Gå til hovedinnhold

Sosiale medier er naturleg


Du treng ikkje velge mellom Facebook og fuglesong.


Sosiale medier et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Sosiale medier er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg.

Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Vi har hørt historiene. Så er dette avhengighet eller er det berre ulike måtar å forhalde seg til ein del av samfunnet på? Samfunnet i dei sosiale mediene?

Alle fagfolk liker å spekulere i nye fenomen. Sosiale medier er eit nytt fenomen. Så er sosiale medier farlege tidstjuvar, eller er det berre noko vi blir fortalt? Og kvifor er det så farleg i grunn? Og no snakkar eg ikkje om mobbing på nett, nettmobbing er feil. Eg snakkar om heilt vanleg bruk av sosiale medier som eit kvardagsfenomen av vanlege vaksne brukarar. Ikkje om barn.

Kronikken Farvel Facebook er ganske banal, men nokre av problema den peiker på er eit faktum. Folk trur kanskje at du er død om du brått ikkje er aktiv på Facebook. Men er det eigentleg ei overrasking? Det er jo så vanleg med sosiale medier. Folk vil også bli bekymra om du ikkje tek telefonen på nokre timar eller let vere å svare på sms. I gamle dagar trudde folk at du var død om du var borte på fjellet i mange dagar.

Er det eit dramatisk faresignal vedrørande sosiale mediers dominans at folk trur du er død når du har sletta profilen din, eller er det berre heilt vanleg menneskeleg psykologi å lure på kvar folk som vanlegvis er der har blitt av? I møte med sosiale medier ser det ut til at normal menneskeleg adferd vert stempla som faresignal. Og døde menneskers profilar blir då heller ikkje sletta. Dei blir verande, gjerne som fine minnesider. Dette er også eit nytt fenomen.

Klisjeane haglar i Farvel Facebook-kronikken. Han høyrer fuglesongen betre etter å ha sletta sin Facebook-profil. Dette er positivt, men måtte han virkelig stenge ned ein Facebook-profil for å høyre fuglesongen betre? Neppe. Men det er ein lettkjøpt klisje: du får eit betre liv om du loggar av Facebook. Facebook er unaturleg, fuglesongen er naturleg. Sosiale medier fjernar oss frå vår natur.

Sosiale medier er enno eit såpass nytt fenomen at det av mange blir sett på som unaturleg.
Påstand: i vårt samfunn er Facebook ein like daglegdags del av mange vaksne menneskers liv som fuglesong.

Og nei, eg trur ikkje livet ditt blir betre om du legg ned din Facebook-profil. Kvifor? Fordi Facebook er ein viktig sosial og profesjonell plattform. Og dette er ikkje eit problem. Det er eit heilt greit faktum. Du vil heilt riktig misse informasjon om du loggar av for siste gong, vel og merke om du tilhøyrer ein krets som er på nett.

Sosiale medier er ein plattform mange av oss er såkalt «avhengige» av både privat og profesjonelt. Ikkje fordi vi ikkje greier logge av, men fordi det er ein plattform der vi ønsker å delta. Dette er eit enkelt faktum. Det er stor skilnad på "problem" og "faktum".

Sosiale medier er ein del av vår kvardag, ikkje eit artifakt som vi må passe oss for. Derimot må ein lære seg å bruke det med vett. Det må vere opp til kvar enkelt korleis ein ønsker å bruke sosiale medier, samt om ein ønsker å vere der, men av og til blir det for lett å skulde på internett og sosiale medier.

Det blir rett og slett komisk å påstå at ein er avhengig fordi ein sit på Facebook om natta i år 2011 i Norge. Folk har lese bøker nattestid i århundrer utan at det har blitt sett på som unormalt. Om det er bra for helsa di når du må stå opp klokka seks neste morgon, er eit ganske anna spørsmål.

Om sosiale medier ikkje er noko for deg, om du føler at ingenting går deg husforbi om du ikkje er der: slett gjerne profilen din, men slett den ikkje for å kome i betre kontakt med virkeligeheten. Facebook er ein del av virkeligeheten idag. Ein treng ikkje velge mellom fuglesong og Facebook, men å logge av er ein kunst verdt å lære seg. Og du kan tenke sjølv: kva gjer sosiale medier med ditt liv? Om dei ødelegg hørselen din kan du eksempelvis skru ned volumet på mac-en.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb