Gå til hovedinnhold

Støtter AUFs ønske om totalforbod mot pels

AUF vil ha forbod mot pels, medan Ap er i tvil. Det går an å håpe at Ap går inn for eit forbod, eventuelt eit kutt i tilskota til pelsdyrnæringa i Norge.

AUF går i spissen for å få landsmøtet i Ap til å vedta avvikling av pelsdyrnæringa, og er viss på å vinne fram. Les saka hos Nationen.

Les min kronikk i Aftenposten mot pels sett opp mot Lov om dyrevelferd.


I kommentarfeltet ytrar ein lesar bekymring for kva det neste kan bli: forbod mot selfangst og kvalfangst? Ja, det får vi da inderlig håpe. Og så er det tid for å rydde opp i kylling- og kalkunnæringane, dagens desidert verste norske landbruksnæring. Langt verre enn pels, men pels er eit produkt vi ikkje har behov for, medan det nok vil vere verre å venne folk av med kylling.

Les min kommentar i helgas Klassekampen side tre om nøkkelholsbløffen og Kiwis arbeid for å framstå som Norges fremste forsvarar av dårleg dyrevelferd i sine kylling- og kalkunkampanjer. Momskuttkampanjen er ein kampanje som utelatande marknadsfører kjøt frå dyr som lever under dårlege forhold, og kjøt frå dyr som et hundre prosent kraftfor: kylling, kalkun og gris, og som ergo er kreftframkallande og helseskadeleg for deg som konsument. Kjøt frå dyr som kun et kraftfor, er skadeleg for helsa di. Men dette er det ingen som fortel oss om. Kvifor? Fordi det er landbrukspolitiske målsetningar om å auke produksjon av kvitt kjøt i Norge .

Nøkkelholets nettside.

Men kva hjelper det kva ein seier? I fjor kjørte Tine ein reklamekampanje der dei påstod at alle norske kyr har åtte vekers sommarferie. Dette er blank løgn: 21 prosent, eller 15 082 kyr, av kyr i lausdrift står i følge tal frå Tine, inne heile året. Likevel har Tine i sine melkereklamer på fjernsyn og papirmedier, sjølv om dei sjølv kjenner til talmaterialet og veit at det er bløff, siste året hevda at alle norske kyr har krav på åtte vekers sommarferie. Dette er uriktig. Ifølge statestikken slepp 754 norske gardar med i snitt tjue kyr aldri ut dyra. Ikkje før i 2013 blir det krav om åtte vekers utegang for kyr som lever i lausdriftsfjøs.

Dei som markedsfører maten vår har inga interesse av å fortelle oss sanninga om maten vi et. Ei heller Kiwi og nøkkelholsmerket. Dette er noko eg har blitt meir og meir klar over ettersom ein ser meir og meir i kulissene.

Vi får i mellomtida, medan samvirka lyg oss opp i trynet om velferd for kyllingar og beitetid for kyr, håpe at det blir eit nei til pels. .

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys