Gå til hovedinnhold

Barnebok med segner og gamle soger frå Sunnfjord, inspirert av Bakom synger skogene og Gøsta Berlings saga

Til hausten kjem som før blogga om, mi første barnebok. Historia er bygd opp rundt Elise som er med onkel Kalle på arbeid i sommarferien. Onkel Kalle er veterinær i ei gamal bygd full av gamle segner. Ein gamal hestekult har halde til her. Dei ofra hestar. Dette er slettes ikkje uvanleg. På fleire stader i Norden har dei frå førkristen tid funne beinrestar av hundrevis av hestar som har blitt ofra. Ein stad i Skåne fann dei over eit tonn med hesteknoklar, og i Osebergskipet i Norge blei det funne skjeletta etter fleire hestar. Hestane skulle frakte dei daude trygt fram til dødsriket.


Boka kan bestillast her. Den kjem på Samlaget i slutten av august og kostar 199 kroner. Det er alt ein del som har bestilt den, så det blir ekstremt spennande å høyre kva folk synest. Las siste korrekturen idag.

Vi kjenner til gamle hestekultar som brukte hingstar i hingstekampar og vinnaren vart ofra. Ein har funne nedgravne hestehovud under hjørnestolpar i gamle langhus. Alt dette kan du lære meir om på utstillinga Horsepower på Kulturhistorisk Museum i Oslo. Eg har nytta ein del slikt materiale i mi barnebok. Det er meir eller mindre sett inn i korrekt historisk kontekst, men eg har teke meg ein del fridom i bruken av stoffet.

På museet Jamtli i Østersund såg eg utstillingar som viste korleis ein køyrde med hest og slede frå nord-Sverige, via pilgrimsvegen, til Nidaros vinterstid for å handle med pelsar. På lange rekker køyrde dei gjennom skogen til det som idag er Trondheim. Dette momentet er med i boka. Langs vegen låg avlatskyrkjene. Besøkte du desse kjøpte du deg fri frå mange dagar i Skjærselden.

Eg er veldig begeistra for vill natur, dramatiske hendingar og segner. Dette har eg forsøkt å dra inn i boka.

Om ein vil lese meir om vill natur, rovdyr og store hestar, kan ein lese Gøsta Berlings saga av Selma Lagerløf. Her beskriv Lagerløf korleis ein kappkøyrde til kyrkje og jaga gjennom skogen i flukt frå bjørn og ulv i hestesledar. Lagerløf opplevde dette sjølv. Ho beskriv det gneistrande levande, nett som Mikkjel Fønhus og Jack London. Eg har henta mykje inspirasjon frå Lagerløf sine fantastiske naturskildringar, samt mykje inspirert frå Trygve Gulbranssens triologi om folket på Bjørndal: Bakom synger skogene, Det blåser fra Dauingfjell og Ingen vei går utenom. Triologien er lagt til ei austlandsbygd seint på 1700-talet, medan mi bok er lagt til grensetraktene mot Sverige i Trøndelag i år 2010.


Så begeistra er eg for Gulbranssen, at eg har kalt hovudgarden i boka mi for Bjørndal. Alle dei andre stadnamna i boka, utanom namnet på sjølve bygda, er henta frå Gøsta Berlings saga og Selma Lagerløfs halvt verkelege, halvt trolske univers. 

Den vonde sjølv køyrer slede til kykje midtsommars så det gneistrar om meigane. Pisken svingar over hestane så blodspruten står og skinnfillene flagar. På seg har han ulvepels. Det dundrar og smell, og om natta høyrer Elise at nokon spring på pilgrimsvegen. Ho veit ikkje alltid kva ho skal tru på av det ho ser og høyrer, men Elise er omgitt av realistar. Veterinærane Kalle som berre trur det han sjølv ser, og den pensjonerte Gamle-Mathias som ikkje trur på historier om heilage hestar.

Pilgrimsvegen frå nord-Sverige til Nidaros finst den dag i dag. Eg har budd i den hytta Elise bur i i boka. Den ligg ti meter frå vegen, eit steinkast frå ein middelaldersk avrettarplass der hekser vart brende og armar hogge av, og eit steinkast frå Tordenkyrkja, ei kyrkje bygd på 1200-talet. Ifølge soga var den bygd av frenden til Olav den Heilage som ein også trur ligg gravlagd under golvet i sakrestiet. Denne kyrkja er fantastisk flott, men i virkeligheten heiter den Hackås k:a, ikkje Tordenkyrkja.

Boka er også spekka med veterinærpraksis, og rundt praksisen, over bygda, ligg myter, segner og overtru frå gamle tider. Mange av segnene i boka er henta frå Sunnfjord, og eg har fått dei fortalt frå eg var lita. Nokre er henta frå Villdyrsoger om ulv og bjørn på folkebiblioteket på Viksdalen. Eg trur også at ein lesar kan lære ganske mykje om hestar, kyr og andre dyr av å lese boka. Difor trur eg den også kan passe for nyfikne vaksne lesarar, sjølv om sjangeren heilt klart er barnebok.

No skal eg forsøker eg lese meg opp på overtru knytt til medisinsk praksis, veterinæranes magiske bok og ei rekke nye moment bygd rundt ein stor, moderne veterinærpraksis. Dessutan driv eg no og set meg inn i veterinærmedisinens historie, frå oldtida til militærdyrlegar og dragonar på 1700 og 1800-talet, til klosterklinikkar for hestar i mellomalderens Spania, og andre interessante saker som for meg til no har vore ukjent. For eksempel at Mosebøkene er ein viktig inspirasjon for veterinærmedisin, og at Aristoteles er rekna som veterinærmedisinens far. På slutten av 1700-talet utdanna ein berre fire dyrlegar i Norge per år. Dei fekk stipend frå militæret eller amtet sitt (fylket) og studerte i København. Kravet for å kome inn på veterinærhøgskulen var at dei var son av ein bonde eller smed, samt at dei kunne lese og skrive. Når dei kom tilbake til Norge, måtte dei arbeide plikttid for å betale tilbake stipendet dei hadde fått til utdanninga si. Veterinæranes magiske bok vart forøvrig skriven i år 60 e. Kr. av Romerrikets fremste ekspert på husdyrhald. Men no, høsten 2012: Elise og mysteriet med dei døde hestane.


Fylkesmagasinet Sogn og Fjordanes siste utgave.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb