for mange er vanskeleg å lære seg, men det er ein kunst verdt å lære seg. Dette treng ikkje vere ein lett øvelse, men det er ikkje så vanskeleg som ein trur. Å slutte og røyke er også mogeleg. Det er ikkje så forferdleg vanskeleg som mange ønsker å overbevise deg om. Røykeslutt er ein kunst mange beherskar med glans. Sjølvoppfyllande profetiar: du treng hjelp med din røykeslutt, ditt liv er kontrollert av sosiale medier, kan vere like ille. Dei tek vekk den sjølvstendige evna til å tenke. Tenk sjølv. Kva gjer sosiale medier med ditt liv? Sjå på svaret, vurder så om du bruker dei rett eller feil.

Internett kan utan tvil vere ein trussel mot helsa til ein kvar som ikkje veit å styre seg. Eg har ikkje tenkt å bli ein av dei som møter veggen, og kjem antagelegvis også i framtida til å legge ned bloggen for lengre eller kortare periodar. Det virkelig livet ute blant folk, ute i naturen, der ting i praksis skjer, har større verdi til sitt bruk. Iallefall for meg. Så kjem eg til å bruke ein del tid online. For det er her det skjer store deler av tida. Ein treng ikkje velge mellom fuglesong og Facebook. Det er unødvendig. Velg begge. Bruk dei så med vett. For mykje fuglesong vil antagelegvis også kunne skade deg på sikt.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys