Gå til hovedinnhold

Nøkkelholslureri?? Og er momskutta mat bra for deg?



Nøkkelholet skal gjere det lettare å treffe det sunne valg, seier den danske fødevareministeren Eva Kjer Hansen i You tube- filmen «Nyt nordisk ernæringsmærke – Nøglehullet». Påstanden blir ironisk når ein ser på enkelte av nøkkelholsmatvarene.

Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 9.april 2011.

Fjærkre er eit av desse nøkkelprodukta som skal gi oss eit betre liv. Gitte Gross, leder for Nationalt Videncenter for Fødevarer og Sundhed, seier det er vanskeleg for forbrukaren å gjennomskode om eit produkt er sunt eller ei. Nøkkelholsmerket skal gi ei tolkning av varedeklarasjonen og på hjelpe forbrukaren å velge. Eventuelt ei fordreining.

Kiwi har vore ein hard marknadsførar av nøkkelhol og seg sjølv som ein grøn aktør. På Kiwi sine nettsider for momskutt og nøkkelholsider finn vi ulike variantar av kyllingfilet, kyllingkjøtdeig, strimla kylling, kyllingfilet taco, krydderskinke kalkun, kalkun naturell, kalkunfilet krydret og så bortetter: kvitt kjøt altså. Alt som er kylling og kalkun saman med fisk, samt to typar karbonadekjøtdeig. Nøkkelholsmerkinga tek verken hensyn til etikk eller human helse når det gjeld kvitt kjøt.

Dietten til kylling, kalkun og gris består av hundre prosent kraftfôr. Til samanlikning et sau og lam nitti prosent grovfôr, altså gras. Storfe et femti prosent grovfôr og femti prosent kraftfôr.

Det er helseskadeleg for oss menneske å ete kjøt frå dyr som utelatande har ete kraftfôr. Kjøtet frå desse dyra inneheld for mykje arakidonsyre, og for lite Selen. Arakidonsyre vert i kroppen omdanna til hormonliknande stoff som forverrar betennelse, smerte, aukar faren for blodpropp og kreft, samt er negativt for immunforsvaret vårt. Dette sa erinæringsfysiolog og forskar ved UMB, Anna Haug, på Bonde- og Småbrukarlaget sitt møte «Kvinner for norsk mat» i Oslo 8.mars.

Kvitt kjøt er dermed direkte helseskadeleg. Det inneheld mindre feitt, men det aukar faren for kreft. I USA er dette kjent, og ein frårår kreftpasientar å ete kjøt produsert på kraftfôr, men denne kompetansen har ikkje slått rot i Norge enda. Iallefall ikkje i nøkkelholet.

Kanskje er det fordi vi i Norge har politiske målsetningar om å auke produksjonen av kvitt kjøt og gris. Ifølge tal frå Statens Landbruksforvaltning og Norsk Fjørfelag er produksjonen bratt aukande. Etikken er «see no evil». Mottoet er «et meir».

«Ein forelesar sa til oss under studiene at vi måtte ikkje tru vi fekk bestemme ernæringspolitikken. Dette var det politikarar og landbruksorganisasjonar som gjorde», skreiv ein engasjert ernæringsfysiolog til meg i eit handskrive brev for litt over ein månad sidan som respons på ein kronikk. Ho har kanskje meir rett ein vi liker å tru

Helsedirektoratet anbefaler maks 500 gram raudt kjøt per veke. Der er berre eit problem: det trengs meir forskning for å avklare om der er ein overbevisande samanheng mellom raudt kjøt og kreft i tjukk- og endetarm. Samanhengen er langt frå sikker. 

Spørsmål: Kvifor seier Helsedirektoratet ingenting om at kvitt kjøt frå dyr som et berre kraftfôr kan vere kreftframkallande? Kvitt eller ikkje. Kanskje fordi det ville kreve omlegging av produksjonen, eller utvikling av nye typar kraftfôr utan, eller mindre soyaolje i.

Ein blir kva ein et, og dette er i høgste grad noko å hugse på når ein fyller handlevogna si på matbutikken. Er dyra fôra med gras, altså grovfôr, finn ein fiskefeittsyrer i kjøtet. Dette vil ein finne i kjøt frå storfe, lam og sau.

Og når det gjeld etikken: er det i bunn og grunn bra for oss og vår helse å ete feite kyllingar som har stått i oppvarma hallar heile sitt korte liv med bukbetennelse og ødelagde ledd?

«Nøkkelholsmerket skal også gi standarder som ein kan arbeide etter i produktutviklinga, og nøkkelholmerket vil påverke produsentane i deira produksjonsutvikling», seier Ida Husby, sundhetschef, FDB, i youtube-snutten. Får ein opp fiberinnhaldet, kvalifiserer ein for nøkkelholsmerket og ekstra positiv marknadsføring.

Ordet «etikk» er ikkje nevnt. Kanskje fordi ordet er tømt for innhald når det kjem til kalkun- og kyllingproduksjon. Og kan det eigentleg vere stort annleis?

For medan lam og storfe fint greier seg på fjellet, er kylling og kalun framavla for eit liv på betong. Dette ville hende om vi slapp dei ut i det fri: først ville dei ete seg ihjel: (fangenskap kan dei kun få tilgang til førti prosent av fôret dei ville ha ete om dei fekk ete fritt, dette betyr at dei går konstant svoltne), rugeinstinktet er bortavla og dyra er for feite til å pare seg naturleg. Av ubefrukta egg kjem ingen kyllingar, og etter kort tid ville dyra utrydde seg sjølv.

Kiwi og nøkkelholsmerket framstår per idag som Norges mest profilerte forsvararar av dårleg dyrevelferd og manglande etikk i matproduksjon. Det er bra for oss at produkta er merka.

Les også kronikken "Frå beite til bur" om korleis Norge satsar meir og meir på dyr som lever heile livet i bur, og stadig mindre på beitedyr. Fordi forbrukaren ønsker det slik? Og kvifor er det slik at fagfolk ligg unna kvitt kjøt? Kanskje fordi dei har sett desse elendige kyllingane før dei vart slakta, samt kikka dei i bukhola ein gong for mykje. Kvitt kjøtt er splættermat. Lite anna.

Ja til beitedyr og sunt kjøt. Ja til både etikk og helse.

Anne Viken, veterinær

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn