Gå til hovedinnhold

Kvifor pelsnæringas argument ikkje bit på oss


Det er samfunnsetikk, ikkje praktisk kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til pels utan nokon gong å ha vore i ein pelsdyrgard.
I Firda 12.april seier pelsdyrbonde Dan Ole Alme at han har vanskar med å akseptere at politikarar som ikkje har teke seg bryet med å besøke ein pelsdyrgad skal felle dødsdommen over næringa.
Men fordi det er etikk dette handlar om, kan ein ikkje kritisere politikarar som tar avstand frå pels for at dei aldri har vore i ein pelsdyrgard. 

Samfunnsetikken er dynamisk og i utvikling, den er idebasert, mindre enn praktisk erfart, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, meiner mange at vi kan tillate oss å sei ja til ulv. Og fordi vi lever på toppen, kan vi også sei nei til pels. Vi treng ikkje pelsnæringa lenger, brutalt sagt. Den er utdatert. 

Pelsfarmane vil lett kunne finne seg andre inntekter. Dei lever også på toppen, dei også, men er i utakt med samfunnetikken, og fordi dei er i utakt med samfunnetikken, dei aksepterer den ikkje, så skuldar dei på samfunnets kompetansemangel: «Ap-politikarane som røysta for å avvikle pelsdyroppdrett let seg styre av aksjonistar og media, og veit ikkje kva dei snakkar om», sa pelsbonde Alme til Firda 12.april.


Gong på gong gjentek pelsdyrforkjemparar at motstandarane er kompetanselause, men argument om kompetansemangel nyttar ikkje. For det er ikkje kompetanse det handar om, men verdiar. Pelsbøndene sine argument om manglande praktisk peiling, eller nedlegging av arbeidsplassar, er praktiske argument og fullstendig utan verdi i ein debatt som handlar om samfunnsetikk og kva type næringar vi ønsker å akseptere.
Og fordi vi alle lever på toppen av pyramiden hjelper det ikkje når styreleiar i Bertran Trane Skadsem i Norges Pelsdyralslag seier til NTB at «Det er ikke bare å finne på noe nytt over natta. (...) Å begynne med annet husdyrhold krever store investeringer og inntjeningen i landbruket er generelt ganske dårlig», sier han medan han i Stavanger Aftenblad 11.april seier at pels «er den desidert mest lønnsame landbruksnæringa i Norge idag».


Pelsdyroppdrettarane og deira kritikarar snakkar på to ulike nivå: det praktiske versus det etiske. Kritikar og bonde snakkar forbi kvarandre og forstår kvarandre heller ikkje. Pelsbøndene fortset med sine praktiske argument og hakkar laus på kritikarane si manglande erfaring med rev og mink. Dette har inga hensikt all den tid kritikarane kort sagt ikkje vil ha villdyr i bur uavhengig av antal sår eller om ein får rosa bur med glitter på. Vi vil ha næringa vekk.


Pelsdyroppdrettarane lever i eit samfunn. Dei må forhalde seg til dette samfunnet, ikkje avvise det som kompetanselaust. Det er i avvisninga av pelsdyrmotstandarane som kunnskapslause at den virkelig kompetanseløysa ligg. Landbrukets organisasjonar har seriøse problemer med å kommunisere ut til forbrukarane, no også i pelsdyrdebatten. Folk flest veit ingenting om rev. Dei veit berre at villdyr + bur ikkje er greit. Dei veit også at dei ikkje treng pels. Dei kan kjøpe fuskepels.


Om nokre år kan det hende det er kylling, kalkun og verpehøns vi seier nei til. Vi ønsker ikkje lenger intensiv oppdrett av kyllingar som knapt kan stå på beina, men dit har vi enda ikkje kome. Kylling er ein stor del av vårt norske kosthald, og fordi dei fleste av oss et kylling, seier vi ikkje nei sjølv om kylling er industriprodukt på linje med ølboksar. 

Men i første omgang: heller enn å slutte og ete kylling, fortset vi. Kyllingproduksjon, enn kor grunnleggande den strir mot dyrevelferd, natur og miljø, strir framleis ikkje med samfunnets etikk, kun mot enkeltpersonar og enkeltgrupperingars, og dette er i første omgang ikkje nok til å ta steget vidare og sei nei. Dessutan er broilerkyllingar eit nebbete og ganske feite, ekle dyr. Dei vekker ikkje vår sympati på same måte som ein vakker pelsrev.


Etikken ligg bakpå det praktiske samfunnet. Når vi no ikkje lenger treng pels, kan vi kalle næringa uetisk. Kanskje om nokre år, kallar vi kyllingproduksjonen uetisk. Ikkje før. Fordi vi liker enkle valg og fordi vi vil ha alle tilboda vi treng på bordet. Vi lever trass alt på toppen av Maslows pyramide og der har vi tenkt å bli.
Per idag godtek vi at kylling og kalkun er industriprodukt utan eigenverdi, og nettopp fordi dei fleste av oss godtek dette ved å kjøpe kvitt kjøt i butikken, er det heller ikkje så interessant å diskutere korvidt pels er verre eller betre enn andre husdyrnæringar. Igjen ramlar pelsnæringa og dens forsvararar gjennom når dei prøver å samanlikne seg med andre næringar.
I Klassekampen 11.april seier Alf Daniel Moen, fylkesrådsleiar i Ap Nord-Trøndelag, at pelsdyra generelt ikkje kjem dårlegare ut enn andre husdyrnæringar når det gjeld dyrevelferd. Kua og kyllingene har det dårlegare, og kjæredyra våre har det enda verre, uttalte han i forkant av voteringa på Aps landsmøte.
Men beklager Moen, argumentet ditt er utan verdi. Andre husdyrnæringar strir ikkje mot samfunnsetikken. Difor nyttar det heller ikkje å fortelle oss at pelsdyr visstnok har færre sår og skader enn andre typar husdyr. Det er pelsdyr som strir mot vår etikk, ikkje hald av melkekyr. (Om det også er faktisk uriktig, kan diskuterast utfrå ulike dyrevelferdsmessige definisjonar, men ein ting har Moen rett i og det er at kyllingen antagelegvis har det verre enn rev).


Så kvifor seier vi i grunn nei til pels men ja til kylling?
Kanskje er det fordi folk flest ikkje har fått nok informasjon om korleis produksjonen av kylling foregår. Men mest sannsynlig fordi dei fleste et kylling, det er lettvint og billeg, og lettvint og billeg går framfor etikk. Dei fleste av oss tek vulgære valg. Ein et ikkje lenger sau frå fjellheimen til julemiddag, men fjørlaus kalkun med leddproblem og bukhinnebetennelse frå ein oppvarma industrihall. Det plagar ingen av oss at pelsfarmane blir lagt ned, men det ville plage mange av oss om vi ikkje lenger fekk kjøpe billege slaskekyllingar på butikken.
Dei kompetanselause seier ja til kalkun på same måte som dei kompetanselause seier nei til pels. Fordi det handlar om samfunnsetikk, og samfunnetikken er selektiv. Det handlar om å ikkje ta ansvar før ein sjølv ikkje lenger blir berørt av konsekvensane. Om etikken hadde substans og ikkje kun var prega av vulgaritet og behov for å kunne ta enkle valg, hadde dei som seier nei til pels også sagt nei til kylling, kalkun og antagelegvis også gris. Men det gjer dei altså ikkje. 

Senterpartiet er i utakt med si samtid. Dei er villege til å sloss for pelsnæringa med nebb og klør, men dei kan ikkje sloss mot samfunnet dei er ein del av. Dei kan heller ikkje sloss mot utviklinga. Det etiske hjulet vil rulle vidare, utan pels. Det er ikkje eit tap, men eit teikn på eit samfunn i utvikling. Det er noko vi bør etterstrebe, ikkje kjempe mot. Dobbeltmoralen er, så lenge vi lever på pyramiden og ønsker oss enkle valg, noko vi må ta på kjøpet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb