Gå til hovedinnhold

Iselin Alvestads magiske univers: Alanya-serien

Eg har lese gjennom Iselin B. Alvestad sin serie om Alanya. Først las eg bok nummer to, så nummer fire, så nummer ein og til sist nummer tre. Litt hakkete rekkefølge på det som er meint å vere ein serie barnebøker i rett rekkefølge.




Fin underhaldning sjølv om spenningen blir litt kverka når ein har lese nummer fire og veit at ting går bra til slutt. (Der kjem også ei nummer fem).

Oppsummert vil eg slå fast at nummer to og tre er dei klart beste. I nummer ein er Alanya veldig barnslig og lita. Tolv år. Ein veldig barnslig tolvåring. Men kanskje er overgangen til å lese om Alanya i bok ein, etter å ha lese bok to og fire først, litt stor. Jenta har trass alt gått gjennom ei ganske stor utvikling som menneske frå bok ein til fire.

I bok ein "Veien følger hjertet" har ho levd heime i eit skjerma liv hos onkelen, Pip og kona hans, Munny. Alanya gjennomgår stor utvikling til bok nummer to, eit kvantesprang vil eg sei. Ho er nesten ikkje til å kjenne att. Eller jo, ein kjenner ho att på hennar gode humør, store evne til empati og innlevelse i andre mennesker sine liv og levnad. Dette er gjennomgåande og gjer Alanya veldig sympatisk og lett å like. Av og til kan det nesten tippe over i litt for snill-jente fakter. Av og til skulle kanskje Alanya vore litt meir ramp.  

Eg forestiller meg Alanya som veldig pen, veldig snill og omtenksom, klok og veslevaksen. Set seg høge mål og hadde sannsynlegvis made it to the top i politikken. Kanskje blitt statsminister eller leiar i næringslivet. Eventuelt sjef for FN. Ho er den typen. Godt materiale.

Det skal vel vere litt pedagogikk i barnebøker også. Eller ei slags sanning eller visdom. I Alanya-bøkene kjem denne ofte frå Pip eller trollmannen sin munn. Dei fortel Alanya om livet. Du skal ikkje skunde deg over ein bre, då kan du skade deg. Du må vere tolmodig, seier Kasimir til Alanya i bok ein (Veien følger hjertet) undervegs til Abylon. Når Alanya så tek på isen, sjølv om ho har fått klar beskjed om at ho ikkje skal, blir isen hard og fiendtleg. Gjer ho feil, går det gale. Det er som med oppdragelse av barn.

Bok to (Dragene våkner) og tre (Veien til Domar) er klart best. Her, særlig i bok tre, sit dramaturgien som eit skot. Bok ein, Veien følger hjertet, er til dels skjemt av repetitativ ordbruk. Same ord går att i setning etter setning utan at ein har tenkt på variasjon. Ordutvalget kunne ha vore større. Har det gått litt raskt i redigeringa? Dette ser ein derimot ingenting til i bok to, tre og fire. Der er språket strøkent. Alvestad blir heilt klart ein betre forfattar utover i serien. Ein sikrare fortellar.

Men nummer fire "Absalons krigere" er litt tynn i handlinga, synest eg. Det er litt for linjært. Rett fram. Ting skjer i rett rekkefølge og vi følger stort sett kun eit handlingsforløp mot to løp i bok tre. Bok fire kunne kjapt vore skriven saman med kanskje ei bok til om ein ser på innhaldet. Men dette er mine tankar. Eg er veldig spent på korleis serien sluttar. Det må jo gå bra til slutt. Noko anna er vanskeleg å tenke seg.

For Alanya er suveren, både som karakter og som underhaldning. Anbefales til alle som liker magi, kjekke gutar, store dragar i vill kamp over isbreear og slott, hekser og trollmenn dyppa i store mengder godt humør, fandenivoldsk vågemot og raske hestar.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys