Gå til hovedinnhold

Debatten om ubedøva slakt angår Norge.


I Morgonbladet 23.mars svarer Runar Døving svarer på mitt leserbrev «Halal – gamal metode i ny kontekst». Døving skriv at han forventar seg at Viken og hennar stand bidrar til å opplyse om de faktiske forhold i slakt (altså at halal foregår med bedøving i Norge), og ein kan lure på om Døving las mitt lesarbrev særleg godt då eg der nettopp nøye poengterte korleis hala foregår i Norge: med bedøving, akkurat som anna slakt. I tillegg tek eg opp problematikken knytt til ubedøva slakt med fokus på EU.

Døving er også kritisk til at eg gjer halal utan bedøving relevant for Norge, og meiner at norsk offentligheit er feil adresse for debatt om ubedøva slakt. Dette er ein i beste fall rar slutning då Norge er del av eit internasjonalt marked, også for mat. Kjøt som er slakta utan bedøving i EU vert importert både til Norge og Sverige, land som ikkje tillet slakt utan bedøving. Debatten om ubedøva slakt angår den norske forbrukar.

Også EU ønsker at dyr skal bedøvast før avliving. European convention for the protection of animals for slaughter gir kun unntaktsmessig løyve til såkalt rituell slakting, noko som inkluderer kosher (schechita) og halal. I mange EU-land har unntaket blitt regel fordi det er billigare og enklare å droppe bedøving før avliving, og i følge EU-kommisjonen foregår rituelt slakt i mykje større grad enn kva som er etterspørselen som ligg rundt åtte prosent. Det viser seg at i Frankrike blir 65 prosent av alle kyr og kalvar slakta utan bedøving, og i Belgia 92 prosent av alle sauer (Diarel).

Veterinær Johan Beck-Friis, informasjonssjef i Sveriges veterinärförbund, stiller 12.februar på STV spørsmål ved kvifor ein skal halssnitte dyr levande når ein har tilgang til metodar for bedøving. Omfanget av rituelt slakt i EU er antageleg, ifølge EU-kommisjonen, større enn vi kjenner til.

Det er utsteda ei rekke fatwa som seier at bedøving før avliving er greit så lenge straumen som vert nytta ikkje er sterkare enn at dyret i etterkant av bedøvinga vil kunne vakne til live igjen. I Storbritannia, blant anna, vert all økologisk halal utført med bedøving ettersom dyrevelferd er ein viktig del av økologisk landbruk.

Kjøt som er slakta uten bedøving er ikkje merka i EU. Forbrukarar som er opptekne av dyrevelferd, har dermed ikkje muligheten til å velge bort dette kjøtet vekk. Det er også vanskeleg å begrense import av kjøt frå ubedøva slakt då ein ikkje veit kva slakt som er slakta med eller utan bedøving.

Døving er også kritisk til at eg har posta videoar av halal på min blogg. Å vise fram korleis slakt foregår, er god og enkel informasjon. Å advare blogglesarane mot sterke scener, er greit då dette er sterke scener. Videoane viser slettes ikkje når ting går gale, slik Døving insinuerer, men vanlege rutiner for ubedøva slakt.

Eg meiner forbrukarane må få tilgang til kunnskap, vere det seg om korleis ting blir gjort i Norge eller korleis ting blir gjort i EU, halal eller ikkje halal. Norge eksisterer i eit internasjonalt marked og dette må vi forholde oss til.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...