Gå til hovedinnhold

Ja til eliteskuler og -klasser

Erik Solheim skulka skulen, den slasken. Eg forstår han godt. Så lågt nivå som ein måtte forhalde seg til både når det gjaldt lærarar og undervisning gjennom barne-, ungdoms og vidaregåande skule, var det ikkje særleg hensikt å møte opp i timane.

Du møtte opp for å høyre på ein eller anna lærar som stod og lirte av seg eit eller anna du kunne frå før. Det var ikkje særleg givande. Pensum var enkelt, undervisninga kjedeleg og det gjekk sakte framover. Alle skal med.

På ungdomsskulen hadde vi ein lærar i tysk som ikkje hadde kontroll på klassen. Tida vart nytta til å lytte til ein gut i klassen som ikkje makta sitte stille. Ho snakte med han heile timen. Vi sat der som nek og lytta. Vekkasta tid. Alle skal med.

Kva med flinke elevar? Ingen tenker på oss. Eg fekk lite utfordringar på skulen, ein såkalla flink elev. Eg kjeda meg frykteleg på skulen. Først når ein kom seg ut av vidaregåande og over på høgare utdanning fekk ein noko å bryne seg på, ein møtte andre flinke elevar. Om ein hadde fått gått i klasse med desse før, hadde nok skulen vore langt meir interessant. Som ei venninne av meg sa, også flink elev, at då ho var ferdig med vidaregåande i Norge, var ho ikkje kvalifisert for noko eliteuniversitet. Ho fekk seks på eksamenar fordi det var det beste ein kunne få. Ein trengte ikkje anstrenge seg meir enn det, og for å få seks på eksamen krevdes det jo ikkje direkte den heilt vanvittige innsatsen. For å greie seg i dei ulike faga var det nok at ein møtte på prøvene og svarte på spørsmåla som vart stilt. Stil kunne ein berre kline ned og levere inn. Det var kjedeleg. Alle skal med.

Eg slår eit slag for eliteskular, eliteklassar. Gi eit skikkelig utdanningstilbod til flinke elevar, lat dei få bryne seg litt, ikkje lat dei sitte og lytte til ein middelmådig lærar og løyse oppgåver dei kunne ha løyst året før. Mange flinke elevar dett av lasset fordi skulen rett og slett vert så kjedeleg at dei taper motivasjonen. Men det er ikkje dei flinke elevane skulen er lagt opp etter. Den er lagt opp etter gjennomsnittseleven. Og så har ein støtteundervisning til dei svakaste.

Om alle skal med, må ein opprette eliteklassar og eliteskular. Bruk gjerne eit anna begrep. Kall det a-skular eller a-klassar. Lat flinke folk vere flinke, ikkje tving alle inn i den same middelmådige kverna som norsk skule har utvikla seg til å bli. Får eg unger, skal dei på privatskule om det er mogeleg. Den offentlege for - alle- skulen sitt låge nivå bør flinke elevar sparast for. Folk er forskjellige. Skular for flinke elevar skapar ikkje klasseskiller, men det kan skape betre trivsel, læremiljø og flinkare kandidatar. Det skaper vinnarar, ikkje folk som må kjede seg gjennom ni års skulegang og ikkje får det utbyttet som hadde vore mogeleg å fått om norsk skulevesen også var tilpassa flinke elevar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb