Gå til hovedinnhold

Kvifor er det greit at folk på løkka seier ja til ulv, og at folk utan peiling på pels har lov å vere mot pelsdyrnæringa? Svaret ligg i vår tids samfunnsetikk.

Det er etikk, ikkje kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til ulv utan nokon gong å ha sett ein sau. Og fordi det er etikk det handlar om, kan ein heller ikkje skulde på folks manglande praktiske erfaring med, og innsikt i pelsdyrhald, når dei seier nei til pels. Fordi ulv, pelsdyr og folk på Grünerløkka lever i same samfunn, kan folk på Grünerløkka meine noko om pelsdyrhald i Trøndelag utan nokon gong å ha vore der. Det handlar ikkje om moralisme eller vankunne, men om samfunnsetikk.

Samfunnetikken er dynamisk og i utvikling, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, kan vi tillate oss å sei ja til ulv. Det er plass til både ulv og folk i Norge. Og fordi vi lever på toppen, kan vi sei nei til pelsdyrnæringa. Vi treng den ikkje lenger, brutalt sagt. Den er utdatert. Pelsfarmane vil lett kunne finne seg andre inntekter. Dei lever også på toppen, men dei er i utakt med samfunnetikken, og fordi dei er i utakt med samfunnetikken, dei aksepterer den ikkje, så skuldar dei på samfunnets kompetansemangel. Men argument om kompetansemangel nyttar ikkje. Fori det er ikkje kompetanse det handar om, men verdiar. Det er heller ikkje ein menneskerett å vere pelsdyroppdrettar. Pelsdyroppdrettarane lever i eit samfunn. Dei må forhalde seg til dette samfunnet, ikkje avvise det som kompetanselaust.

Og fordi pelsdyroppdrettarane og deira våpendragarar snakkar på eit anna nivå, det praktiske, og ikkje på det etiske, som deira kritikarar, så snakkar dei to forbi kvarandre og forstår kvarandre heller ikkje.

Om nokre år kan det hende det er kylling og kalkun vi seier nei til. Vi ønsker ikkje lenger intensiv oppdrett av kyllingar som knapt kan stå på beina, men dit har vi ikkje kome enda. Kylling er ein stor del av vårt norske kosthald, og fordi dei fleste av oss et kylling, seier vi ikkje nei til kyllingproduksjonen, sjølv om kylling er industriprodukt på linje med ølboksar. Heller enn å slutte og ete kylling, fortset vi. Kyllingproduksjonen, enn kor grunnleggande den strir mot dyrevelferd, natur og miljø, så strir den framleis ikkje med samfunnets etikk. Den strir kun mot enkeltpersonar og enkeltgrupperingars etikk, og dette er i første omgang ikkje nok til å ta eit steg vidare.



Den dagen vi blir vegetarianarar, eller den dagen vi ikkje lenger et kvitt kjøt, vil fleirtalet sjå på kyllingproduksjonen som uetisk, og dette vil vere gjengs samfunnsetikk. Etikken ligg etter det praktiske samfunnet. Den kjem når eit fenomen er forbigåande, eller ikkje lenger nødvendig, og den bortfell når nye maktbastionar tek plass, eller revolusjonar og opprør kastar opp på rådande oppfatningar.
Når vi ikkje lenger treng pels, kan vi kalle næringa uetisk. Når vi har blitt vegetarianarar, kan vi kalle kyllingproduksjonen uetisk. Ikkje før.

Men å sei nei til kylling og kalkun er ikkje rådande samfunnetikk idag. Per idag godtek vi at kylling og kalkun er industriprodukt utan eigenverdi, og difor er det ikkje så interessant å argumentere med at pels ikkje er verre enn andre husdyrnæringar. Det er nemlig ikkje det det handlar om. Poenget er at andre husdyrnæringar ikkje strir med samfunnetikken. Det gjer pels.

Kanskje fordi folk flest ikkje har fått nok informasjon om korleis produksjonen av kylling foregår. Men mest sannsynlig fordi dei fleste et kylling, det er lettvint og billeg, og lettvint og billeg går framfor etikk. Dei fleste av oss tek vulgære valg. Forbrukarane får det produktet dei er villege til å betale for, og per dags dato er det slaskekyllingar frå industriproduksjon. Ein et ikkje lenger sau frå fjellheimen til julemiddag, men fjørlaus kalkun med leddproblem og bukhinnebetennelse frå ein oppvarma industrihall. Det er vulgært og kompetanselaust. Dei kompetanselause seier ja til kalkun på same måte som dei kompetanselause seier nei til pels. Fodi det handlar ikkje om kompetanse, men om etikk.

Vi liker å ta lette valg. Det er vanskeleg å sei nei til kylling, det er lett å sei nei til pels. Når vi har sagt nei til pels, og når åra har gått, kan tida vere mogen for å sei nei til kvitt kjøt. Men først vil vi i årevis la denne uetiske næringa halde fram fordi den kun alarmerer nokre få av oss, ikkje høge nok antal til at alarmen blir rådande etikk.

Senterpartiet er i utakt med si samtid. Dei er i utakt med samfunnetikken. Dei er villege til å sloss for pelsnæringa med nebb og klør, men dei kan ikkje sloss mot samfunnet dei er ein del av. Dei kan heller ikkje sloss mot utviklinga. Difor har dei alt tapt.
Det etiske hjulet rullar vidare, utan pels. Det er ikkje eit tap, men eit teikn på eit samfunn i utvikling.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys